Er Tyrkia ein krigsforbrytar-stat? Reisebrev 4 fra Erling Folkvord

Reisebrev 4 frå Bashur (Nord Irak) i juni 2021

I dette siste reisebrevet frå Den kurdiske regionen i Irak, skal eg skrive om krigsbrotsverk. Det er nødvendig å vere detaljert, men eg håper du orkar å henge med.

Sivile døyr i alle krigar. Etter det som blir kalla krigens folkerett, er det lovleg å drepe sivile viss dette er meir eller mindre tilfeldige følgjer av kampar mellom stridande partar. Sivile tap kan óg vere ein uunngåeleg følgje av åtak som er militært nødvendige. Det er óg lovleg.

Det er ulovleg – dvs. krigsbrotsverk – viss ein stridande part gjennomfører åtak som berre er retta mot sivile. Det kan vere bombing, skyting eller brannstifting som ikkje er retta mot militære mål.

Med rundturen i Den kurdiske regionen i Irak ville eg finne ut om det er sant at delar av den tyrkiske krigføringa berre er retta mot sivile. Eg reiste i lag med tre personar frå amerikanske Christian Peacemakers Team (CPT). Dei har i mange år dokumentert korleis krigshandlingar i denne delen av Irak rammar sivile. Eg var i nokre av dei områda som er skravert på dette kartet:

Kjelde: Kartet er fra rapporten No Return: The Civilian Impact of Turkey’s Operation Claw-Lightning. Utgitt 3. juni 2021 av Christian Peacemaker Teams – Iraqi Kurdistan. https://cptik.org/reports-1/civilian-impacts-claw-lightning

Rødt: Okkupert av Tyrkia før 2021

Rosa: Under tyrkisk kontroll  etter invasjonen som starta 23. april 2021.

Skravert: Tyrkisk militær ekspansjon i april og mai 2021.

Generalkonsulen og ambassadøren

Ambassadørar skal seie offentleg det regjeringa i heimlandet ønskjer å nå ut med. På ein pressekonferanse i Erbil 15. juli 2020 ga Hakan Karacay, den tyrkiske generalkonsulen, klar beskjed: «Vi har aldri målretta åtak mot sivile». (We have never targeted any civilian people.) Erbil (Hawler på kurdisk) er hovudstaden i Den kurdiske regionen i Irak.

CPT svara generalkonsulen 21. juli 2020: «CPTs dokumentasjon viser at tyrkiske jagarfly, droner, artilleri og handvåpen drap minst 85 og såra meir enn 95 sivile i perioden etter august 2015.» Seks vart drepne i det første halvåret av 2020.

Tyrkias ambassadør i Norge, Fazlı Çorman, følgde opp i Klassekampen 14. juni 2021: «Tyrkias operasjoner i Nord-Irak er en del av vår kamp mot terrorisme. (…) Vårt svar på disse angrepene og terroraktivitetene kan bare defineres som legitimt selvforsvar». Han la til: «Anklagene som kommer fra PKK-støttespillere (såkalte øyenvitner) og selverklærte PKK-sympatisører som Erling Folkvord, er derfor ikke troverdige.»

Kor lenge og kva slags krigar har Tyrkia ført i Irak?

CPT fortalde at den eldste tyrkiske militærbasen vi køyrde forbi, vart oppretta i 1994. I perioden frå 1994 til 1997 var det blodig innbyrdeskrig mellom dei to store kurdiske partia i Nord-Irak: Patriotisk Union Kurdistan (PUK) og Kurdistans Demokratiske Parti (KDP). To kommandantar frå PUK har, i 1998 og i 2021 og uavhengig av kvarandre, fortald detaljert om korleis tyrkiske fly støtta KDP i krigshandlingane i 1997.

Frå den gongen og fram til i dag har Tyrkia gjennomført mange felttog i Irak mot geriljaen til PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet.) «For å nøytralisere den siste terroristen», som ein tyrkisk general lova før ein vinteroffensiv for meir enn 10 år sia.

Ein rundtur der Tyrkia fører krig mot sivile.

Dette var litt av bakgrunnen da eg i juni 2021 vart med CPT til eit av områda der Tyrkia no fører krig for å utvide dei områda som Tyrkia lenge har okkupert. Dette er reiseruta vår i det nordvestlege hjørnet av Irak:

Dette er venstre halvdel av det første kartet. Dei raude område har Tyrkia okkupert lenge. Gjennom offensiven som starta 23. april prøver Tyrkia å overta dei skraverte områda.
 

Her tar eg berre med tre eksempel frå Tyrkias krig mot sivile i det siste året.

1 Butikkeigaren som mista venstre beinet

Ein vanleg juni-dag i 2020 var Peyman Talib og ektemannen Kaiwan Kawa i matbutikken dei eig i Kuna Masi. Butikken ligg ved ein rasteplass i eit populært utfartsområde. Sonen Hezhwan og dottera Hamisha var i lag med foreldra. Mange var ute på tur den dagen.

Ein rakett frå ei tyrkisk drone eksploderte 20 meter frå butikken. Eksplosjonen sette fyr på butikken, drap kunden som var innom og skada alle i familien. Peyman måtte amputere det venstre beinet.

2 Han som stoppa bilen og slo av ein prat med ein ven

Dlovan Shahin var far til to ungar og dreiv ein butikk i landsbyen Kashan i Batufa-distriktet. På  kartet ser du at dette er utafor området som Tyrkia no prøver å overta.

