IS, NATO og Syria. Erling Folkvord svarer Lars Birkelund.

IS, NATO og Syria.  Til Klassekampen 24. mars 2021

Takk til Lars Birkelund (24. mars) for innlegget om Syria. Berre nokre punkt:

  1. Vi er nok samde om at «nedgravde» IS-celler gjennomfører terroraksjonar i ulike delar av Syria og Irak. Ei av leiarane i Føderasjonen Nord- og Aust-Syria, sa hausten 2017, at militærmakt mot IS ikkje er nok. Rekrutteringa tørkar ikkje inn før folk i byane og på landsbygda har hus og arbeid.
  2. Da besøkte eg òg det største kraftverket i Syria, ved sørenden av Assad-sjøen. Ingeniørar reparerte turbinane IS hadde øydelagd. Dei nye styresmaktene sa at vasskrafta tilhøyrer folket i heile Syria.
  3. Vi fekk same svaret da vi i 2018 såg kilometerlange kolonnar med tankbilar frå oljefelta i område som SDF (Syrias demokratiske styrkar) kontrollerer. Dei skulle til raffineriet i Homs. Føderasjonen og Assads regjering har heile tida hatt økonomisk samkvem.
  4. Presidentane i Syria, Tyrkia og USA fryktar demokratisk «smitte-effekt» frå Føderasjonen, som ikkje vil bli ein ny stat.
  5. Det har nesten ikkje vori kamphandlingar mellom regjeringshæren og SDF.
  6. Tyrkiske okkupasjonsstyrkar, tidlegare IS-krigarar og andre jihadistar med tyrkisk støtte fører no krig mot SDF. NATO godtar dette.
  7. Både Assad og leiarane i Føderasjonen seier «vi er alle syrarar.»

    Erling Folkvord, landsstyremedlem i Solidaritet med Kurdistan