
Under kan du sjå bilete frå Erling Folkvord og Svein Olsens sin tur til Kobanê i juni 2015. Som ein kan sjå er øydeleggingane store. Bileta er tatt av Erling Folkvord.
Ungkurds demonstrasjon ved Den tyrkiske ambassaden i Oslo 30. juni 2015
Erling Folkvord, som er medlem i Arbeidsutvalet i Solidaritet med Kurdiostan, heldt denneappellen.
Eg er her som medlem av AU i Solidaritet med Kurdistan og takkar Ungkurd for invitasjonen.
For drygt to veker sia kom Svein Olsen og eg heim frå besøk i Kobanê. Vi var der i ei veke. Vi møtte Dr. Ahmed Hikmet, overlege ved den klinikken Leger Uten Grenser finansierer i Kobane. Han viste oss rundt i ein klinikk der legar og sjukepleiarar arbeidde sjølv om dei mangla nesten alt av utstyr og medisinar. Dei mangla nesten alt fordi Tyrkia nektar å sleppe det utstyret dei treng, over grensa.
Ein del av terroristgruppa frå IS som rykka inn i Kobane by natt til torsdag, kom over grensa frå Tyrkia. Augevitner har stadfesta dette.
Nokre av terroristane okkuperte Leger Uten Grenser-klinikken. Vi veit ikkje om IS drap pasientar eller nokon av dei som arbeidde på klinikken. Dei øydela så mye dei kunne av klinikken før bygninga vart omringa av YPG og YPJ, og terroristane såg dei ikkje hadde nokon veg ut. Da sprengte dei seg sjølv i lufta og øydela enda meir.
I går opplyste myndighetene i Kobane at terroristane drap 233 sivile frå torsdag til laurdag. 273 sivile vart skada. Dødstala kan stige, ikkje minst fordi Kobane, på grunn av den tyrkiske blokaden, ikkje har brukbare sjukehus og medisinsk utstyr.
Mi helsing til den tyrkiske ambassadøren her i Oslo, er enkel:
- President Erdogan har blod på hendene.
- President Erdogan er ansvarleg for at IS-terroristane som massakrerte sivil, kunne rykke inn over den tyrkiske grensa.
Til slutt: Tre oppfordringar til statsminister Erna Solberg og utanriksminister Børge Brende:
- Innkall den tyrkiske ambassadøren til Utanriksdepartementet og gi han klar beskjed om kva som er den norske regjeringas syn på den siste massakren og den tyrkiske medverkinga.
- Reis forslag i FN om å opprette ein uavhengig kommisjon som på vegne av FN undersøker alle forhold rundt IS-massakren i Kobane frå 25. – 27. juli 2015.
- Send straks humanitær hjelp til Kobanê. Bruk om nødvendig den nye innreisevegen frå Den kurdiske regionen i Irak.
Så må vi alle styrke solidaritetsarbeidet for Kobane og for heile Rojava. Folkestyret i Rojava gir håp om ei fredeleg framtid for alle folka i Syria.