Får inga hjelp der dei er

Skjermbilde 2016-04-09 kl. 00.53.48

På trykk i Dag og Tid, 08.04.16

Erling Folkvord rapporterer frå reisa han er på i dei kurdiske områda i Irak og Syria.

– Om vi berre hadde fått hjelp her i Rojava, så hadde mange flyktningar ikkje reist frå Syria til Tyrkia og vidare til Europa.

Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg fekk denne meldinga i dei fem byane eg besøkte lengst nord i Syria. Problemstillingane frå flyktningordskiftet i TV-ruta heime blir rare når eg er her. Alt kjem så tett innpå. Men eg har det annleis enn dei eg møter. Reiseruta mi frå Syria til Noreg er trygg.

Dei fleste er kurdarar her i det fleirkulturelle området nær grensa mot Tyrkia. Rojava er det kurdiske namnet på landsdelen der folket i 2012 på fredeleg vis tok makta frå Assad-regimet. Dei militære åtaka etterpå har komi utanfrå. No har eg snakka med mange: politikarar, offentleg tilsette, frivillige som arbeider utan løn med opprydding i krigsruinane. Eg har møtt flyktningar som har komi heim igjen, og nokre få som vurderer om dei skal reise, sjølv om reisevegen mot Europa er farleg.

Krigen auka folketalet

Om lag 400.000 menneske budde i Kobanê, som er den midtre av dei tre kantonane i Rojava. Dette var før det store åtaket frå Daesh (på norsk: Islamsk stat) i september 2014. Fleire enn 70.000 internflyktningar kom i tillegg. Flyktningstraumen frå dei krigsherja delane av Syria hadde på kort tid auka folketalet med nær ein femtedel. Med det heimlege ordskiftet om flyktningar i friskt minne kom eg ikkje unna tankane om korleis eg sjølv og andre ville ha tatt imot ein slik flyktningstraum til Noreg.

Styringsrådet i Kontane kanton klarte å evakuere både fastbuande og internflyktningar over til Tyrkia før Daesh-krigarane tok kontroll. Byen og hundretals landsbyar var så godt som folketomme. Evakueringa berga mange liv.

I løpet av fjorten månader etter frigjeringa har om lag 200.000 menneske komi attende. Dei kjem, sjølv om dei fleste veit at dei vil finne ruinar der dei hadde hus og heim. Den tyrkiske staten lagar i tillegg nye problem. Grenseovergangen frå Tyrkia til Kobanê er open berre nokre timar måndagar og fredagar. Flyktningar på heimveg må stå i kø.

Vi høyrer til her

Utanfor eit hus i utkanten av den mest øydelagde bydelen møtte vi eit ektepar. Dei kom for to månader sidan. Å seie at dei kom heim, gir ikkje meining. Etter norsk standard er ikkje dette huset til å bu i. Bygningen fekk store skadar da krigen knuste nabohusa. Dei har ikkje vatn. Avløpssystemet er øydelagt. I denne bydelen har dei heller ikkje straum, sjølv om delar av elektrisitetsnettet er reparert. Halvparten av byen får no straum frå eit av kraftverka ved Eufrat. Turbinane nedanfor Tishrin-demningen leverer det dei vart bygde for.

Vi spør korfor dei kom hit – til ein heim som nesten ikkje finst. Spørsmåla våre hentar fram tunge minne frå det siste året. Dette er kortversjonen av sorgtunge svar:

– Etter evakueringa var vi i Tyrkia. Å vere kurdar og flyktning der var forferdeleg. Vi heldt ikkje ut lenger. Vi kunne berre ikkje leve på det viset. Det var ikkje eit liv. Derfor reiste vi heim. Vi høyrer til her.

Eg hadde ikkje fleire spørsmål. Dei to var aldri rike, men dei hadde hatt ein grei levemåte i ein moderne by. Etter å sett huset dei bur i, vil eg seie at dei no har mindre enn ingenting.

Hjelpa frå omverda

Anwar Muslim er den eine leiaren i styringsrådet i Kobanê kanton. Rådet og ein minimal administrasjon har mellombels kontor i ein bygning som berre vart litt øydelagd. Anwar Muslim er alltid lågmælt. No høyrest han sliten, men ikkje bitter ut. Orienteringa hans om innsatsen frå verdssamfunnet for Kobanê er ikkje lang:

– FN reagerte raskt. Dei kom hit med fagfolk nokre få dagar etter frigjeringa i januar 2015. Dei fotograferte for å kartleggje øydeleggingane. Så laga dei ein rapport med 162 punkt om det som må gjerast. Etter dette har ikkje FN gjort noko for å hjelpe oss.

– Men kva med Den internasjonale raudekrosskomiteen? Dei driv da eit omfattande humanitært hjelpearbeid i Syria?

