Den kurdiske floken – og Noreg

Leserinnlegg i Aftenposten 25. juni 2022 av Erling Folkvord.

Takk til kommentator Mina Hauge Nærland for presentasjonen av 100 år med kurdisk kamp for sjølvstende (Aftenposten 21. juni ). Eg vil berre legge til eit par punkt som er aktuelle framfor Nato-toppmøtet i Madrid 29. juni.

Ingen kurdiske parti arbeider i dag for å samle det firedelte Kurdistan i ein ny nasjonalstat. På ulike grunnlag arbeider dei for at kurdarane skal ha kulturelle, demokratiske og språklege rettar innanfor Tyrkia, Irak, Iran og Syria.

Erling Folkvord

Arbeidet har kome lengst i Syria. I den nordlege og austlege delen av landet har kurdarar i snart ti år gått i spissen for ei ny, tverrkulturell samfunnsordning. Alle folkegruppene har same rett og plikt til å delta i samfunnsstyringa. Leiarvervet skal delast mellom ei kvinne og ein mann, både i politiske og administrative organ. Dei skal helst vere frå ulike folkegrupper. Éin kurdar og éin arabar er vanleg. Det er omtrent like mange kurdarar som arabarar i området. Armenarar, turkmenarar, assyrarar og tsjerkessarar har óg slike verv. Dette er enno ikkje innført overalt.

Sjølvstyret som kontrollerer nær ein tredjedel av landarealet i Syria, ønskjer ei fredeleg, politisk løysing med regjeringa i Damaskus. Men sidan 2016 har Tyrkia gjennomført tre invasjonar. Tyrkia har starta utskifting av befolkninga i dei okkuperte områda: vekk med kurdarane. Syrarar frå andre landsdelar skal overta hus og jord.

På Nato-toppmøtet kan statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seie nei til denne tyrkiske politikken eller gi stilltiande samtykke til Tyrkias utviding av dei okkuperte områda.

Erling Folkvord,

landsstyremedlem i Solidaritet med Kurdistan