Støtt Ukraina! Stopp Putin og Erdogan – forsvar folkeretten

Landsmøtet i Solidaritet med Kurdistan (SolKurd) fordømmer den russiske invasjonen i Ukraina. Landsmøtet oppfordrar alle til å støtte Ukrainas og det ukrainske folkets forsvarskamp mot okkupanten.

24. februar 2022 blir ståande i europeisk historie som eit dystert minne om president Vladimir Putins vilje og evne til å knuse eit naboland. Vi er glad for at statsminister Gahr Støre og utanriksminister Huitfeldt straks sa høgt og tydeleg at invasjonen er grove brot på folkeretten, og at dei lova både å hjelpe Ukraina og å ta i mot flyktningar.

SolKurd meiner at folkeretten er universell. Folkeretten skal verne alle statar og alle folk.  Da blir spørsmålet: Korfor reagerer ikkje regjeringa med handling når statar og sivilbefolkning utafor Europa blir ramma av like grove brot på folkeretten?

Frå 2016 og til i dag har Tyrkia gjennomført tre invasjonar i Syria. Tyrkia okkuperer no syrisk jord langs om lag halvparten av grensa mellom dei to statane. Tyrkiske åtak mot landsbyar utafor dei okkuperte områda er daglegdags. Fly, droner og artilleri.

I april 2021 starta Tyrkia ein ny offensiv lengst nord i nabolandet Irak. Same oppskrift som i Syria: Fly, droner og bakkestyrkar for å utvide områda som Tyrkia lenge har okkupert i Irak.  Nye angrep kvar dag, i februar og hittil i mars.

Tyrkia fører krig for å fordrive dei som bur nær dei okkuperte områda i Irak og Syria. I Afrin – lengst nordvest i Syria – har Tyrkia jaga titusentals kurdarar frå hus og heim. Okkupasjonsmakta har seld eller gitt bort dei «ledige» husa til ikkje-kurdiske innflyttarar frå andre delar av Syria.

Russlands president Putin og Tyrkias president Erdogan fører krig for kvar sine stormaktsdraumar. Begge bryt folkeretten. Begge invaderer nabostatar. Og dei er ikkje aleine. Heilt sia staten Israel vart oppretta på palestinsk jord i 1948, har Israel bryti folkeretten med invasjonar, okkupasjon og apartheid-politikk.

Landsmøtet SolKurd krev at regjeringa og Stortinget no viser handling mot brot på folkeretten, både i og utafor Europa og uavhengig av kven forbrytaren er.