Kven drap fem kurdiske regjeringssoldatar som satt i eit pansra kjøretøy?
Du hugsar kanskje meldingane for nokre veker sia om at fleire av Den kurdiske regjeringa sine soldatar (peshmerga) vart drepne eller såra da eit pansra kjøretøy vart sprengt i lufta. For nokre dagar sia fekk eg vite meire om denne hendinga. Desse opplysningane har ikkje vori i norske media. Det er så absolutt nyttig å vere nær kjeldene her i den kurdiske delen av Irak og i tillegg få råd frå personar som kjenner både språk og kultur.
Like etter hendinga sende minst fire regjeringar kondolansar til familiane til dei som hadde mista sine kjære i eit åtak frå geriljaen til PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet). Kondolansebreva vart levert av statane sine konsulat i Erbil (på kurdisk: Hawler). Regjeringane i Tyskland og dei andre statane visste altså sikkert kven som var gjerningsmenn.
Men regjeringsmedia sa det var Tyrkia. Nyhetsdekninga i regjeringslojale TV-kanalar her reiser tvil om dette er den sanne versjonen. Dette er skjermdump av den første meldinga på nettsida til KurdistanTV:

Dette er den offisielle TV-kanalen til Kurdistans demokratiske parti (KDP). Denne kanalen er berre på kurdisk og publiserer ikkje omsetting til andre språk:
Eg ba ein god ven her i Den kurdiske regionen i Irak omsette teksten til engelsk. Omsettaren er garantert partinøytral: «Due to the bombardment of the war planes of Turkey, four Peshmarga were martyred and five others injured.»
På norsk blir det vel omtrent: «På grunn av bombardement frå krigsflya frå Tyrkia vart fire Peshmargaer martyrar og fem andre skada». Kurdistan24 (som er TV-kanalen til statsminister Masrour Barzani) og Rudaw (som er TV-kanalen til president Nechirvan Barzan) hadde den same meldinga.
Vi skal vere merksame på at det var ein faktafeil i den første meldinga som vart send ut i den dramatiske situasjonen like etter hendinga. Det viste seg at fem, og ikkje fire, soldatar mista livet. Ein time seinare var meldinga fjerna frå alle kanalane og ein ny versjon vart presentert: PKK hadde sprengt det pansra køyretøyet og drepi / skada regjeringssoldatane. Så gjekk det ikkje lange stunda før kondolansene frå venlegsinna statar kom på rekke og rad.
PKK svara på dette med å be om ei uavhengig gransking av hendinga. Ein leiar i PKK hevda og at dei ikkje hadde panserbrytande rakettar i området. Dei som har følgt krigsutviklinga i nokre år, veit at PKK svært sjeldan har brukt slike våpen.
Eg har snakka med fleire her om dette. Ein av dei siste, som seier han er partinøytral men har stor sans for partileiar Mesud Barzani og familien hans, er ikkje i tvil: «Eg veit jo at det var eit tyrkisk flyåtak.» Utanforståande kan ikkje vite korfor tre TV-kanalar samtidig fjerna nyhetsmeldinga om at Tyrkia hadde drepi fleire av Den regionale regjeringa sine soldatar. Det er slett ikkje sikkert at årsaka er ei sjølvstendig avgjerd frå toppane i Barzani-familien. Det kan like godt vere at president Recep Tayyip Erdoğan stilte eit absolutt krav.
*
I det neste reisebrevet skal eg skrive om tyrkiske krigsbrotsverk. I dette tilfellet handlar det om drap og andre målretta åtak på sivile. Ofra har namn og hendingane har dato.
