Seminar om Midtøsten i Tromsø 4.10.22. Innledning av Erling Folkvord.

Den 4. oktober arrangerte Rødt Tromsø et seminar om situasjonen i Midtøsten med Erling Folkvord som innleder.

Krigane som no herjar med folka i Midtausten:

  • Kva handlar dei eigenleg om?
  • Korleis er situasjonen i dei sjølvstyrte delane av Syria?
  • Kan kurdisk-palestinsk samarbeid styrke kampen for frigjering i Midtøsten og for ei ny samfunnsordning etter kapitalismen?

Erling Folkvords innleing på Rødt-møte i Tromsø 4. oktober 2022.

Eg skal snakke om det nye, tverrkulturelle folkestyret i Nord- og Aust- Syria. Eg er landsstyremedlem i SolKurd (Solidaritet med Kurdistan), men her snakkar eg berre på vegne av meg sjølv.

Dei kurdiske landsdelane (Rojava) er ein liten del av det sjølvstyrte området i Syria.

Her blir leiarverva delt mellom ei kvinne og en mann. Det gjeld både i politiske organ (ordførar o.l.) og administrative stillingar (rådmann, etatsjef osv.)

Samtidig gjennomfører både Islamsk Stat og Tyrkia daglege angrep mot sivilbefolkninga. Da eg 16. august begynte å arbeide med denne innleiinga, mottok eg ei WhatsApp-melding fra ein ven i Qamishlo. Han fortalde at eit tyrkisk droneangrep drap eit barn den føremiddagen. 

Dette er kvardagen.

Da tenkte eg at Tyrkia kanskje vil starte enda ein invasjon med bakkestyrker før dette møtet i Tromsø.  

I løpet av det siste året har eg fire ganger reist rundt i områda i Syria og Irak der Tyrkia fører krig. Eg har tidlegare vori i krigsområda i Tyrkia og Nord-Irak og har snakka både med vanlege folk og politiske og militære leiarar med svært så ulike standpunkt. 

Eg har og ferske inntrykk frå ei solidaritetsreise med Palestina-komiteen i september

Eg meiner derfor eg kan bidra med opplysningar som du ikkje får i norske media. Dermed meiner eg og at eg har eit brukbart faktagrunnlag for eigne vurderingar. Andre kan gjere andre vurderingar ut frå same fakta.

Som revolusjonær i Norge syns eg det er rett og viktig å støtte både dei revolusjonære  i Midtausten og andre demokratiske krefter der. 

Men to ting først, den historiske bakgrunnen og samanhengen  med dei andre krigane i Midtausten i dag:

 1. Litt om den overordna, historiske bakgrunnen

Den svenske eks-diplomaten Ingmar Karlsson seier at fredsslutninga etter første verdskrigen er «Roten til det onda».

Utgitt av Historiske Media. https://historiskamedia.se/forfattare/ingmar-karlsson/

Han siterer Feltmarskalk Archibald Wavell som seinare vart engelsk visekonge i India. Feltmarskalken sa i 1920 at dei europeiske forhandlarane hadde «lyktes godt med å få til en fredsslutning som gjør slutt på freden.»

Feltmarskalken fekk rett.

Folka i Midtausten har i over 100 år levd med krigar som England og Frankrike la grunnlaget for med oppdelinga av Midtausten etter første verdskrigen. Rivaliseringa både mellom imperialist-statane og innbyrdes mellom regionale stormakter har utløyst nye krigar.

Ikkje eit einaste år utan krig.

General Mustafa Kemal – som seinare tok namnet Atatyrk – bygde frå 2019 ein brei religiøs og nasjonal front for å forsvare det muslimske kalifatet mot stormaktene som hadde knust Det osmanske riket. «Den nasjonale pakta» – Misak-ı Milli – er namnet på den breie plattforma for uavhengighetskrigen. Kartet over det eg kallar «Stor-Tyrkia» er del av pakta.

Så seint som i mars 1923 svara Atatyrk slik da journalistar spurde kva slags rettar kurdarane skulle ha i den nye staten Tyrkia:

«I stedet for å betrakte det kurdiske spørsmålet isolert, vil vi etablere former for lokal autonomi i samsvar med vår grunnlov. Derfor vil de provinser som er overveiende kurdiske, kunne ha sin egen autonome administrasjon.»

På den avsluttande fredskonferansen i Lausanne sju månader seinare nådde Atatyrk likevel ikkje fram med kravet om eit stort Tyrkia. 

Kurdisk og palestinsk frigjeringskamp

Berre sju år seinare – i september 1930 – snakka Tyrkias justisminister Esat Mahmut Bozkurt  om kor nødvendig det var å knuse  den kurdiske frigjøringskampen:

«Dette er en krig mellom to raser, og det er verken den første eller den siste. (…) Tyrkeren er sitt lands eneste herre. De som ikke er av rein tyrkisk avstamming, har bare en rettighet, nemlig retten til å være tjener og slave.»

