Erling Folkvords appell på demonstrasjon 7. august 2015, mot massakren i Suruc og Tyrkias bombing i Kurdistan.
Daesh – eller Islamsk Stat som vi seier på norsk – har utvikla ei ny form for fascisme – 70 år etter at verdas folk måtte føre ein verdsomfattande krig for å stanse Adolf Hitlers fascisme. Der Adolf Hitler sa Kinder, Küche, Kirche og jaga kvinnene tilbake til kjøkkenbenken, krev Daesh at deira kvinner skal drive Jihad Al-nikah. Eller på litt upresis norsk: Seksuell jihad, dvs. å vere seksuell forbruksvare for Daesh-soldatar. For to år sia kunngjorde innanriksministeren i Tunisia at mellom 60 og 80 unge kvinner hadde komi heim gravide etter «seksuell Jihad» for Daesh. På dette punktet er Daesh verre enn Hitler.
Statsleiarane i Europa seier dei vil stanse Daesh. Men kurdiske soldatar og deira allierte er dei einaste som har klart å gjere det. I Sør-Kurdistan har Den regionale regjeringa sine Peshmergas og PKK sine geriljasoldatar slåst skulder ved skulder. I Rojava – Vest-Kurdistan – har Folkets forsvarsstyrker og Kvinnenes forsvarsstyrker, med god hjelp frå andre, nedkjempa IS i Kobanê og befridd grensebyen Tal abiad. Assyrar, jezidiar og arabiske soldatar i Burkan al-Firat frå Den frie syriske hæren, kjempar saman med dei kurdiske styrkane. Samarbeidsfronten blir breiare dag for dag.
For å seie det enkelt: Tverrpolitisk kurdisk bakkekrig i Sør-Kurdistan og i Syria stansar Daesh. Mange frå andre organisasjonar og folkegrupper deltar i krigen. Vi som lever i Europa bør takke alle desse soldatane for at dei og beskyttar Europa mot Daesh og den nye typen fascistisk terror.
Tyrkia har i fleire år støtta islamistiske grupper i Syria. Både Jabath al Nusra og Daesh. Tyrkia har hjelpa dei til å gjennomfører terroraksjonar i det sjølvstyrte Rojava.
Etter at terroraksjonen i Suruc 20. juli drap 33 ungdomar, har Nato-landet Tyrkia brukt denne terroren som påskott for å utvide og intensivere krigen mot kurdarane. Soldatar, fly og våpen frå Natos nest største hær fører no krig mot kurdarar i tre land.
Europeiske statsleiarar fordømmer ikkje denne Tyrkiske krigen. Statsminister Erna Solberg er taus. Og det aktive solidaritetsarbeidet for kurdarane er alt for svakt i Norge.
Solidaritet med Kurdistan vil takke dei 20 kurdiske organisasjonane for den felles appellen om at «at Norge bruker sin politiske innflytelse og sine diplomatiske midler til å presse Tyrkia til å avslutte den militære offensiven mot kurdere.»
Solidaritet med Kurdistan forventar at regjeringa gir eit raskt og tydeleg svar. Dei 20 rettar og appellen sin til alle «Demokratiske, humanistiske og fredselskende» menneske i Norge. Vi må svare ja på den appellen.
Bli med i solidaritsarbeidet! Det er nødvendig. Og det hastar.