Kva slags krig fører Tyrkia mot kurdarane?

Erling Folkvords artikkel på trykk i Dag og Tid 23. september 2016.

 

– Hundretals sivile kunne ha overlevd portforbodet i Cizre, viss Tyrkia berre hadde vorti utsett for høveleg diplomatisk press. Parlamentsmedlem Faysal Sarıyıldız ordla seg slik da han sist  måndag møtte Menneskerettskommisjonen i FN.

Cizre er ein av dei vakre byane langsmed Tigris, ikkje så langt unna grensa til Syria. Sist vinter var Faysal Sarıyıldız frå Det demokratiske folkepartiet (HDP),  i Cizre alle dei 79 dagane med  portforbod. Han var augevitne til massakrane og retta appellar til europeiske parlamentarikarar. Alt var fånyttes. Portforbodet var ein del av president Erdogan sitt svar etter valnederlaget 7. juni 2015.

Sarıyıldız sin tale til Menneskerettskommisjonen  reiser fleire spørsmål: Kva slags krig fører Tyrkia mot kurdarane? Korfor står den norske regjeringa framleis bakom ein alliert som fører ein slik krig?

Krigane i Midtausten i dei siste 25 åra har mest handla  handla om råderetten over olje og gass. Den tyrkiske krigen mot kurdarane handlar om noko anna. Augevitnet Faysal Sarıyıldız  kan kanskje gi ein peikepinn om kva dette andre er:

  • Politi og soldatar drap 257 menneske i løpet av dei 79 dagane med portforbod i Cizre. 24 av dei var born.
  • Sarıyıldız minna om dei desperate appellane frå dei 143 som hadde søkt tilflukt i tre kjellarar i byen. Dei fekk ingen svar. Soldatane følgte ordre og brente dei levande.
  • Han fortalde om tyrkiske soldatar som sende skotsalvar mot han og andre da dei 20. januar prøvde å hjelpe skadde sivile slik at dei kunne få legehjelp.
  • Sarıyıldız er frå området og kjende sjølv dei fleste som vart brent til døde. Fleire vart aldri identifisert. Sikker identifikasjon var uråd fordi soldatane hadde partert dei brente kroppane.

Den langvarige  tyrkiske krigen er ikkje retta berre mot dei som lever. President Erdogan fører og krig mot dei døde. Eg trur han gjer det for å krenke dei som lever.

Respekten for martyrane er ein del av kurdisk kultur. Martyrane har ofra livet for kurdisk fridom. Du ser nesten alltid eit eller fleire martyrbilete på veggen når du besøker ein familie i Kurdistan. Martyrbileta viser vørdnad for dei som ga sitt eige liv i kampen for dei som lever vidare. I alle delane av Kurdistan finn du den same haldninga: Vørdnad for martyrane.

Gravskjendingi Kandil

Den tyrkiske regjeringa har eigne metodar for å krenke både martyrane og dei etterlatne. I lag med Jan Erik Vold og andre vener frå Norge besøkte eg for ein del år sia eit utdannings- og mediesenter i Kandil, lengst nord i Irak. Ein minnelund for falne geriljasoldatar gjorde inntrykk på meg. Små, men forseggjorte minnesmerke med namn og persondata for kvar martyr. I ein enkel minnehall  såg vi portrettfoto av alle. Unge kvinner som berre vart atten eller nitten år. Menn som møtte døden etter at dei hadde fylt femti. Vi besøkte berre ein av minnelundane. Tusentals geriljasoldatar har ofra livet.

Tyrkia gjennomførte eit vellykka åtak kort tid etter vi var heime i Norge. Erfarne pilotar. Presisjonsbombing. Berre bombekrater var igjen der det hadde stått vakre og personleg utforma minnesteinar.

Dette var ikkje eit eingongstilfelle. For tre år sia såg eg resultata av eit liknande åtak. Tyrkiske soldatar øydela ein annan minnelund. Denne gongen brukte dei ikkje fly. Soldatar og pansra køyrety var nok. Denne minnelunden i Bagok-fjella, hadde nettopp vorti oppkalla etter ein geriljasoldat som mista livet nokre veker før åtaket. Frå Bagok-fjella er det nokre få mil til grensa mot Syria.

Likskjending i Bagok

Soldatane brukte tunge køyrety. Dei velta gjerdet og knuste gravstøttane. Øydela alt som kunne fortelje at det hadde vori ein minnelund her. Helikoptra flaug lågt over området for å sikre at ingen skulle forstyrre dei som krenka gravfreden.

