Medlemmer av Solidaritet med Kurdistan reiste til millionbyen Amed (tyrkisk: Diyarbakir). Kvelden før Newroz-festen fikk vi dette reisebrevet:
Etter valet i juni 2015, der HDP (Folkenes Demokratiske Parti) fekk 13 % av røystene, miste Erdogan sitt reine fleirtal i parlamentet. Dette saman med framgong for kurdiske styrkar på slagmarka i Syria, gjorde det ikkje lenger interessant for Erdogan å halde fram med fredsforhandlingar. Han gjekk inn med millitære styrkar i Syria.
I Diyarbakir kom krigen seinare. Om lag 500 personar døde. I Syria langt fleire. Dei fleste sivile. Kulturminne er øydelagde. Byen står på FNs verdsarvliste over kulturminne. No er store delar avsperra, slik at vi kan ikkje sjå skadane. Medlingar går ut på at kulturminne framleis vert øydelgde og køyrde bort,- for å gje plass for nye byggverk. Eg kan einast stadfeste at det går ein jamn straum av lastebilar med knust stein ut frå gamlebyen.
Kurdararne hadde då i ein periode over mange år utvikla eit godt fungerande lokaldemokrati i mange område. I dei kurdiske områda vart det utvikla eit styresett som involverte folk i langt større grad enn vi er vane med. Økologisk perspektiv og kvinnekamp stod sterkt. Den tyrkiske staten sitt part, AKP, hadde ingen sjanse til å vinne i demokratiske val. Mellom 60 og 95% av folket her er kurdarar (varierer frå plass til plass).
Staten fjerna difor demokratiet med makt. Starta i dei minste kommunane.
Borgarmestrar vart avsette, dømde og fengsla,- utan å ha gjort anna kriminelt enn å styre kommunane etter demokratisk fatta vedtak. Også andre i kommunestyra vart fengsla, for kortare eller lengre tid. Staten sette inn eigne styringsfolk. («Tiltrudde menn»)
Vi møtte ein avsett ordførar idag. Ho sat 140 dagar i fengsel, – og veit aldri om/når ho vert fengsla att. No bur ho i Diyarbakir og arbeider vidare for å kome tilbake i posisjon. Ho meiner at kolonistyret som rår no vil ta slutt, og at dei med tida kan ta opp att dei demokratiske organisasjonane. Til så lenge driv dei organisasjonane vidare på frivillig basis.
Lik eins er det med andre grupper som er oppløyste. Vi møtte Amed City Theatre
(Amed er det gamle kurdiske namnet på byen,- og som kurdarar framleis nyttar)
Teaterfolka var tilsette i kommunen fram til oktober/november 2016. Etter at dei vart oppsagde, held dei berre fram og spele teater på kurdisk.
Mottoet er: dersom staten forbyr ein organisasjon, så lagar vi to nye.
Så, kampviljen er det lite å seie på. Kor stor oppslutning motstanden har vil vi få eit svar på i morgon. Då feirast Newroz. Alle ser fram til dagen. Det er ein dag for glede. Legenda fortel at Tyrannen vart fjerna og Dei gode kreftene vann den dagen. Kurdarar har dansa og feira Newroz sidan uminnelege tider.
Helsing frå
Sverre Sævareid