Stopp isolasjonen av Öcalan, lyd det vi oppfatta som hovudbodskapen på Newroz-feiringa i Amed i 2019.
På Leyla Güven sin 134. dag i sultestreik, som ho starta for å få brutt isolasjonen av Ôcalan, gjekk årets Newroz-feiring av stabelen. Ein sultestreik som naturleg nok prega årets feiring, der vi var til stades.
Ei feiring som imponerte oss. På den eine sida vart vi imponerte over kor engasjerte mange unge folk var, og på den andre sida over kor tolmodige dei som har levd ei stund er. Deira kamp for fridom har gått i mange år no, men er stadig like iherdig.
Det var fint å sjå det fargerike folkehavet, og musikk, dans og glede i time etter time. Vi vart imponerte av det musikalske mangfaldet, og over kor sterkt engasjementet var frå start til slutt. Det skada heller ikkje at sola skein over Amed under heile Newroz-feiringa.
Jamt over har vi fått veldig mange inntrykk. Vi har møtt organisasjonen TJA (Free women’s movement), ein organisasjon for kvinnene i Kurdistan. Dei la vekt på at kurdiske kvinner har mange felles interesser, og trekte fram at samfunnet ikkje kan vera fritt før kvinner er frie.
Alle vi møtte var veldig opptekne av isolasjonen av dei politiske fangene og forholda for dei som sultestreikar.
Vi deltok på minnestund for Zülküf Gezen, som var sultestreikende politisk fange som døydde i fengsel. Vi helste frå Solidaritet med Kurdistan, og delte våre kondolansar.
Vi møtte dei tre sultestreikende parlamentarikarane Dersim Dağ, Tayip Temel og Murat Sarısaç, og overbrakte dei våre helsingar og vår støtte.
HDP har tatt veldig godt imot oss, og lagt imponerande godt til rette for oss. Det er tydeleg viktig for dei at vi som utlendingar er her, og kan bidra til å gjera situasjonen deira betre kjent. Det styrkar deira kamp at dei har støtte internasjonalt.
– Astri, Beth, Mads og Marie