Besøk i ein småby som NATO er i krig med

Reisebrev frå Nord- og Aust Syria

Av Erling Folkvord 24.11.2023

Eg er tilbake på hotellrommet mitt i Qamishlo, eit triveleg 8-dollars krypinn som har det mest eg har bruk for. Og ein utmerka kafe vegg i vegg med te og nystekt brød.  Til og med på fredagen serverte dei nystekte brød før klokka ni.

Eg har ønskt meg å kome til den vesle byen Z’rgan som ligg inntil det området Tyrkia okkuperer. Har vori der to gonger før. Frontlinja er ikkje ein rett strek. Der avstanden er kortast, er det berre 600 meter frå husa i byen og bortover til det okkuperte området.

Onsdag fekk vi avslag på ønsket om å reise dit, fordi det var kamphandlingar. Men i dag var det annleis.  Vi fekk detaljert beskriving av onsdagen. 15 tyrkiske køyrety med soldatar hadde vori på veg mot frontlinja, og skulle nok rykke inn i byen.  Forsvarsstyrken på kurdisk side var så godt budd at dei stansa det tyrkiske åtaket før dei kryssa frontlinja.

5 soldatar døydde. 3 frå den regulære tyrkiske hæren. 2 var leigesoldatar. 1 leigesoldat vart skada. Ein YPG-offiser (Folkets forsvarsstyrkar) fekk ein hovudskade. 

Dei som fortalde om dette sa dei var budd på ein hemnaksjon frå Tyrkia og at den kunne godt bli retta mot sivile. Da tyrkiske køyrety vart observert nær frontlinja, vart rundturen vår utsett. Etter ein dryg halvtime kunne vi starte. Ein kjentmann vart med i bilen.

Med rundt 10 stopp og turar rundt i landskapet ga han oss ei samanfatning av det krigen i Z’rgan har handla om denne hausten:

Tyrkia bomba eit bakeri som 200 familiar var avhengig av.  Etter forsøk på reparasjon bomba dei på nytt.

Foto: Hawar News Agency

Samtidig øydela Tyrkia ein vasspumpestasjon. Dermed vart 200 familiar utan vatn.

Ei mølle som «produserte» frø eller små korn til matlaging, vart og knust. Skal dei reparere eller erstatte mølla, trengst det innkjøp tvers gjennom dei FN-vedtatte sanksjonane. Og så er det risiko for at Tyrkia bombar på nytt.

Vi var innom tre skolar som var bomba. Det som når står der, er ubrukbart som skole. Same framgangsmåte på alle tre. Da eg spurde ein 12-åring om han går på skolen, svara han nei. – Skolen min er bomba, sa han.

Eit kommunalt kontorbygg var også bomba. Ein vasstank som kommunen brukte for å køyre ut drikkevatn til folk, var sprengt i filler.

Mange generatorar var bomba i filler. Det er til dels snakk om nokså presis bombing. Guiden vår fortalte at Tyrkia bruker droner til å detaljfotografere områda som skal bombast.

Ein klinikk for bydelen hadde fått same medfart. Alt var knust.

Alt i alt er dette ein krig for å gjere det umuleg å leve i Z’rgan. Tyrkia øydelegg den type samfunnsfunksjonar du treng for å overleve og for at lokalsamfunnet skal funke. Og for at ungane dine skal få skulegang og helsehjelp når det treng det.

Men ein del folk blir verande. Ei kvinne svara kort da vi spurde om korfor ikkje ho og familien flykta: Kor skal vi flykte?  Det same spørsmålet som hundretusentals på Gaza har stilt.

Presidentane i Israel og Tyrkia har i stor grad same krigsmål: Fordrive befolkninga for å rydde nytt land for sin egen stat. Men Israel gjer det raskare og med tusentals døde veke for veke.

Tyrkia og leigesoldatane drep og lemlestar mange. Slik som to kvinner i Z’rgan som fekk skotne vekk beina medan dei plukka bomull. Men her er nok drap og lemlesting av sivile, først og fremst ein metode for å fordrive dei som bur og lever her.

Det handlar ikkje om at nokre sivile blir drepne fordi dei er nær eit militært mål. Da er det lovleg etter det som heiter krigens folkerett. Men her i Z’rgan er alt berre retta mot sivile.

Da er det krigsbrotsverk.