Leserinnlegg på trykk i Dag og Tid 22. januar
«Erdogan kjenner seg heilt trygg på at han har full støtte frå EU og NATO. Ja, han fører ein fæl kamp mot kurdarane, ein mykje styggare kamp enn det som vert rapportert i vestlege medium, men for USA er Tyrkia viktigare enn nesten alt anna i regionen.» Professor Umut Özkirimli ved Bilgi-universitetet i Istanbul snakkar tydeleg og utan store ord. (Dag og Tid 15. januar.)
Da president Erdogan nyleg kom heim frå besøk hos gode allierte i Saudi Arabia, gjentok han at han vil endre grunnlova slik at presidenten får ei sterk utøvande makt. Til frammøte journalistar sa han at historia gir fleire eksempel på dette: – Det er berre å sjå på Hitlers Tyskland.
Tyrkiske styrkar fører no ein ny type krig mot sivilbefolkninga i 12 område i den austlege delen av landet. 59 gonger har dei innført portforbod i ulike byar. Portforbodet gjeld 24 timar i døgnet. Ein unge i Cizre døydde fordi foreldra ikkje fekk kome ut av huset og ta han med til sjukehuset. Snikskyttarar på hustaka har skoti personar som har vori ute på gata. Tanks, andre pansra køyrety, tungt artilleri og væpna menn frå dei ulike statlege tenestene driv ein allsidig terror.
Befolkninga i Sirnak fekk i oktober 2015 sjå kva Erdogans væpna menn gjer når dei finn det nødvendig. Dei drap Haci Lokman Birlik og festa han til eit pansra køyrety. Så drog dei liket rundt i byen for at flest muleg skulle få sjå. Talet på drepne sivile det siste halvåret passerte nyleg 170. Eg kjenner ikkje til andre presidentar som har drivi så langvarig og intens terror mot sivile i sitt eige land.
Desperate ungdomar har i fleire byar slegi tilbake, med dei våpna dei kan få tak i. Stort sett har det variert frå steinkasting til ein og annan kalashnikov. Dei har drepi nokre få soldatar og politifolk.
Den norske regjeringa og Erdogan sine andre allierte i NATO veit meir enn meg om alt dette. Og professor Umut Özkirimli har nok rett når han seier at «for USA er Tyrkia viktigare enn nesten alt anna i regionen.» Dette kan vere forklaringa på at statsminister Solberg ikkje ein gong har reist krav i FN om reaksjonar mot dei gjentatte tyrkiske flyåtaka i Irak. Statsminister Solberg protesterte heller ikkje da tyrkiske fly 16. januar kryssa statsgrensa og bomba den assyriske landsbyen Øvre Sharanish. Nær 25 assyriske familiar flykta i panikk.
President Erdogan held fram med terror, drap og brot på internasjonal lov. Den norske regjeringa er medansvarleg så lenge dei ikkje grip inn med dei verkemidla dei har både gjennom NATO og FN.
Erling Folkvord, medlem i Arbeidsutvalet i Solidaritet med Kurdistan