Erling Folkvords reisebrev 1 frå Den kurdiske regionen i Irak

Eg er med i ein sjølvutnemnd delegasjon av Kurdistan-vener og kurdarar frå 14 land i Europa. Vi er no i Hewler (Erbil på arabisk)  som er hovudstaden i Bashur (Sør-Kurdistan eller Den kurdiske regionen i Irak.)  

Føremålet med turen vår er todelt:

1) Bryte medietausheta i Europa om den tyrkiske okkupasjonen av meir og meir av nordlege Irak.

3) Vise solidaritet med alle som er truga av den tyrkiske krigen. Det omfattar óg alle partia her i Bashur. Vi kritiserer ingen av dei.

Utanriksjournalist Peter M. Johansen frå Klassekampen  kom til Hewler på fredag, mellom anna for å skrive om delegasjonen sitt arbeid.

Vi er foreløpig rundt 60 personar, frå Slovenia og Italia i sør og til Norge og Finnland i nord. Vi skulle ha vori fleire. Fram til laurdag  vart 14 stoppa og tvangsutsend frå flyplassen her i Hewler. 27 andre vart stoppa av Bundespolizei i Düsseldorf. Dei fekk ikkje reise ut av Tyskland! Kven som bestemte dette er ukjend. Men det er godt kjend at tyrkisk etteretningsteneste (MIT) i mange år har hatt tett samarbeid med tyske Bundesnachrichtsdienst,

24 – eller litt fleire  – satt  fredag kveld på flyplassen her i Hewler. Ein nederlandsk journalist vart send ut  natt til laurdag. «Du bør henge opp eit bilete av Erdogan ved sida av biletet av Barzani på veggen her», sa ho til ein av politifolka før dei tvang henne om bord i flyet.

Tre kurdarar vart pågripi da dei var på veg til flyplassen for å ta i mot fleire delegasjonsmedlemmar. Det er ukjend kor dei er no. Det vanlege politiet nektar å ha noko å gjere med pågripinga. Det er derfor sannsynleg at det er tryggingstenesta som har aksjonert. Dei er effektive og kan vere brutale.

Eg har vori i Bashur mange gonger og har hatt venlege samtalar med representantar for alle dei store partia her, og med nokre av dei små.  Men no opplever eg Bashur meir og meir likt det Erdogan-styrte Tyrkia.

Som ein oppstart hadde delegasjonen onsdag møteavtalar med leiarane av fem partifraksjonar i Det regionale parlamentet.  Vi fekk beskjed at alle møta var avlyst berre  minuttar før vi skulle reise til parlamentet. Politikarar frå to av partia som er med i koalisjonsregjeringa, ville i staden møte oss på hotellet på ettermiddagen. Men dette vart óg avlyst. Han som hadde telefonkontakt med dei, fekk inntrykk av at dei var under hardt press og ikkje våga å møte oss.  

Men dagen etter viste  parlamentarisk nestleiar i PUK (Patriotisk Union Kurdistan) at han ikkje let seg presse. Han møtte opp på hotellet .  

Samtidig sende innanriksministeren ut ei pressemelding med ei solid bannlysing av oss.

Søndag vart det likevel møte  med parlamentsgruppene i PUK og Gorran (Forandring). Dei var blide og hyggelege og sa mellom anna  at PKK (Kurdistans Arbeidarparti) ikkje er ein terrororgansisjon, men ein legitim revolusjonær organisasjon. Og etter dette møtet kom det beskjed om at sjølvaste utanriksministeren ville møte oss. Han er frå  KDP (Kurdistans demokratiske parti).  Mesud Barzani er partileiar og sonen hans er statsminister. Nevøen Nechirvan Barzani er president. Utanriksministeren var her i to timar  søndag kveld.

Så no har  toppfolk i dei tre største partia fått oppfordring om å hjelpe oss slik at vi kan reise til nokre av dei  landsbyane som står folketome etter åtak frå dei tyrkiske okkupasjonsstyrkane. Ingen av dei sa nei. Vi får sjå kva dei gjer.

Erling Folkvord

Det er fleire overraskingar her. Da vi skulle besøke ein tenketank i ettermiddag, viste det seg at nokon hadde rigga opp til pressekonferanse. Eg talde 12 mikrofonar frå like mange redaksjonar.

Alle desse møta er berre førearbeid for at vi skal få lov å reise til områda som Tyrkia har øydelagt. Eg trur ikkje vi får lov til det, men har eit lite håp om at eg tar feil.

Visepresidenten i det franske senatet, Pierre Laurent,  er ein av dei franske i delegasjonen.

Helsing frå

Erling