Reisebrev fra Erling Folkvord.



Klikk på bilete for større versjon og biletetekst
Eg er i Bashur (Sør-Kurdistan eller Nord-Irak som er det vanlege i norske media). Har sett på gjennomføringa av folkeavstemminga om korvidt Sør-Kurdistan skal bli ein sjølvstendig stat. KDP, partiet til «president» Mesud Barzani, hadde invitert meg til å vere valobservatør. Eg sa ja, og reiste som privatperson, ikkje som representant for Solkurd. Eg skriv «president» fordi Barzani sin presidentperiode gjekk ut i august 2015 og fordi han stengte parlamentet to månader etterpå. Ein son er sjef for tryggingstenesta. Ein nevø er statsminister.
Etter det eg sjølv såg, saman med tre andre frå Norge, og etter å ha snakka med andre observatørar, er eg ikkje i tvil om at folkeavstemninga vart gjennomført på ein korrekt måte. Ordninga inne i stemmelokala likna på eit norsk vallokale. Kva som hende før valdagen, veit eg ikkje noko om.
Massivt JA-fleirtal, men berre 50 prosent frammøte i Silemanî.
Valdeltakinga var 72 prosent, men varierte mellom landsdelane. Av desse var det 93 prosent som stemte JA. Berre 50 % møtte fram i vallokala i Silemanî-provinsen der opposisjonspartia PUK og Gorran (Forandring) står sterkt. Ei kampanje for å utsetje folkeavstemminga hadde stor oppslutning der.
Om vi summerer, så har 67 prosent av dei som har stemmerett, stemt JA. «President» Mesud Barzani og statsminister Nechirvan Barzani seier at dette er JA til å føre forhandlingar med den irakiske regjeringa. Det er ikkje snakk om å erklære oppretting av staten Kurdistan no. Dei legg vekt på at KRG (Den kurdiske regionale regjeringa) ønskjer fredelege forhandlingar med den irakiske regjeringa med sikte på at Irak og KRG skal skilje lag som vener om to år. Den irakiske regjeringa svarar at det ikkje blir forhandlingar før KRG annullerer resultatet av folkeavstemminga.
Du kan lese meir om KRG sine synspunkt her: http://cabinet.gov.krd/?l=12 Dei KRG-venlege nettavisene Rudaw http://www.rudaw.net/english/kurdistan og Kurdistan24 http://www.kurdistan24.net/en/ har og brei dekning. Ei litt anna vinkling finn du på uavhengige ekurd.net http://ekurd.net/ og Kirkuknow http://kirkuknow.com/
Straffetiltak frå Tyrkia og frå regjeringa i Irak
Bagdadregjeringa og nabostatane har svara med trugsmål om straffetiltak. Nokre er alt gjennomført. Den irakiske regjeringa har for eksempel stengt flyplassane i Hewler (Erbil) og Silemanî for trafikk til og frå utlandet. Ifølgje ANF News – som er sympatisk innstilt til PKK – gjennomførte Tyrkia 27. september ein militær operasjon mot landsbyane Beg, Seklê og Petrotê i Barzan-området. Dette er heimeområdet til Barzani-familien. https://anfenglish.com/features/barzan-region-is-under-the-guerrillas-protection-22451
Murat Karayilan seier på vegne av PKK at dei vil forsvare Sør-Kurdistan viss Tyrkia går til åtak: https://anfenglish.com/features/we-will-defend-southern-kurdistan-in-case-of-a-turkish-attack-22476
Sjølvråderett eller ikkje for dei som bur i Sør-Kurdistan?
Kommentarane frå utanlandske regjeringar er stort sett negative – eller ingen reaksjon. Ein talsperson for den sosialdemokratiske gruppa i EU-parlamentet seier rett ut at gruppa ikkje godtar sjølvråderett for kurdarane. Kurdiske Middle East Diplomatique, som er basert i Brussel skriv om dette: http://www.med-diplomatic.com/nuce.php?aid=885
Det kan bli dramatiske veker og månader framover.
Så er det eit politisk spørsmål om korvidt folkeavstemming no var klokt. Og kva slags motiv regjeringspartiet KDP hadde for å rigge til folkeavstemminga. Personar frå Silemanî som eg snakkar med, har ulike standpunkt om sjølve folkeavstemminga. Men på tvers av dette, meiner dei motivet for «president» Barzani var å styrke hans eiga stilling.
Vi som ikkje er frå Sør-Kurdistan kan og bør diskutere, men eg meiner at vi bør respektere at dette er problemstillingar befolkninga i Sør-Kurdistan må avgjere. Vi bør respektere den nasjonale sjølvråderetten til dei som bur i Sør-Kurdistan, uavhengig av kva standpunkt vi sjølv har. Samtidig er det rimeleg at regjeringa her drøftar vegen vidare med kurdarar i dei andre tre delane av Kurdistan.