Innlegg i Dagsavisen 28. juli
Takk til Rune Aale-Hansen som i Dagsavisen onsdag viser korfor «vi trenger Røde Kors og Røde Halvmåne mer enn på lenge.» Begge organisasjonane har nasjonale avdelingar. Eg har derfor eit spørsmål til rette vedkomande i Røde Kors: Kor lang tid skal det gå før Røde Kors får i gang samarbeid med Kurdiske Røde Halvmåne (Hevya Sor) i den sjølvstyrte delen av Syria? Det kurdiske namnet på landsdelen er Rojava. NATO-landa har sia 2012 handheva ein humanitær blokade av Rojava. Humanitær hjelp kjem ikkje fram. NATO gjer på dette punktet akkurat det som president Erdogan i Tyrkia ber om.
Men Røde Kors er ikkje NATO. Sia 2012 har eg vori i denne delen av Syria tre gonger og har sett hjelpehovet. Det er heilt naturleg at Røde Kors i Norge har eit nært forhold til den norske regjeringa, uavhengig av regjeringa sin partifarge.
Men er det derfor naturleg og nødvendig at Røde Kors oppfyller den tyrkiske presidenten sitt ønskje om humanitær boikott av kurdiske Røde Halvmåne i den sjølvstyrte delen av Syria.?
Erling Folkvord, medlem av arbeidsutvalet i Solidaritet med Kurdistan