Settlarar i Palestina og den israelske okkupasjonsmakta snakkar vel i dag omtrent slik som den tyrkiske justisministeren gjorde i 1930.

På 1930-talet tok palestinarar opp kampen mot England og sionist-leiarane som ville gjere Palestina til ein stat berre for jødar.

Det store palestinske opprøret på 1930-talet vart knust. På omtrent same tid knuste den tyrkiske hæren det kurdiske opprøret i Dersim og drap fleire tusen. Ingen veit kor mange som vart slakta ned der, men president Erdogan sa det var fleire enn 13 000 da han 23. november 2011 ba om orsaking (!) for massakren. (BBC 23. november 2011.)

Eg skal komme tilbake til fellestrekka mellom kurdisk og palestinsk frigjøringskamp.

2. Samanhengen  mellom Nord- og Aust-Syria og dei andre krigane i Midtausten i dag.

Her tar eg berre med 3 punkt.

  1. Islamsk stat (IS) er framleis aktiv i Irak og Syria, både militært og politisk.  IS vaks fram etter den amerikanske invasjonen i Irak i 2003 og nådde eit høgdepunkt i 2014. IS styrte da store delar av Irak og Syria.

Den regulære IS-hæren vart nedkjempa i mars 2019 og IS mista da det siste landområdet. I 2022 utfører «nedgravde» IS-celler terroraksjonar både i Syria og Irak.

  • Tyrkias krig for å utvide dei tyrkisk-okkuperte landområda i Irak og Syria. Med støtte frå NATO og dermed frå Norge.
  • Iran intensiverer undertrykking av alle demokratiske krefter og trappar opp krigen mot kurdiske organisasjonar som driv ulike former for folkeleg organisering i Rojhelat, den kurdiske landsdelen.  Det nye er at drapet på enda ei kurdisk kvinne i Iran, Mahsa (Zhina) Amini, har utløyst tverrpolitiske, verdsomfattande protestar.

Demoen på laurdag her i Tromsø, der Serias heldt appell, var ein del av ei global solidaritetsrørsle.

Så nokre stikkord om situasjonen akkurat no, i oktober 2022.

I Irak fører Tyrkia bakkekrig med luftstøtte og bruk av kjemiske våpen. Berre PKK-geriljaen gjer motstand.

I Syria har Tyrkias eigne bakkestyrkar og leigesoldatar starta innføringa av direkte tyrkisk styre i dei områda som Tyrkia har okkupert i fleire år. Tre tyrkiske provinsguvernørar styrer kvar sin del av dei okkuperte områda.

Tyrkia bygger nye bustadområde i dei okkuperte områda, slik settlarane gjer i Palestina. Erdogan vil «gi» desse husa til flyktningar frå andre delar av Syria.

I Nord- og Aust-Syria gjennomfører Tyrkia daglege fly, drone og rakettåtak utafor dei okkuperte områda. Mange angrep er retta mot sivile mål.

I Dag og Tid skreiv eg nyleg detaljert om slike angrep som eg sjølv har sett resultatet av. Den tyrkiske ambassadøren benekta at Tyrkia bomba sivile mål. Og så føyde han til:

«If the writer is so sure that these attacks were against civilian targets and were carried out by us, he should inform us the next time when he travels so that we can make sure that his destination will be exempt from such attacks, if he is always with innocent civilians on the ground there.»

Korleis kan Tyrkia gi meg ein slik lovnad viss det ikkje er Tyrkia som gjennomfører angrepa?

Så til det eg eigenleg skal snakke om:

Bygginga av eit nytt samfunnssystem i Nord- og Aust-Syria i åra frå 2012 til 2022.

Utgangspunktet: Unge revolusjonære i Syria som var inspirert av PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet), starta på 1980-talet politisk massearbeid på den kurdiske landsbygda i nord. Arbeid ute på jordene om dagen – folkeopplysning og politiske diskusjonar om kvelden. År etter år. Eg besøkte nokre av dei på 1990-talet.

I 2003 var dei så sterke at dei oppretta eige parti: Det demokratiske einskapspartiet (PYD).  Året etterpå møtte eg nokre av medlemmane i sentralkomiteen. Dei forklarte m.a. at partiet ikkje ønska  å bryte ut av Syria og opprette ein kurdisk stat.

Frå kurdisk revolusjon i 2012 til fleirkulturell revolusjon i dag.

