Av Erling Folkvord, medleiar i Solidaritet med Kurdistan. På trykk i Dagsavisen 26. januar.2018.
Målet med Tyrkias invasjon i Syria er tydeleg: Å øydelegge det tverrkulturelle folkestyret i den kurdiske landsdelen sia 2012. President Erdogan og andre statsleiarar i Midtausten er redde for demokrati.
Men vi bør og sjå på dei lange linjene i Tyrkisk politikk. Mustafa Kemal Atatyrk, som grunnla staten Tyrkia, utforma i 1920 Den nasjonale pakt . Nasjonalforsamlinga vedtok pakta som trekte opp nye grenser. Delar av fleire naboland skulle bli ein del av Tyrkia. Men Atatyrk nådde ikkje dette målet.
President Erdogan har i fleire år snakka offentleg om at det er på tide å leve opp til arven frå Atatyrk. Den nasjonale pakta seier at statsgrensa mot Syria skal gå sør for Aleppo og sør for Raqqa. I Irak skal grensa gå sør for oljebyane Kirkuk og Mosul.
Før kampane om Mosul sende Tyrkia tanks og soldatar til ei forlegning ved Mosul, 100 kilometer inne i Irak. «Vi har ei historie der», som Erdogan sa. Men USA nekta Erdogan å delta i frigjeringa av Mosul.
Statsministerkontoret i Ankara kunngjorde søndag at målet i Syria er å raskt ta kontroll over 10 000 kvadratkilometer syrisk territorium. Det er det tredobbelte av området Tyrkia okkuperte på Kypros i 1974. FN og eit samla verdssamfun fordømte den okkupasjonen.
Men i dag er statsminister Erna Solberg og NATO-kollegaene tause eller kanskje litt høfleg «bekymra». Om dei tok FN-pakta på alvor, hadde dei for lenge sia innkalla hastemøte i NATO og kravd tilbaketrekking av den tyrkiske invasjonsstyrken.