Mørk sjuårsdag

Innlegg i Klassekampen 31.7.2021 av Erling Folkvord

Tirsdag er det sju år sia IS-krigarar starta massakreringa av jezidi-befolkninga i Shengal-området i Irak. Jesidiane er ein religiøs minoritet i den kurdiske befolkninga. Religionen har tusenårsgamle røter.

Med ei forvrengt tolking av Koranen hadde IS-leiinga kunngjort at utrydding av jesidiane var ei religiøs plikt for sanne muslimar. IS hevda at jesidiane var kjettarar og djevledyrkarar.

IS drap menn, kvinner og ungar på bestialsk vis. Tusentals kvinner vart selde som sex-slavar. Ei av dei som klarte å rømme – Nadia Murad – vart heidra med Nobels fredspris i 2018.

Men elles har det offisielle Norge gjort svært lite. I juni besøkte eg Sharyia-leiren i Nord-Irak. 12.150 jesidiar har budd her i sju år. 120 av ungane er foreldrelause. 203 er funksjonshemma. Det er mange slike leirar. Bilturen frå Sharyia til Shengal tar drygt to timar. Likevel får ikkje jesidiane reise heim for å ta fatt på gjenoppbygginga. Politisk dragkamp mellom Tyrkia, Irak og regjeringa i Nord-Irak kan vere årsaka.

Flyktningane eg møtte i Sharyia bad om at Norge og andre statar skal legge press på regjeringane som hindrar at dei får reise heim.