Av Svein Olsen og Erling Folkvord, medlemmar i Raudt.


I ly av Ukraina-krigen starta Tyrkias president sin eigen militære «spesialoperasjon». Målet er eit ny-osmansk sultanat
FAKTA
- Stor-tyrkisk offensiv:
- I påska sette Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan i verk åtak på den kurdiske delen av Irak.
- I denne teksten ser Erling Folkvord og Svein Olsen åtaket som et ledd i Erdogans draum om å realisere eit Stor-Tyrkia, slik det vart teikna opp av Tyrkias grunnleggar Atatürk i «Den nasjonale pakten» frå 1920.
- I denne pakta inkluderte Atatürk mellom anna område i Kurdisan som no ligg under Irak og Syria. Dette territoriet vart den gongen ikkje godkjent av Frankrike og England, som ikkje ville gje frå seg kontrollen over dei petroleumsrike områda.
- Forfattarane har nettopp kome heim frå ein lengre tur i området.
Har verda forandra seg? I nokre tiår har vi reist i Midtøsten: I dei fire delane av Kurdistan (Tyrkia, Syria, Iran og Irak), i Jordan og i Palestina. Da vi i mars var på rundtur i den kurdiske delen av Irak (Sør-Kurdistan), hadde krigsreportasjane frå Ukraina endra synet vårt på verdssituasjonen. I by og bygd snakka vi med arabarar og kurdarar. Ikkje ein av dei sa: No har verda forandra seg!
I dei fleste av desse statane har vi sett menneske på flukt og andre resultat av invasjonar, krigsbrotsverk og etnisk fordriving. Dei eldste flyktningleirane er 75 år gamle. Regionale leiarar med maktambisjonar og stormakter på jakt etter jordas ressursar, har skapt krigshelvete og statsterror. I tillegg driv IS (Den islamske staten) framleis meiningslaus terror i ruinane etter nokre av krigane.
Men mest av alt har vi i desse åra møtt menneske som har tatt opp kampen for sitt eige menneskeverd, for kvinnefrigjering og folkestyre. Nokre av dei er no døde. Mange er lemlesta eller sit i fengsel. Dei har betalt ein høg pris. Men dei held fast på håpet om ei betre verd. Dei gir ikkje opp.
Kurdarane er eitt folk og har ei årtusenlang felles historie. Eit tema gjekk igjen i samtalane vi hadde på siste rundturen: «Kan Kurdistan no bli eit ‘Ukraina’ i Midtausten?» Mange er redde for nye krigar i skyggen av krigen i Europa. Kan gass, olje og andre naturressursar frå Kurdistan bli «løysinga» for eit energifattig Europa viss dei russiske olje- og gasskranene blir stengt? Eller kanskje statsleiarane i Tyrkia, Iran, Irak, Israel og Syria no grip sjansen, og utvidar krigføringa si? I eigne land og i nabolanda.
Palestina har vori okkupert i 75 år. No utnyttar Israel situasjonen på sitt vis. Statsterroren mot palestinarane hardnar til. Kvar dag i dei siste to vekene har settlarar og den israelske okkupanthæren tatt livet av palestinarar på Vestbredden og i Jerusalem. 14 år gamle palestinske ungar med ein stein i handa må rekne med å bli skotne, fordi dei i følgje okkupanten er «terroristar» og ein trussel mot ei av verdas største militærmakter. Israel drit i internasjonal lov. Okkupasjonen av Palestina og dei illegale busettingane er gong på gong dømt illegale og i strid med folkeretten. Og Norge følgjer ikkje opp med sanksjonar. Er det fordi Israel er «vår» okkupant?
Mens vi var i Sør-Kurdistan – eller Nord-Irak – sende Iran rakettar mot regionhovedstaden Hewler (Erbil på arabisk). Iran hevda at dei var retta mot eit «israelsk strategisk senter» i byen. Da hadde president Erdoğan alt gjort seg verdskjend som fredsmeklar mellom Ukraina og Russland. Han samarbeidde med Israels statsminister Naftali Bennett som reiste til Kreml og møtte president Putin. Jerusalem Post slo fast at «Israel kan bli sikkerhetsgarantist for Ukraina». Erdoğan samla så dei stridande partane i det sagnomsuste Dolmabahche-palasset, hovudkvarteret til dei siste osmanske sultanane.
