Leyla Güven er på sin 138. dag med sultestreik. I dag tok den fjerde sultestreikande politiske fangen sitt eiget liv. Situasjonen er kritisk og desperat for veldig mange politiske fangar her i Kurdistan.
Sultestreikane har isolasjonen av Abdullah Öcalan som tema. Han har ikkje fått møtt verken advokatar eller familie på mange år, med kun éitt kort unntak.
Totalt er det 7000 politiske fangar i tyrkiske fengsel som sultestreikar. I fengselet i Batman har dei rullerande sultestreik, der fem fangar av gongen sultestreikar i ti dagar.
Vi har møtt familiane til to av dei som sultestreikar, i byen Siirt i Kurdistan. Det var krevjande, men givende møte – for kva seier ein til familiar i ein sånn situasjon? Dei var imidlertid tydelege på at dette ikkje handlar om dei, men om alle dei sultestreikande. I den eine familien fortalde dei oss at sønnen vart fengsla under ein demonstrasjon om situasjonen i Kobane, og har no sete i fengsel i fleire år utan å ha fått ein endeleg dom. Han sitt i fengsel mange hundre kilometer unna, utan at verken han eller familien har fått ei forklaring på korfor han ikkje kunne sitte i det lokale fengselet.
– Astri, Beth, Mads og Marie