Erdogan mot kurdiske kvinner

Tyrkiske kvinner har dei siste åra vorte oppfordra frå statleg hald til å få minst tre barn. No er oppfordringa auka til fem. Samtidig får kurdiske kvinner tilbod om gratis sterilisering, og dei blir sterkt oppfordra til å sterilisere seg.

Bakteppet er folketals-framskrivingar som seier at innan få år vil det vera like mange kurdarar som etniske tyrkarar, noko president Erdogan og partiet hans (AKP) oppfattar som ein trussel.

Det er sjølvvald abort i Tyrkia inntil tiande veke, etter lova. Men det er langt mellom teori og praksis. Helsearbeidar-forbundet SES, som vi møtte i Batman, fortalde om korleis røynda er: Sjukehusa får ikkje utføre abortar. Sjølv om legane skulle vera for sjølvvald abort, er truslane om sanksjonar såpass sterke at dei ikkje tør utføre det. Dermed blir det kun rike kvinner som får moglegheit til å ta abort, ved å oppsøke private klinikkar.

Samtidig som kvinner nektast sine reproduktive rettar, så er viktige kvinnekollektiv øydelagde. Stadar der kvinner kunne møtast, få råd, gi råd, tene pengar, byggje kampånd er i tur og orden lagt ned. Spedbarn-senter, bibliotek og helseteneste-senter var alle stadar der kvinner møttest i Siirt. Det var stort sett kvinner som jobba der, og kvinner som brukte det. No er alle desse lagt ned AKP sine menn.