Da eg stilte spørsmålet, tenkte eg på lastebilkolonnane med den raude krossen. Eg såg dei i fleire TV-kanalar rett før eg reiste hit.

– Dei har ikkje komi til Kobanê, svarar Muslim.

– Berre kurdiske Raude halvmåne – Hevya Sor – stiller opp her. Og Den internasjonale raudekrosskomiteen i Sveits godkjenner ikkje Hevya Sor.

– Står det ikkje betre til med Noreg heller?

– Norsk Folkehjelp sa dei skulle hjelpe oss med minerydding. Men så vart det ingen ting. Visstnok på grunn av problem i Sør-Kurdistan, svarar Muslim.

Sør-Kurdistan er den kurdiske delen av Irak. Mesûd Barzanî, som er president på overtid, ønskjer ikkje å hjelpe Rojava. Anwar Muslim presiserer at han ikkje veit sikkert kva som er grunnen til at mineryddarane frå Norsk Folkehjelp ikkje har komi hit.

Han nemner elles at Legar utan grenser og nokre andre frivillige organisasjonar hjelper. Kurdarar i og utanfor Kurdistan har gitt mykje. Slike private gåver er bra, men dei rekk ikkje langt.

Er det trygt i Rojava?

Rojava skil seg frå resten av Syria på fleire vis. Først og fremst fordi styresmaktene har god kontroll og er solid forankra i befolkninga. Dessutan arbeider Asayish – politiet – profesjonelt. Oppgåva er å sørge for at folk har det trygt. Endringa er stor frå då eg var her for tre år sidan. I fjor haust såg eg Asayish i arbeid rundt landsmøtet i PYD, det største partiet her. Eg fekk òg ei orientering om korleis dei sikra trygg gjennomføring av eit landsmøte som truleg stod høgt på Daesh si liste over terrormål.

Så er det ingen tvil om at vi som er gjester, har det tryggare enn dei fastbuande. Vi får særbehandling. Styresmaktene vil at utlendingar skal vere trygge. Det gjeld både dei mange gjestene og dei få hjelpearbeidarane. Samtidig er det tull å seie at nokon er heilt trygge i eit land som blir herja av moderne krig. Og vi har nyleg sett at det heller ikkje er trygt å besøke fredelege byar som Brussel og Paris. Om vi ser vekk frå president Assads nærområde i Damaskus, vil eg tru Rojava er den tryggaste delen av Syria.

Unødvendig utarming?

Styringsråda i dei tre kantonane ønskjer å stanse straumen av flyktningar. Arabarar, armenarar, turkmenarar og kurdarar ønskjer å byggje opp det som krigen øydela.

Hawzhin i gjenoppbyggingskomiteen i Kobanê seier det svært enkelt:

– Den stengde grensa er det største hinderet. Viss EU verkeleg ønskjer å stanse flyktningstraumen ut av Syria, skulle dei presse president Erdogan til å opne ein humanitær korridor frå Suruc og inn i Kobanê.

Møtet med Hawzin gir grunn til ettertanke. Enn om tjue eller tretti FN-trailerar fulle av byggjematerialar, medisinsk utstyr og humanitær hjelp køyrer fram til den tyrkiske grensesperringa utanfor Kobanê? Vil ikkje det leggje eit politisk press på Tyrkia?

Eit kjapt augnekast på kartet viser at Hawzhin kan ha eit stort poeng. Færre vil flykte frå Syria om dei finn ein trygg stad å vere utan å reise ut av landet. Kobanê og resten av Rojava var og kan igjen bli eit slikt trygt område. Humanitær hjelp til Rojava og eit internasjonalt krafttak for gjenoppbygging er eitt konkret og effektivt tiltak.

For kvar person som flyktar, blir det vanskelegare å gjenreise samfunnet. I Kobanê såg eg ingen moralske peikefingrar mot dei som reiser. Men alle kjenner samanhengane: Kvar lærar som flyktar, betyr dårlegare undervisning for elevane som blir igjen. Dette får fleire foreldre til å reise, fordi dei vil det beste for ungane sine. Kvar lege som reiser, betyr dårlegare helsestell. To av dei tre sjukehusa i Kobanê vart øydelagde i krigen mot Daesh. Ingeniørar, fagarbeidarar, sjukepleiarar og legar trengst for å få nye sjukehus i drift.

Dei som har minst å rutte med, flyktar sjeldan langt. Dei som har pengar, kan reise langt. Ofte har dei høg utdanning. Samfunnet blir utarma. Slik er det.

Ei gjenoppbygging i Kobanê og i andre delar av Rojava kan bli innleiinga til å byggje opp resten av Syria. Det vil gi håp. Statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen kan gå i spissen – viss dei ikkje synest at unødvendig utarming av Rojava er greitt.