Vi var knapt heimkomne frå Kurdistan før Erdoğan var tilbake i den vanlege rolla si: 17. april starta han eit nytt felttog. Tyrkisk presse skriv at dette er den hittil største invasjonen i Irak. Dei fleste ofra er sivile og blir – akkurat som i Palestina – jaga frå landsbyane sine.
Kva er Midtausten? England og Frankrike delte opp Midtausten for 100 år sia. Fire statar – Tyrkia, Irak, Iran og Syria – «fekk» kvar sin del av Kurdistan. Statsgrensene vart tilpassa stormaktenes ønskjer om kontroll over koloniar og ressursar, ikkje folka sine nasjonale demokratiske rettar. Midtausten er rikt på olje og gass. Det gjeld óg Kurdistan, jamstort med Spania. Og i Palestina vart «jødenes nasjonalhjem» etablert. Europas «jødeproblem» var løyst.
I desse hundre åra har kolonikrigar ridd Midtausten som ei mare, og dei siste 40 åra har vori katastrofale. Det eine «Ukraina» har avløyst det andre. Vi har sjølv vandra rundt i ruinbyar lik dei vi no ser i Ukraina. Flyktningestraumane er dei same, berre litt mørkare i huda. Frigjeringsrørsler har og avløyst kvarandre. Dei kjempar framleis med større og mindre hell.
Desse frigjeringsrørslene som representerer folkas håp om ei betre framtid og eit verdig liv, kan grovt sett delast i to. Ein del med utgangspunkt i dei gamle religiøse og føydale overklassane, og ein del med eit folkeleg og sekulært grunnlag. Slik er det i Kurdistan, i Palestina, i Jemen osv. Alle kjempar dei ein ulikeverdig kamp, terrorstempla og aldri beskytta av internasjonal lov og rett. Unntaka frå dette er berre dei få som tener stormaktsinteresser eller regionale herrar. Dette er ikkje vanskeleg å få auge på: Sør-Kurdistan har dei siste 20 åra hatt varierande grad av autonomi innafor Irak.
NATOs Tyrkia bombar og invaderer no både i Irak og Syria, med godkjenning frå USA og Russland. Israel gjer det same. Nord-Irak er i dag styrt av to parti med bakgrunn i gamle klanar/familiar. Dei har delt området mellom seg. For å halde på makta si har dei gjort seg økonomisk avhengige av nabostatane, særleg Tyrkia. Korrupsjonen i «stats»-leiinga er altomfattande. Befolkninga lir og er rasande. Mange vi snakka med, frykta at Erdogans truslar om full invasjon i 2023 er alvorlig meint, og at Russlands krig i Ukraina vil gjere dette lettere.
Klan- og partileiarane Jelal Talebani og Mesud Barzani i Sør-Kurdistan utnytta situasjonen da USA okkuperte Irak i 2003. Dei støtta okkupasjonsmakta og skjerpa konfliktane mellom arabarar og kurdarar. Ein småbrukar vi møtte i 1998, sa det slik: Barzani er alltid alliert med nokon, men aldri med sitt eige folk,
Rojava er den kurdiske delen av Syria. Her starta opprøret mot Assad-regimet allereie i 2004, lenge før det arabiske opprøret i 2011. I 2012 vart Assad jaga ut av mesteparten av Rojava. Kurdisk, som hadde vori forbode, vart undervisningsspråk. Kvinnefrigjering og eit nytt folkestyre nedafrå var hovudsaker. Dette er ei av dei folkelege og sekulære rørslene. I løpet av 10 år har opprørane utvikla dette til den tverrkulturelle Autonome Administrasjonen av Nord og Aust-Syria (AANES). Ei kurdisk kvinne og ein arabisk mann er i dag likestilte med-leiarar i AANES. Alle har – uavhengig av nasjonalitet – same rett og plikt til å delta i det desentraliserte folkestyret. Tre offisielle språk er likestilt: Assyrisk, arabisk og kurdisk. Alt dette er noko nytt i Midtausten. Dette forsøket på å bygge demokrati nedanfrå er eit oppgjer med patriarkalsk undertrykking av kvinner. Og samtidig ein trussel mot Assads regime, mot stormaktsambisjonane til Erdogan og mot USAs og Russlands interesser. Leiarane i Rojava har samtidig fått kritikk fordi dei i 2014 oppretta ein taktisk allianse med USA mot IS (Islamsk stat). Alternativet var å bli knust og fordrivi av IS. .