26. juli 2020 køyrde Dlovan gjennom landsbyen Hasan Pirk i Bamarne underdistrikt. På kartet ser du den store tyrkiske dronebasen i Bamarne. Da Dlovan møtte venen Abdulla Omer, parkerte dei bilane sine for  slå av ein prat. Mens dei sto der, bomba ei tyrkisk drone bilen til Dlovan. Eksplosjonen drap både Dlovan og Omer. Dlovan vart 30 år gammel.

CPT intervjua Peyman Ganjo, som var gift med Dlovan: «Eg kan ikke tenkje på livet etter Dlovans død. Han forlét ei fire år gammal dotter og ein tre år gammel son. Sipan, sonen min, forstår ikkje kva som skjedde, men han gret heile tida. Dotter mi, Norra, trur at far hennar framleis lever,  at han berre er på jobb i butikken  og at han ikkje er heime enno. Ho spør alltid etter far sin.»

3 Småbrukaren frå landsbyen Hirure

Søndag 20. juni 2021 besøkte eg Ramazan Ali, ein 70 år gammal småbrukar og kona hans. 19 dagar tidlegare måtte dei forlate landsbyen Hirure og det livet dei og naboane har levd der. No er han sengeliggande, i ei overfylt leilighet i byen Zakho.  Du finn Zakho heilt til venstre på kartet.

Landsbyen dei måtte forlate, ligg midt i det skraverte området på kartet. (På kartet står det Hrure.)  Her  fører Tyrkia krig for å utvide det okkuperte området.  Hirure og dei som bur der, hindrar framrykkinga for okkupasjonsmakta.

Natta til 24. april 2021 vart alt forandra. Tyrkiske fly sleppte bomber over og rundt landsbyen. Sia den natta har det vorti mange bomber frå fly og droner. Fleire hus er øydelagd. Ingen veit når det neste åtaket kjem. Mustafas nabo turde ikkje ta oss med til den delen av landsbyen som er  øydelagd. – Da kan dei skyte på oss, sa han.  Ei drone var over oss da han sa dette.

Tyrkia har bygd to artilleristillingar i dalsidene ovafor Hirure. Dei kan skyte mot landsbyen frå to kantar. Oppe på ein åsrygg har tyrkiske soldatar rigga opp avanserte overvakingskamera. Avstanden er så kort at vi i ser dei er retta mot landsbyen. Tyrkia ser oss, og vil at vi skal vite om det.

Tilbake til Ramazan og kona hans som no er i Zakho: – Vi deler landsbyjorda i to, seier Ramazan frå sjukesenga. – For det første den delen som treng vatning. Det er jordene og dei frukthagane som er nær husa i landsbyen. Den andre delen er dei områda som ikkje treng vatning. På norsk ville vi vel sagt at dette er utmarka. 

– Der beiter husdyra, forklarer Ramazan. Der haustar vi nøtter og frukt frå mange treslag. Det er óg andre nyttevekster der.  Der har vi bikubane.  Alt dette er ein del av livsgrunnlaget vårt.

Frukthagar, bikubar og nyttevekstar i utmarka rundt Hirure er nedbrent. Eit og anna grønt, men brannskada tre står igjen innimellom dei brunbrente.

Ein tyrkisk soldat skaut Ramazan Ali 1.juni. Ramazan dreiv på med vatning av ein av åkrane.

– Granaten slo ned tre meter bak meg, og så vart det heilt svart. Naboar bar  Ramazan inn i ein bil og køyrde han til det lokale sjukehuset. Så vart det ambulansetransport til hospitalet i Zakho. Artilleristen  hadde gjennomført eit målretta og vellykka åtak på ein småbrukar som stelte med jorda si.

I åtte dagar var Ramazan pasient på det offentlege sjukehuset. – Legane fjerna granatsplintane i den venstre foten og ankelen min. Meire gjorde dei ikkje. Eg har framleis splintar i ryggen, hoftene og låra. Eg må til eit privat sjukehus viss eg skal få fjerna dei. Og det har vi ikkje pengar til, seier Ramazan og ser på kona si. – Og slett ikkje etter  at vi  har mista inntektene både frå åkrane og utmarka.

Ein tyrkisk soldat skaut småbrukar RamazanAli (70) torsdag 1. juni 2021. Ramazanveit at han aldri meir kan vatne åkrane eller hauste inn nøtter frå utmarka rundt landsbyen.

Ramazan veit at han aldri kan bli småbrukar igjen. Han kan nok heller ikkje flytte heim til landsbyen. Det er så altfor tydeleg at Tyrkia fører krig for å jage vekk befolkninga og okkupere Hirure og landsbyane rundt.

Ramazan Ali ser ikkje ut som ein geriljasoldat. Han og andre i landsbyen sa til CPT og meg at  det aldri har vori nokon frå PKK-geriljaen der.

–   Tyrkia fører krig mot oss sivile, seier Mustafa. – Ikkje mot PKK.  Ta med deg den helsinga frå meg til politikarar og andre i Norge!

Når han prøver å sette seg opp i senga, ser eg korleis han rykker til av smertene frå dei tyrkiske granatsplintane som han ikkje har pengar til å få fjerna.


Krigsforbrytarar

Eg meiner at han som skaut Ramazan, og dei som styrte dronene som drap Dlovan og Omar og lemlesta Peyman Taleb, er krigsforbrytarar. Det same er dei som gav ordrane.

Tyrkia  har gjennomført titals på titals med slike åtak i Den kurdiske regionen i Irak. For meg blir det da naturleg å seie at Tyrkia er ein krigsforbrytarstat.

Men Tyrkias eineveldige president Recep Tayyip Erdoğan blir neppe stilt til ansvars for ein internasjonal domstol. Tyrkia har den nest største NATO-hæren.  Og president Erdoğan har alltid NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg i ryggen.