Den første verdskrigen er enno ikkje slutt.

Leserinnlegg i Klassekampen 23.07.22

Av Erling Folkvord, medlem av Raudt Oslo

I dag er det 99 år sia sigerherrane i første verdskrig – imperialistmaktene England og Frankrike – underteikna den siste fredsavtalen i Lausanne. Dei delte Det osmanske riket mellom seg og godtok opprettinga av den nye staten Tyrkia. Men det vart eit «lite» Tyrkia.

100-årsdagen for avtalen – 23. juli 2023 – skal bli «den største milepælen på vegen mot å bygge eit stort og sterkt Tyrkia.» I fjor haust ordla president Erdogan seg slik i ein tale til heimepublikum. No har han berre eitt år på seg for å innfri lovnaden.

Erling Folkvord

I 1923 la den tyrkiske delegasjonen eit Tyrkia-kart på forhandlingsbordet i Lausanne. Staten Tyrkia var ei nyskaping. General Mustafa Kemal – som seinare tok namnet Atatürk – hadde tre år tidlegare laga dette kartet. Det var ein del av Den nasjonale pakta – Misak-i Milli . Sigerherrane – først og fremst England og Frankrike – hadde styringa i forhandlingane. Dei sa nei til Atatyrks store Tyrkia. Da den tyrkiske delegasjonen reiste heim, var Den nasjonale pakta berre dokumentasjon av eit historisk nederlag.

Sentrale politikarar i Tyrkia har i nesten hundre år snakka uformelt om Den nasjonale pakta. Erdogan er den første som seier høgt at han skal ta revansj for nederlaget i den første verdskrigen. Til heimepublikumet gjentar han ofte at han skal skape Atatyrks store Tyrkia. Og 23. juli 2023 skal altså bli «den største milepælen på vegen mot å bygge eit stort og sterkt Tyrkia.» Delar av Bulgaria, Hellas, Syria og Irak skal ifølgje Den nasjonale pakta innlemmast i Tyrkia.

Utan krig er det neppe mogleg å utvide sin eigen stat ved å ta land frå nabostatane. Israel, som er alliert med Tyrkia, er eitt eksempel. Både for skiftande israelske statsministrar og for Erdogan handlar det om langvarig krig i naboland.

I 2017, året etter den første tyrkiske invasjonen i Syria, kom Erdogan med denne programerklæringa: «Det er krystallklart: Den første verdskrigen er enno ikkje slutt. Vi vil fortsette kampen og innsatsen med den styrken vi hentar frå historia vår og frå kulturen vår. Og mot dei som prøver å dekke til blodet med blod og barbariet med barbari. Det viktigaste grunnlaget kampen vår er å ikkje å gløyme Misak-ı Millî.»

Kortversjon: Kjemp for Stor-Tyrkia, gløym aldri Den nasjonale pakta! President Erdogan er den andre statsleiaren som fører krig for å ta revansj etter første verdskrigen. Rikskanslar Adolf Hitler var den første.