Revolusjonen i Rojava i juli 2012 omfatta berre dei tre, nokså små kurdiske landsdelane: Efrin, Kobanê og Cizire:

Leiinga i PYD utnytta situasjonen og tok makta da Assad-regimet var kraftig svekka.

Seinare har dette utvikla seg til store område der kurdarane er i mindretal. Den kurdiske revolusjon har vorti ein tverrkulturell eller tverrnasjonal revolusjon.

Frontlinjene i nordlege Syria i juni 2022:

Gult: Den Autonome administrasjonen i Nord og Øst Syria (AANES)
Grønt: Okkupert av Tyrkia i 2016 og 2018
Grått:  Okkupert av Tyrkia i 2019
Rosa: Den syriske regjeringa

Det offisielle namnet på det sjølvstyrte området er no: Den autonome administrasjonen i Nord og Aust Syria. Engelsk forkorting er AANES.

Dette er nokre av særtrekka:

  • Kvinner og menn er likestilte medleiarar. Dette er flytting av makt frå menn til kvinner.  Enno ikkje gjennomført overalt.
  • Rett til å lære sitt eige språk i den offentlege skolen. Tre offisielle språk: Kurdisk, Arabisk og Assyrisk. Dette skaper store problem fordi berre Assads arabiske undervisningsopplegg er anerkjent av Syria og andre statar.
  • Alle folkegruppene har same rett og plikt til å delta i samfunnsstyringa på alle nivå.

Det finst ikkje noko som liknar på dette i andre land i Midtausten. Og sannsynlegvis heller ikkje i verda for øvrig.

Val på dei to lågaste nivåa vart gjennomført hausten 2017. Mange parti deltok og er representert i folkevalde organ. PYD fekk størst oppslutning.

Den sentrale folkevalde forsamlinga (som ikkje kallar seg parlament eller nasjonalforsamling) er per i dag personar/leiarar som er utpeika frå eit utal av parti og andre organisasjonar. Det har ikkje vori muleg å gjennomføre vanleg val.

Eg syns det er rart at den nye samfunnsordninga har overlevd krig, terror og anna motstand i 10 år. Tyrkia har likvidert mange leiarar, på omtrent same vis som Mossad likviderte palestinske leiarar for nokre tiår sia. Sjølvstyret har likevel vorti utvida, utvikla og forandra.

Taktiske alliansar med fiendar

Samtidig er dei omgitt av fiendar på alle kantar, fiendar som dei mange gonger har inngått nødvendige taktiske alliansar med.

Den taktiske alliansen med USA mot IS i oktober 2014 er det mest kjende eksemplet.

IS som fram til da hadde gått frå siger til siger, ville ha vunni enda ein siger i grensebyen Kobanê hausten 2014, viss den kurdiske revolusjonære rørsla ikkje hadde inngått ein taktisk allianse med sin eigen strategiske fiende.

Tidleg i oktober 2014 såg eg tyrkiske tanks som sto klare til framrykking rett utafor Kobanê, på den tyrkiske sida av grensegjerdet. Dei første amerikanske bombene øydela IS-tanks i den austlege utkanten av Kobanê 4. oktober 2014.

Leiarane i PYD – det demokratiske einskapspartiet – vart neppe overraska da USA kort tid etterpå støtta den første tyrkiske bakkeinvasjonen i Nord-Syria.

Forankra i eigen kultur og eiga historie

Denne revolusjonære rørsla står på eigne bein, forankra i eigen kultur og historie. Dei er derfor annleis enn dei samfunna der revolusjonære i andre delar av verda har vunni sigrar og nederlag.  – Alle revolusjonære sigrar for å bygge eit nytt samfunn etter kapitalismen, har hittil vori midlertidige.

Det som starta som ein kurdisk revolusjon i Rojava juli 2012 er i dag ei tverrkulturell nyordning av samfunnet i eit område som dekker nær ein tredjedel av Syrias landområde. Arabarar, kurdarar, assyrarar, tsjerkessarar, armenarar, turkmenarar og andre folk samarbeider for å skape ei felles framtid med ein ny type folkestyre. – Det er sjølvsagt motstand mot dette, og særleg mot flytting av makt frå menn til kvinner. Og IS har mange sympatisørar, særleg i dei søraustlege område. IS har pengar nok og rekrutterer på svolt og arbeidsløyse.

Ein kurdisk soldat – ein mann – sa det slik da eg i 2016, møtte han ved frontlinja mot IS: «Det gir ikkje meining å snakke om demokrati før kvinner har like stor makt som menn.» Han snakka ikkje om formell likestilling, men om makt til å styre samfunnet.

Eg har enno ikkje høyrd liknande utsagn frå ein revolusjonær mann i Norge.

