Etterlengta frigjering

Erling Folkvord skriv frå reisa han er på i dei kurdiske områda i Irak og grenseområda mot Syria. På trykk i Dag og Tid, 01.04.16

SHADADI: – For kvinnene var frigjeringa frå Daesh som å kome frå mørkret og ut i lyset.

Orda kjem frå ei av dei arabiske kvinnene eg møter i Tal Abyad. Grensa mellom Syria og Tyrkia går tvers gjennom byen. Det store spørsmålet er om frigjeringa kan vare.

Liknande utsegn har eg møtt mange gonger denne veka på rundreise i den nordlege delen av det fleirkulturelle Syria. Her er det best å hugse på den gamle fjellvettsregelen om å lytte til erfarne fjellfolk. Da er det nokså trygt. Både reisemåte, kosthald og innkvartering varierer. Sjølv trivst eg best når eg får låne ei flatseng heime hos gjestfrie menneske. Det blir lange kveldar i godt lag.

Frigjering

– Vi likte ikkje Assad, og for oss var det ei frigjering då al-Nusrah tok kontrollen her for fleire år sidan. Men da Daesh kom i februar 2014, vart det verre enn i Assad-tida. Mykje verre. No er vi glade for at Daesh er ute av Shadadi.

Eit tjuetals menneske som sit rundt oss på fortauet, stadfestar med ord og kroppsspråk at dei er samde med den tilårskomne arabaren som seier dette. Dei pratar og eg lyttar, medan vi drikk te rett utanfor huset til han og familien. Shadadi ligg nær grensa mot den Daesh-kontrollerte delen av Irak.

Våren er vakker på det endelause slettelandet mellom Eufrat og Tigris. Bøndene i landsbyane rundt Shadadi produserer korn og sauekjøt. Første påskedag tar ein av soldatane oss med ein tur på flatlandet utanfor byen. Det 300 meter breie jordet som ligg framfor meg, verkar fredeleg. 2016 kan bli eit godt år.

Døde soldatar

Men det grøne området eg ser på, er ikkje lenger eit jorde. Dette er ingenmannsland ved frontlinja mellom Daesh og SDF – Dei demokratiske styrkane i Syria. Vi er mindre enn to mil utanfor byen. Brått oppdagar eg tre små jordhaugar ute i det vårgrøne graset. Dei er ikkje så langt unna. Da ein av soldatane gir meg kikkerten sin, ser eg kva det er: tre døde Daesh-soldatar.

– Dei bryr seg ikkje eingong om å ta med seg sine døde, seier den erfarne soldaten.

SDF-soldatane skaut dei tre for seks dagar sidan. Dei var ein del av eit større Daesh-åtak.

– Daesh styrte Shaddadi i to år – fram til 26. februar, seier turkmenaren Talal Ali Slou.

Han er pressetalsmann for SDF og presis med tal, datoar og andre detaljar: SDF frigjorde byen etter harde kampar i ti dagar. SDF drap 275 Daesh-krigarar, tok 9 til fange og mista 20 av sine eigne.

Arabisk by

Shadadi er i hovudsak ein arabisk by. Nesten alle er muslimar. Lågmælte naboar i ein utkant av byen fortel om kvardagen med Daesh:

– Eg og ein ven rusla i byen. Daesh høyrde og mislikte ein kommentar han kom med. Dei fengsla meg og drap venen min.

Andre legg til:
– Heimane våre vart som opne fengsel. Kvinnene kunne ikkje gå ut utan burka.
– Daesh sa offentleg ifrå at dei la ut miner mellom husa våre, både i byen og i landsbyane. Men dei sa ikkje kor minene er.
– Mange av venene våre fekk hendene kutta av. Daesh meinte dei levde eit syndig liv.

Eg får ikkje gi att namn. – No kan vi bevege oss fritt, men vi er framleis litt redde, seier han som oftast tar ordet.

Og eg forstår han. Dei oppsvulma lika i graset ved frontlinja varslar ikkje fred. Langvarig krig med uvisst utfall er meir sannsynleg.