På vegner av Tyrkia har Erdogan ambisjonar. Han vil bli større enn general Mustafa Kemal Atatyrk som i 1923 grunnla staten Tyrkia. Det året gjekk Atatyrk på eit audmjukande nederlag på Lausanne-konferansen. Der avslutta sigerherrane frå den første verdskrigen oppdelinga av Midt-Austen. Atatyrk fekk ikkje det Stor-Tyrkia som han tre år tidlegare hadde skrivi inn i Den nasjonale pakta. (Sjå kartet.) England og Frankrike ga ikkje frå seg kontrollen over dei olje- og gassrike områda i Nord-Syria og Nord-Irak. Erdoğans ønskje om revansj er no ein viktig årsak til invasjonane i Syria og Irak.
Barzani-styret i Sør-Kurdistan er i praksis alliert med Tyrkia. På den tredje krigsdagen møtte Erdogan i parlamentet og retta ein takk til Barzani for støtte til invasjonen.[1]
Tyrkia har NATOs nest største hær. Tyrkiske aviser skriv at dei no brukar nesten alt dei har: Kommandosoldatar og andre bakkestyrkar, dronar, jagarfly, helikopter, rakettar og tungt artilleri. Alt, unntatt marinen, er på krigsfot i Sør-Kurdistan.
Etter åtaket på Ukraina, gjentar europeiske politikarar at invasjon i ein annan stat er brot på folkeretten. Daily Sabah skriv at forsvarsminister Akar forsikrar at Tyrkia «tar omsyn til Iraks territoriale integritet». Operasjonen «er berre retta mot terrorister.» Samtidig vart den tyrkiske ambassadøren i Irak innkalla til utanriksdepartement for å motta ein sterk protest.
Om vi hadde eit av dei nyaste satelittfotoa over krigsområdet framfor oss, ville vi sett at dette er krig for å utvide dei områda i Irak som Tyrkia lenge har okkupert. Dette må til viss Erdoğan skal bli større enn Atatyrk. Han må og utradere geriljaen til PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet), dei einaste som slær tilbake mot invasjonshæren.
Revansje for Atatyrks nederlag? For fem år sia sa Erdoğan at han vil «fortsette å arbeide dag og natt» for målet som er å gjere Tyrkia større. Han lovar å realisere Den nasjonale pakta frå 1920. Dei tre invasjonane i Syria dei siste fem åra er og ein del dette prosjektet. I ein tale i fjor haust lova han at 100-årsdagen for Lausanne skal bli «den største milepælen på vegen mot å bygge eit stort og sterkt Tyrkia.» 100-årsdagen er 23. juli 2023.
Er det fellestrekk mellom Putins kamp for eit nytt Tsar-Russland og Erdogans kamp for eit ny-osmansk sultanat? Mykje kan tyde på at det russiske åtaket på Ukraina gir Erdogan ei uventa åpning for prosjektet hans. Bekymringa er stor både i Nord og Aust-Syria og i Nord-Irak. Kva vil Iran og Israel gjere? Spørsmåla er mange og svara få.
Vil USA/NATO og Europa no ta i bruk folkerett og sanksjonar mot okkupantane i Midtausten, slik dei gjer i Ukraina? Eller skal dobbeltmoralen fortsette å skjerme «våre» okkupantar og krigsherrar?
[1] I talen i parlamentet sa Erdogan: «Eg takkar den sentrale regjeringa i Irak og den regionale administrasjonen for deira støtte til vår kamp mot terror»
Artikkelen ble publisert første gang i Klassekampen 23.04.2022