Den tyrkiske krigen og krigsmetodane i Afrin

Skrevet av Erling Folkvord
20. januar starta tyrkiske fly- og bakkestyrkar enda ein invasjon i Afrin. Det er i hjørnet av Syria, lengs mot nord og vest. Dette er den tredje tyrkiske invasjonen i Syria. Den første var i august 2016 og den andre i oktober 2017. No er målet å ta området mellom dei to okkuperte områda. Tyrkia vil okkupere alt land frå Syrias vestgrensa mot Tyrkia og til Eufrat.

Dei som lever i Afrin

Den offisielle folkteljinga i 2005 oppga at litt fleire enn 170 000 menneske budde i Afrin da. Fordi Afrin har vori eit fredeleg område i dei sju krigsåra, har mange flyktningar reist hit. Middle East Peace Research Center oppsummerte i 2016 at det da budde 316 000 flyktningar i Afrin. Dei er kurdarar, jezidiar, arabarar og turkmenarar.
Ingen veit kor mange som levde i Afrin da dei tyrkiske styrkane rykka inn for snart åtte veker sia.

Terror mot sivilsamfunnet

Tyrkiske fly bombar gravlundar for martyrar. Kurdarar brukar ordet martyr om alle som mistar livet i frigjeringskamp. Måndag 12. mars slepte Erdogan sine pilotar bomber like ved ein gravlund da fleire tusen menneske var på veg tid. Tyrkia har i mange år brukt denne metoden i den kurdiske delen av Tyrkia.
I 2014 tok eg desse bileta ved ein øydelagd martyrgravlund i den kurdiske delen av Tyrkia, like nord for grensa mot Syria. Soldatane åpna den nyaste grava og tok med seg den døde.
Lista med personopplysningar er dessverre skrivi med arabiske bokstavar.

Jihad – hellig krig

Kort tid etter at tyrkiske styrkar gjekk over grensa, retta president İsmail Kahraman i nasjonalformalinga ein appell til heile befolkninga: «Sjå, vi er no i Afrin. Vi er ein stor stat. Utan jihad kan det ikkje bli framgang.»

Ein seksåring som mobiliseringsverkty

President Erdogan mobiliserer mot kurderne
Tyrkias president Recep Tayyip Erdoğan har følgt opp mobiliseringa til hellig krig med til dels dramatiske metodar. Han heldt i slutten av februar tale til partiårsmøtet i byen Maraş, ikkje langt frå grensa mot Afrin. Hovudbudskapen var klar: Mobiliser støtte til våre kjempande soldatar i Afrin.
Ein 6-åring i forsamlinga var kledd i elitestyrkeuniform med mørkerød beret. Presidenten henta henne fram til podiet. Videopptak viser korleis han bøyer seg og legger arma rundt den gråtande jenta. Så vender han seg til tilhøyrarane:
«Dere ser at også vi har røde bereter. Men en rød beret gråter ikke. Hennes tyrkiske flagg ligger i hennes lomme. Hvis hun blir en martyr, vil kisten hennes bli dekket med et flagg, om Gud vil. Hun er klar for alt, ikke sant?»
Og så: Tordnande applaus.

IS, Tyrkia og Europa

Frå 2013 var Tyrkia tett alliert med IS. Framandkrigarar og våpen hadde fri passasje gjennom Tyrkia til IS-områda i Syria. No deltar mange tidlegare IS-krigarar på tyrkisk side i Afrin.

Frankrikes tidligere president, Francois Mitterand, kritiserer Tyrkia

Søndag 11. mars 2018 kommenterte François Hollande, den tidlegare presidenten i Frankrike, situasjonen i Afrin: Han sa at dei Tyrkia no går til åtak på er «dei som kjempar mot IS i lag med den internasjonale koalisjonen og som ga ei hjelpande hand til arabarane i Raqqa.»
Her heime har utanriksminister Ine M. Eriksen Søreide eit anna syn. I Stortinget sa ho dette om vår NATO-allierte som mobiliserer til jihad – hellig krig – i nabolandet og bruker ein unge som mobiliseringsverktøy: «Vi ser med stor bekymring på nivået på Tyrkias inngripen i Syria.» (Mi utheving).

Norges forsvarminister, Ina M. Søreide Eriksen, kritiserer ikke Tyrkias krig, bare nivået på den

Norges forsvarminister, Ina M. Søreide Eriksen, kritiserer ikke Tyrkias krig, bare nivået på den
Det var alt. Utanriksministeren er berre bekymra for nivået på Tyrkias folkerettsstridige invasjon i nabolandet.
Vi andre bør vise alle som bur i Afrin og forsvarsstyrkane at det finst eit anna Norge, eit solidarisk Norge.