Tyrkisk krig i skuggen av Ukraina

Kronikk i Dag og Tid. 22.04.2022 av Erling Folkvord

Ein månad etter den russiske innmarsjen i Ukraina vart Tyrkias president Recep Tayyip Erdoğan verdskjend som fredsmeklar. Han samla dei stridande partane i det sagnomsuste Dolmabahche-palasset, hovudkvarteret til dei siste osmanske sultanane.

Natt til måndag var Erdoğan igjen seg sjølv. Han sende NATOs nest største hær inn i nabolandet Irak. Turkish Daily News skriv at Tyrkia lenge har gjennomført grensekryssande operasjoner: Operasjon Ørne-klo, Operasjon Tiger-klo, osv. Tyrkiske generalar har sansen for konstruerte ord. Avisa slær fast at «den noverande Operasjon klo-lås [!] er den største i denne serien.» Avisa rapporterte frå ein pressekonferanse der forsvarsminister Hulusi Akar sa i frå at operasjonen skal vare «til den siste terroristen er nøytralisert.» Desse orda har frå 1997 vori målet for alle tyrkiske invasjonar i Irak.

No brukar Tyrkia nesten alt dei har: Kommandosoldatar og andre bakkestyrkar, dronar, jagarfly, helikopter, rakettar og tungt artilleri. Alt, unntatt marinen, er på krigsfot.

Etter åtaket på Ukraina, gjentar europeiske politikarar at invasjon i ein annan stat er brot på folkeretten. Daily Sabah skriv i forsvarsminister Akar understreka at Tyrkia «tar omsyn til Iraks territoriale integritet». Operasjonen «er berre retta mot terrorister.»

President Barhem Salih i Irak ser det ikkje slik. I ei fråsegn skriv han at Irak lenge, og heilt til fånyttes har prøvd å få Tyrkia til å stanse slike operasjonar i Irak: «Vi avviser og godtar ikkie fortsettinga av åtaka frå den tyrkiske staten. Vi forventar respekt for dei suverene rettane våre.»

Kva slags krig er det?

Eit  satelittfoto over krigsområdet vil vise at dette er krig for å utvide dei områda i Irak som Tyrkia lenge har okkupert. For Erdoğan må dette til for å utradere geriljaen til PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet). Geriljaen har hatt tilhald i desse fjellbygdene heilt sia leiinga i PKK tidleg på 1990-talet gjorde ein avtale med klan- og partileiar Mesud Barzani. Han var i 12 år president i Den kurdiske regionen, og er framleis leiar i KDP (Kurdistans demokratiske parti) som dominerer den regionale regjeringa.

Heilt sia 1990-talet har Tyrkia øydelagt landsbyar og brent ned skog, frukttre og bikubar i Den kurdiske regionen. Ingen veit kor mange småbrukarfamilier som har vorti flyktningar i sitt eige land. Eg har møtt mange av dei. Seinast i fjor sommar var eg i landsbyar som var heilt eller delvis tømt for folk.

I samråd med vennar og allierte

På pressekonferansen la forsvarsministeren vekt på at Tyrkia gjennomfører Operasjon klo-lås i samråd med Tyrkias «vennar og allierte». Men han sa ikkje rett ut at NATO hadde gitt klarsignal. I tillegg hadde president Erdoğan kurdisk besøk to dagar før han starta invasjonen. Statsminister Masrour Barzani i den regionale regjeringa sa etter møtet at han ser fram til å «utvide samarbeidet [med Tyrkia] for å fremje tryggleik og stabilitet» i regionen. Klan- og partileiar Mesud Barzani er far til statsministeren.

Det er snart 100 år sia Lausanne-konferansen. Sigerherrane frå den første verdskrigen avslutta da oppdelinga av Midt-Austen. General Mustafa Kemal Atatyrk, som grunnla den nye staten Tyrkia, måtte bite i graset og godta at England og Frankrike skulle kontrollere dei fruktbare og olje- og gassrike områda i Nord-Syria og Nord-Irak. Han måtte ta farvel med Stor-Tyrkia som han tre år tidlegare hadde skrivi inn i Den nasjonale pakta, på tyrkisk: Misak-ı Millî. Pakta, som sigerherrane avviste, seier at Nord-Syria og Nord-Irak er ein del av Tyrkia.

Revansje for Atatyrks nederlag?

Det statseigde nyhendebyrået Anadolu slo for eit par år sia fast at Den nasjonale pakta gir Tyrkia «rett til å styre eit territorium frå Syrias Aleppo til Iraks Kirkuk som tyrkisk jord». For fem år sia sa Erdoğan at han vil «fortsette å arbeide dag og natt» for målet som er å gjere Tyrkia større. I en tale i fjor haust lova han at 100-årsdagen for Lausanne skal bli «den største milepælen på vegen mot å bygge eit stort og sterkt Tyrkia».

100-årsdagen for Lausanne-traktaten er 23. juli 2023. Tida kan bli knapp for fredsmeklaren i Dolmabahche-palasset.