Fire datoar frå krigen mot IS.

Leserbrev fra Erling Folkvord.
Til Klassekampen 19. mars 2021.

Om vi skal sjå på vekst og fall for IS i dei sju siste åra, er det særleg fire datoar vi bør merke oss.

3. august 2014 starta IS massakreringa av jezidi-befolkninga i vestlege Irak. Geriljasoldatar frå PKK (Det kurdiske arbeiderpartiet) og soldatar frå dei kurdiske forsvarsstyrkane i Rojava (Vest-Kurdistan) var dei einaste som stilte opp til forsvar for sivilbefolkninga. Dei oppretta ein korridor over til Syria. Wikipedia skriv at dei berga 30 000.

25. januar 2015. Kurdiske forsvarsstyrkar, med flystøtte frå USA, frigjorde byen Kobanê.

17. november 2017. Frigjeringsmarkering på Raqqa stadion. Fleirkulturelle SDF (Syrias demokratiske styrkar) hadde frigjort sjølve kalifat-hovudstaden. Amerikansk flystøtte var viktig her óg. Men USA førte krig for amerikanske interesser og bomba bygningar der det ikkje var IS-krigarar eller IS-installasjonar. «Frå det frie Raqqa til eit demokratisk, pluralistisk Syria» las eg på eit av bannera på stadion. USA har aldri ført krig for å nå det målet.

23. mars 2019. SDF kunngjorde  at dei hadde nedkjempa dei siste IS-krigarane i Bāghūz. Dette området i Eufratdalen og tett inntil grensa mot Irak, var det siste IS kontrollerte i Syria. Her óg hadde SDF sine bakkestyrkar støtte frå amerikanske fly.

Da IS var nedkjempa, var den taktiske militære alliansen mellom SDF og USA slutt. Kurdiske leiarar eg møtte i krigsåra mot IS, var budd på dette.

IS var ein bakkestyrke, med tanks og tungt artilleri. Dei kurdiske forsvarsstyrkane og seinare SDF var dei einaste som stilte opp mot IS i bakkekrig.  Amerikansk flystøtte var viktig, men bakkestyrkane var avgjerande. SDF hadde 11 000 falne, omtrent like mange som Norge mista i andre verdskrigen.

Det var berre tragisk og latterleg å høyre  utanrikssjef Sigurd Falchenberg i NRK da han nyleg oppsummerte krigen mot IS: «I 2015 hadde IS stor kontroll over store områder i Syria. Etter at USA og de europeiske stormaktene gikk inn militært, ble IS nedkjempet i 2019.» Han sa ikkje eit ord om kurdarar, arabarar, armenarar og andre som ofra livet i den avgjerande bakkekrigen SDF førte mot den islamistiske terrorist-hæren.

Erling Folkvord, medlem av landsstyret i Solidaritet med Kurdistan