Leserinnlegg klassekampen 08.04.2021
Takk til Lars Birkelund for Syria-innlegget 6. april. Eg tar berre opp fire punkt. Men først: Syria er enda eit land der USA har utnytta sosial og politisk misnøye. CIA-agentar braut både folkerett og nasjonal lov. Syria og Iran er sterke motkrefter mot USA. Eg meiner folka i begge statane har rett til å gjere opprør, men verken USA eller Tyrkia har rett til innblanding.
- USA ga flystøtte til den første tyrkiske invasjonen i Syria i 2016. Tidlegare IS-krigarar vart da leigesoldatar for Tyrkia. Strategane i Washington såg sjølvsagt at dei sa ja ein allianse USA – Tyrkia – IS og andre jihadistgrupper. USAs taktiske 2014-allianse med kurdiske styrkar mot IS var underordna. President Obama visste at knusing av det kurdiske demokrati-forsøket var viktigast for Tyrkia.
- Mitt svar er både ja og nei til Birkelunds påstand om at Føderasjonen «oppfører seg meir og meir som ein stat.» JA: Føderasjonen driv sjukehus, vegbygging og utdanning, osv., slik statar gjer. Kurdiske ungar har no kurdisk som undervisningsspråk. Og NEI: Føderasjonen arbeider for ei ny grunnlov der landsdelar i staten Syria har indre sjølvstyre.
- Det økonomiske samkvemmet mellom Føderasjonen og den syriske staten er sjølvsagt konfliktfylt. Staten kontroller delar av Qamishlo og flyplassen med dagleg flytrafikk til Damaskus. Tidlegare statstilsette har fått pensjonen sin frå Damaskus. Oljetransporten til raffineriet i Homs tok seg opp da SDF frigjorde olje- og gassfelt nord for Eufrat.
- Birkelund spør: «Men hvor demokratiske er de egentlig?» Mange bør leite kritisk etter svar. Nokre stikkord frå det eg har sett: Folkegruppene har same rett og plikt til å delta i samfunnstyringa. Delt leiarskap i landsbyar, byar og i Føderasjonen flytter makt til kvinner. Mange kurdiske menn er lite glade for det. Ei kurdisk kvinne og ein arabisk mann var dei første medleiarane i Føderasjonen. Nyordninga starta i dei tre kurdiske områda i nord.
Tverrkulturelt samarbeid i styringsorgana og flyttinga av makt til kvinner skremmer regima i Damaskus, Teheran, Bagdad, Ankara – og i Washington.
Erling Folkvord, medlem av Rødt