Appell av Erling Folkvord ved demonstrasjon utafor Utenriksdepartementet.

12. mai blei det holdt en demonstrasjon utafor Utenriksdepartementet.

Erling Folkvord holdt appell:

Kjære kurdiske venner. Kjære venner av det kurdiske folket.

Vi står fram for Utanriksdepartementet i ein stat som er med i Tryggingsrådet i FN. Defor har utanriksminister Ine Eriksen Søreide plikt til å gripe inn når ein stat bryt folkeretten.

Den plikta blir enda sterkare når det handlar om ein alliert NATO-stat.

Tyrkia fortsett no enda ein invasjon i Irak.  Samtidig brenner Tyrkias jihadist-leigesoldatar ned åkrar og øydelegg vassleidningar i jordbruks-området mellom Kobanê og Eufrat i Nord-Syria.

Tyrkia fører krig for å flytte statsgrenser.  For å skape Stor-Tyrkia. Karta i Den nasjonale pakta frå 1920 er målet. Ei stormakt der Erdogan blir ein ny Sultan. Ikkje ein osmansk sultan av gammalt merke. Han vil bli verdas første islamistiske Sultan.

Utanriksminister Eriksen Søreide: Viss du ikkje krev at Tryggingsrådet i FN skal behandle Tyrkias folkerettsstridige krig i Irak og Syria, er du og Norge medansvarleg.

USAs har utlyst millionbelønning for opplysningar som kan føre til pågriping av tre av leiarane i PKK. Eg har møtt to av dei.  President Biden vil vere verdspoliti i Sør-Kurdistan og «ta ut» leiarane i den tverrkulturelle frigjeringsrørsla som gir håp for alle folka i Midtausten.

Utanriksminister Eriksen Søreide: Viss du ikkje tar avstand frå den amerikanske presidentens  menneskejakt, er du og Norge medansvarleg! 

Alle veit at folkeleiaren Abdullah Öcalan er den personen som kan åpne ein forsoningsprosess mellom den kurdiske befolkninga og den tyrkiske staten. Akkurat slik han prøvde i forhandlingane som president Erdogan stoppa i februar 2015. Öcalan er Tyrkias Nelson Mandela.

Utenriksminister Eriksen Søreide: Viss du ikkje støttar kravet om å sette fri Abdullah Öcalan, sviktar du alle som kjempar for demokrati og menneskerettar i Tyrkia.

Kjære venner, vi skal vere stolte over at denne markeringa er ein del av ei bevegelse som fra i dag,  og over heile Europa, aksjonerer mot tyrkisk krig og statsterror.

Kampen skal fortsette!

Erling Folkvord, landsstyremedlem i Solidaritet med Kurdistan  (SolKurd).