Erling Folkvords reisebrev 2 fra Bashur (Nord Irak)

Vi har vori på jezidi-besøk. Jezidiane er ein religiøs minoritet blant kurdarane. Religionen har ei tusenår lang historie – truleg med opphav i Zaratustras lære.

Jezidi-tempel i Lalesh, Irak

Først var vi i det religiøse sentret, Lalesh. For jezidiane er det som Vatikanet for katolikkane. Første etappe var heimebesøk hos Baba Sheikh. Paven om eg skal bruke den haltande samanlikninga med katolisismen. Ein klok og samfunnsorientert kar i 40-åra. Han forsikra at kvinner i jezidi-samfunnet er heilt likesstilt med menn. Det var ikkje dagen og timen for kritiske spørsmåk. Omvisinga i Lalesh etterpå var ikkje det heilt store for meg, ettersom eg har vori der før. 

Så besøkte vi flyktningleiren der 400 telt brann ned åtte dagar før vi var der. No har dei starta husbygging med leca-blokker til erstatning for det som er øydelagt. Ca 4×4 meter. Skal vere minst 5-6 menneske i kvart hus. Ei av damene kritiserte at dei som lever der, ikkje har fått ord med i laget når det gjeld systemet i leiren. Sjefen i leiren, som nettopp var tilbake etter å ha vori «omplassert» i ein lang periode, sa at ho hadde rett. Han veit kva det er å vere flyktning. Da han var fem år flykta han med familien  frå Saddams Anfal-kampanje i 1988. Så vart det eitt år i Tyrkia og etterpå flyktningeliv i Iran. Han var fjorten år da han og familien kom heim igjen og kunne ta fatt på gjenoppbygginga.

Jezidi-leiren ligg omlang 12 mil frå Shengal, som er området der jezidiane er i fleirtal. No har dei – og tusentals andre – levd i flyktninge-leirar i dei nesten sju åra som har gått etter IS-massakren på jezidiane. Det er ulike oppfatningar om kor mange jezidi-|flyktniner som lever  i leirane i Den kurdiske regionen i Irak. Leirsjefen sa 350-400 000. Sjefen på kontoret til FNs høgkommisær for flyktningar oppga eit lågare tal. Og den regionale regjeringa har eit tredje tal.

Det har vorti ein del mediedekning her av korleis toppane i Kurdistans Demokratiske Parti (KDP) har lagt hindringar i vegen for delegasjonen vår. Dette rettar søkelyset på kor nært KDP-leiinga samarbeider med Tyrkia og  MIT (Militæretterretninga i Tyrkia.) Sannsynlegvis har mediedekninga vori avslørande for dei som prøvde å stoppe oss, men lyktest berre halvvegs.

No er vi i Silemani (eller Suleimania). Det er i den delen av Bashur som sia tidleg 1990-tal har vori styrt av det andre store partiet: Patriotisk Union Kurdistan (PUK).  Her er det ei friare stemning. Folk tør å seie at det er bra at vi er her. Og PUK er i mot den tyrkiske okkupasjonen som gradvis omfattar større og større del av Bashur.

Seinare skal eg skrive om korleis krigen har gått ut over sivilbefolkninga. Mange har sterke fakta å fortelje om.

Erling Folkvord