Frigjeringa av Shadadi er eit hardt tilbakeslag for Daesh. Her gjekk hovudvegen for oljetransporten frå Daesh-land i Syria og til Mosul i Irak. Tankbilane køyrde så gjennom den kurdiske regionen i Irak og over grensa til Tyrkia. Dette gav store inntekter for Daesh. Og ikkje så reint lite til den kurdiske presidenten Mesud Barzani. Dei i Tyrkia som tok imot tankbilane og selde olja vidare, fekk òg sitt. Etter 26. februar har ikkje ein einaste tankbil køyrt Shadadi-ruta til Mosul. Men siste ordet er ikkje sagt. Store Daeshstyrkar har biti seg fast ved frontlinja rett utanfor byen.

Planar om fred

Chro Boran og eg kom til Rojava rett etter avslutninga av eit uvanleg møte. Arabarar, kurdarar, armenarar, turkmenarar, tsjerkessarar og assyrarar møttest i den vesle byen Rimêlan. 155 personar laga planar for ei fredeleg framtid. Dei vil ikkje ha ein ny stat, men vedtok ein plan for å opprette Den demokratiske føderasjonen av Rojava og nordlege Syria. Samtidig delte dei seg i sju komitear. Sett utanfrå liknar dette på komitéinndelinga i Stortinget.

Forsamlinga valde eit interimsstyre på 33 personar. Kurdiske Hedya Yosef og arabaren Monsour el Sholom er likestilte leiarar. Ei kvinne og ein mann som er frå ulike etniske grupper, deler leiarvervet i komiteane. Makta blir dermed skeivt fordelt, til fordel for dei minste folkegruppene. Alle er ikkje glade for det.

Yosef og el Sholom feiar ikkje store og uløyste problem under teppet. Klantradisjonar står opp mot revolusjonære idear om ein ny type folkestyre. Hedya Yosef har møtt mange menn som ikkje vil gi frå seg retten til å ha fire koner. For kven skal ta seg av ungar, hus og matlaging viss mannen berre har éi kone og ho blir sjuk? Problemlista er lang. Dei to leiarane trur på tolmodig dialog, ikkje konflikt og valdsbruk.

Forsamlinga i Rimêlan gav interimsstyret og komiteane ein frist på seks månader. Da skal utkast til ei grunnlov for føderasjonen vere klar. Dei ønskjer at folka i andre delar av Syria skal starte liknande prosessar og lage sine eigne demokratiske føderasjonsordningar. Samtidig understrekar dei at dei alle er syrarar. Dei vil ikkje løyse opp staten Syria, korkje på kort eller lang sikt.

Om dei får til det dei vil, det er eit ope spørsmål. Vedtaka i Rimelân 17. mars 2016 kan for ettertida bli ståande som eit vendepunkt: starten på ei ny tid for dei mange folka i Syria. Ingen ting er avgjort. Eitt er dei likevel sikre på: President Assad i Damaskus, Daesh-kalifen i Raqqa og president Erdogan i Tyrkia er redde for at eit folkestyre av dette slaget får fotfeste og riv grunnen vekk under den makta dei to har i dag.

Vantru og syndige

Kalifen med det blodige rullebladet hatar kurdarane fordi dei er vantru og syndige, og fordi dei flytter makt frå kvinner til menn. President Erdogan hevdar på si side at kurdarane er terroristar som vil lage sin eigen stat. Han ser bort frå at den politiske praksisen til dei kurdiske organisasjonane i Tyrkia etter hundreårsskiftet ikkje gir grunnlag for påstanden hans.

Ein av arabarane på fortauet i Shadadi legg ikkje fingrane imellom når han med få ord samanliknar Daesh-kalifen og president Erdogan i Tyrkia:

– Dei er som statsleiaren på ein mynt. På den eine sida har han skjegg. På den andre sida er han glattbarbert.

Harde ord, om eg som er tilreisande utlending, skal bruke norsk målestokk. Men kommentarane eg ser og høyrer, tyder på dei fleste liker at han spissformulerer det mange av dei har kjent på kroppen.

– Vi fører kampen mot Daesh i samarbeid med våre internasjonale allierte, seier SDF-pressetalsmannen.

Han nemner ikkje at samarbeid av dette slaget sjeldan er gratis. Ein av politikarane seier dei ønskjer velkomne alle som vil slåst mot terror. Ho stadfestar at USA akkurat har opna den første flybasen i Rojava. Om nokre veker står den neste klar til å ta i mot amerikanske fly.

Dette kan bli eit nytt problem, viss ikkje USA for første gong byggjer flybasar i Midtausten for å skape folkestyre og fred.

Her er artikkelen som PDF.