Farleg for herskarane i Midtausten og for USA og Russland

Den nye samfunnsordninga i Nord- og Aust-Syria er eit trugsmål både mot imperialiststatane og mot overklasse og statsleiarar i heile Midtausten. Statsleiarane og herskarsjikta i Tyrkia, Iran, Israel, Irak og Syria, for å berre nemne nokre av dei største, vil miste makt og kontroll viss nyordninga vinn fram i fleire statar. Det var ikkje tilfeldig at IS vart finansiert frå Qatar og Saudi Arabia. Desse statane rivaliserer innbyrdes, men alle ønskjer å knuse det tverrkluturelle folkestyre-eksperimentet i Syria.

Verken Assad, Erdogan eller presteregimet i Iran kan tenkje seg å flytte makt frå menn til kvinner.

Dei revolusjonære må etter evne utnytte dei innbyrdes interessemotsetningane mellom desse statane.

Det handlar om kontroll over olje- og gasskjelder og naturressursar som enno er lite kartlagt. Det handlar ikkje minst om kontroll over dei store elvene.

*

Kanskje vil dei revolusjonære i Nord- og Aust- Syria klare å forsvare og utvikle den nye samfunnsordninga 10 år til.

Kanskje blir det revolusjonære regimet knust.

Det kan godt gå slik viss Tyrkia, Iran, USA, Irak, Russland og Assad-regimet i Syria, eller dei fleste av dei, får til å samordne seg, på tvers av interessemotsetningane seg i mellom.  I dag er Tyrkias president Erdogan kanskje den viktigaste alliansebyggaren mellom dei som vil knuse revolusjonen i Nord- og Aust-Syria.  Han satsar på vere alliert med både USA og Russland, som for tida er på krigsfot og ikkje på talefot.

**

Midt i dette er internasjonalt solidaritetsarbeid viktig.

Samarbeid og etterkvart samordninga mellom demokratiske og revolusjonære krefter i Midtausten er truleg enda viktigare.

Det siste året har eg møtt mange både i Kurdistan og i Palestina som ønskjer eit gjensidig samarbeid mot det som i stor grad er felles fiendar. Dei viser til fleire gode erfaringar frå dei siste 100 åra.

1982: Revolusjonære kurdarar og

revolusjonære palestinarar hjalp kvarandre.

Ei slik erfaring er frå januar 1982. George Habbash var leiar i PFLP, Folkefronten for frigjering av Palestina, som vart stifta i 1967. Habbash  ga ei  viktig handsrekning til Abdullah Öcalan som var leiar i PKK – Kurdistans arbeidarparti. PFLP hadde 15 års erfaring. PKK vart oppretta i 1978 og var ein revolusjonær nykommar. PFLP ga PKK lov til å opprette ein utdannings og treningsleir i Bekaa-dalen i Libanon. I januar 1982 åpna PKK det dei kalla Akademiet i denne leiren. 

Det første kullet var ferdigutdanna i juni 1982. Istadenfor å reise tilbake til Kurdistan vedtok dei å slutte seg til palestinarane sin forsvarskamp mot den israelske invasjonen i Libanon. I 1998 møtte eg ein av dei som var med på det første kullet. Da var han i ein PKK-leir i Qandil-fjella i Nord-Irak. Han fortalde meg at mange av kameratane hans i PKK vart martyrar i den krigen. Det vart og mange andre kurdarar som var i Libanon da.

Enkelte kurdiske leiarar er alliert med Israel

Samtidig er andre kurdiske leiarar tett alliert med Israel. Israel kan alltid stole på dei som i dag styrer Den kurdiske regionen i Irak: Toppane i Barzani-klanen og i Kurdistans demokratiske parti. Dei og regjeringa i Israel støttar kvarandre i stort og smått.

I Oslo har eg sett at Partiet De Kristne – som er 110 prosent Israel-vener – har stilt på gata med israelske flagg for å vise støtte til Kurdistans demokratiske parti og Barzani.

Norge er eit lite imperialist-land som i praksis står på feil side i dei fleste spørsmåla som gjeld undertrykte folks frigjeringskamp. Både palestinarar og kurdarar merkar kor lite gode ord frå den norske regjeringa er verd.

Heilt i det små, kan samarbeid mellom den store, 50 år gamle Palestinakomiteen og det 8 år gamle Solidaritet med Kurdistan vere eit lite, men politisk viktig bidrag.

Du kan melde deg inn i Solidaritet med Kurdistan her og no.

https://solidaritetmedkurdistan.no/bli-medlem/

Eg oppfordrar deg og til å bli medlem i Palestinakomiten viss du ikkje alt er det.

For å drive enkelt solidaritetsarbeid for ungar i Nord- og Aust- Syria kan du

bidra til Foreningen fotballbaner for jenter og guttar i Kobane, Raqqa og Qamishlo.