
ØYDELAGT: DENNE KYRKJA I DEN NORDIRAKISKE BYEN MOSUL VART ØYDELAGT AV IS. NO FRYKTAR MANGE KRISTNE I OMRÅDET ANGREP FRÅ TYRKIA, SKRIV FORFATTAREN. FOTO: ZAID EL-OBEIDI, AFP/NTB
Leserinnlegg i Klassekampen 29.06.2022 av Johannes Morken, redaktør i Stefanusalliansen
Under dragkampen om svensk og finsk medlemskap i Nato, har generalsekretær Jens Stoltenberg erklært at «Tyrkia har legitime sikkerheitsbehov» på grunn av mange terrorangrep.
Eg går ikkje inn i debatten om Nato-medlemskap. Men det er god grunn til å minna om dei smertefulle konsekvensane av det Tyrkia gjer.
Med hardhendte middel prøver Tyrkia å rana til seg kontrollen over ei kring 30 kilometer brei tryggingssone nord i Syria. Erdogan stemplar den kurdiske YPG-militsen som ein terrororganisasjon. Det gjer vestlege land ikkje, særleg sidan YPG spelte ei viktig rolle i å nedkjempa IS. I kampen mot kurdiske militsar går president Erdogan i allianse med IS.
Tyrkiske angrep ved grensa til Syria fører til død og øydelegging også av kristne samfunn. Det er frykt blant kristne nordvest i Syria. Og i slutten av mai angreip tyrkiske styrkar ein assyrisk kristen landsby nær byen Tel Tamr nordaust i Syria.
Ei kyrkje i landsbyen Tel Tawil fekk alvorlege skadar. Asia News melder at den same kyrkja vart angripen av IS-krigarar i 2015 då 250 kristne også vart bortførte. Det IS starta på, tok Erdogan vidare.
Erkebiskop Mar Maurice Amseeh seier at det ikkje er nokon tvil om dei tyrkiske ambisjonane: Tyrkia vil også tømma området for kristne. Dette er endå eit signal om at dei kristne ikkje er velkomne.
Av dei 12.000 som budde i 32 landsbyar i området rundt Tel Tamr, er det berre kring 1000 igjen. Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF) konkluderte i ei høyring 10. mai at tyrkisk okkupasjon og militære angrep i Nordaust-Syria har utsett religiøse samfunn, som Tel Tamr med sitt kristne fleirtal, for øydeleggjande fare. Den assyriske minoriteten her høyrer til ei folkegruppe som blei utsett for tyrkisk folkemord for drygt 100 år sidan, samstundes med armenarane.
Erdogan har planlagt endå ein militær operasjon i Syria. Under frykta for ein tyrkisk invasjon vil dei svært mange kristne som alt har flykta, neppe venda heim. Trusselen er smertefull for dei som framleis klorar seg fast. Det er som om folkemordet ikkje tek slutt.
Tyrkiske militære angrep mot kurdiske basar i Nord-Irak gjer livet farleg for kristne, men i minst like stor grad for jesidiar som overlevde folkemordet som IS utsette dei for frå 2014. Mange tusen overlevande jesidiar har etter kvart vendt heim. Det siste året er det blitt langt færre som vågar å flytta heim til Sinjar. Årsaka er frykta for tyrkiske angrep.
Det er livsviktig å anerkjenna dei legitime tryggingsbehova som kristne og jesidiar har i møte med militære tyrkiske angrep i Nord-Syria og Nord-Irak. Framtida deira står på spel.