Engelen frå Kobane

Engelen frå Kobane

Eit sterkt teaterstykke frå Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater blir nå satt opp på Det norske teater i Oslo.

Framsyninger er 

2014 dukka det opp bilete av ei ung, militært kledd kurdisk jente i sosiale media. Ho heitte Rehana og var jusstudent. Biletteksten fortalde at jenta skulle ha drepe over 100 IS-soldatar, i dei harde kampane den kurdiske motstandsbevegelsen (YPG) utkjempa for fridom i grensebyen Kobane. Biletet av Rehana vart delt fleire tusen gonger, og ho fekk tilnamnet «Angel of Kobane».

Historia om Rehana er ei fiksjonsforteljing, basert på ei myte. Men alt som skjer i historia, har skjedd, og skjer framleis – i verda, i dag. Gjennom dei umenneskelege vala og utfordringane Rehana blir stilt overfor, får vi eit tankevekkjande innblikk i kor sårbart det er å vere ei ung kvinne i den pågåande konflikten i Syria. Ein krig som har skapt vår tids største humanitære tragedie, og der halve befolkninga er driven på flukt.

Engelen frå Kobane er skriven av den britiske dramatikaren Henry Naylor, og er siste del av hans trilogi om konfliktane i Midt-Austen. Stykke har vunne fleire prisar og motteke strålande kritikkar, som eit svært engasjerande og hyperaktuelt drama.

Samproduksjon mellom Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater.