Med Erdogan for meir okkupasjon?

Leserinnlegg i Klassekampen av Erling Folkvord,

ALLIERTE: Tyrkias president Erdogan har varsla utviding av områda landet okkuperer i Syria. Nato, og Norge, bør seie nei, skriv Erling Folkvord. FOTO: MURAT KULA/AFP/NTB

ALLIERTE: TYRKIAS PRESIDENT ERDOGAN HAR VARSLA UTVIDING AV OMRÅDA LANDET OKKUPERER I SYRIA. NATO, OG NORGE, BØR SEIE NEI, SKRIV ERLING FOLKVORD. FOTO: MURAT KULA/AFP/NTB

Akkurat no er statsminister Gahr Støre (Ap), utanriksminister Huitfeldt (Ap) og forsvarsminister Gram (Sp) på veg til Madrid. Dei skal møte Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan på Nato-toppmøte.

Han har varsla utviding av dei områda Tyrkia okkuperer i nabolandet Syria, og har bruk for eit ja frå Nato. Samtidig som han intensiverer erobringskrigen i Irak. Der har PKK-geriljaen lagt fram detaljerte eksempel på at Tyrkia bruker ulovlege kjemiske våpen.

Syrias Nasjonale hær (SNA) er ein del av Erdogans okkupasjonsstyrke i Syria. SNA er på papiret hæren til Syrias interimsregjering (SIG). Dette er regjeringa til Nasjonalkoalisjonen i Syria. Den norske regjeringa godkjende i 2012 «Nasjonalkoalisjonen som den legitime representanten for det syriske folket.» Interimsregjeringa vart oppretta i 2013. Planen var at denne regjeringa skulle ta over Syria så snart president Assad var rydda av vegen.

Jens Stoltenberg (Ap) var raud-grøn statsminister da, med partifelle Espen Barth Eide som forsvarsminister.

I dag er SNA ei samling av meir enn 40 jihadist-grupper. Mange av soldatane har tidlegare vore med i IS og metodebruken er prega av det. SNA er i praksis underordna tyrkisk kommando.

Erdogan krev neppe vedtak frå Nato-toppmøtet om at utvida okkupasjon er bra. Stilltiande samtykke er sikkert godt nok, slik som under invasjonane i 2016, 2018 og 2019.

Statsminister Gahr Støre kan sette eit synleg Norge på Nato-kartet viss han tar ordet og seier at Norge seier nei til okkupasjon, i Syria på same måte som i Ukraina.

erfolk@online.no