Soldatane hadde ordre om å gå hardt til verks. Ei overflatisk øydelegging av minnelunden var ikkje nok. Dei åpna grava til geriljasoldaten som nettopp hadde vorti gravlagd. Ein av dei tilsette i kommunen fortalde meg at offiseren som hadde kommandoen, hevda at dei hadde ordre om å ta den døde med til Ankara – for nærmare undersøkjing.

Krig mot kultur

Terrororganisasjonen Daesh øydela i fjor ein del av kulturminna i Palmyra. Søyleradene og området rundt dei står på FN si verdsarvliste. Ikkje rart at vandalismen fekk medieomtale. Ikkje rart at arkeologar og kulturhistorikarar var sjokkert. Krig mot dei som lever i dag, er ikke nok for Daesh. Kalifen i Raqqa fører og krig mot menneska sin felles kulturarv.

For tre veker sia vart grensebyen  Nuseybin i Tyrkia utsett for noko liknande. Byen, som ligg på det frodige slettelandet mellom Eufrat og Tigris,  heitte Nisibis for 2000 år sida. Jacob frå Nisibis grunnla  Nisibis-skolen i år 350. Undervisninga omfatta tre fagfelt: Teologi, filosofi og medisin. Ruinane etter Nisibis-skolen har ikkje vorti tatt like godt vare på som søylegangane i Palmyra. Men dei er der. Med litt restaureringsarbeid kunne dei ha vorti eit minnesmerke over eit intellektuelt nybrottsarbeid som få kjenner til.  

Tyrkiske styrkar øydela delar av Nuseybin  for åtte-ni månader sia, samtidig som massakrane gjekk føre seg i Cizre.  Nisibis-ruinane låg i Kanika, den bydelen som vart mest øydelagd.

  1. september kom tyrkiske styrker enda ein gong til Kanika. No hadde dei med seg bulldosarar, tunge anleggmaskinar og lastebilar. ANF-News rapporterte at dei tyrkiske bulldosarane jevna Kanika med jorda. Lastebilar frakta restane av dei knuste husa og ruinane frå Nisibis-skolen ut av byen.

Båda Tyrkia og Daesh fører krig mot menneskeverd og kulturarv. Daesh tar opp eigne brotsverk på video og legg det ut på internett. Tyrkia ser seg best tent med å unngå medieomtale.

Forstår vi vår eiga  samtid?

Historia gjentar seg ikkje. Det er ikkje lett å fatte  kva eit diktatur eller terrorvelde i samtida kan utvikle seg til. Ragnar Vold som var utanriksmedarbeidar i Dagbladet på 1930-talet, var eit unnatak. Han forstod utviklingstrekk i  den tida han levde i. Han ga ut  boka Tyskland marsjerer i  1934, året etter at Adolf Hitler kom til makta.  Vold dokumenterte kva Hitler og hans menn sjølv sa om korleis dei skulle forandre Tyskland og Europa. Han let Hitler og nazismen presentere seg sjølv med eigne ord.

Ein utanriksmedarbeidar i Aftenposten svara med fnysande kritikk: «Han (Vold) vet hverken hvad Tyskland eller nazismen er for noget, og det fins som bekjent intet man er sintere på enn det man ikke forstår det kvekk av.»  No veit vi både at Vold hadde  rett og at svært få tok varslinga hans på alvor i 1934.

Situasjonen i dag er sjølvsagt annleis. Men kanskje finst det og noko som liknar?  I Stortinget er det i dag knapt nokon som snakkar om Tyrkia som eit diktatur. Våre folkevalde snakkar heller ikkje om massakrane i Cizre. Dei oppfører seg om dei aldri høyrde appellane frå augevitne og parlamentarikarkollega Faysal Sarıyıldız. Dei ter seg som om dei ikkje veit at tyrkiske styrkar i løpet av dei siste ni månadene har ivadert  to av nabolanda og ser ut il å bli verande der.  Dei stiller ikkje spørsmålet om kven det er som marsjerer i dag.

Vestens knefall for Erdogan

Leserinnlegg på trykk i Klassekampen 17. september 2016

Mens Tyrkia går inn i nabolandet i sør, for å forsterke krigen mot kurderne og opprette en okkupasjonssone i landet, flokker vestlige ledere seg rundt han for å «gjøre sine hoser grønne» for okkupanten:

  • ­Samtidig som medleder i Demokratisk unionsparti (PYD), Saleh Moslem, på møte i Europaparlaments bygningen 1.september, ba EU om støtte for å bryte blokaden av Rojava, var presidenten i parlamentet, Martin Schulz, i Tyrkia hos statsminister Yildirim, for å bekrefte EU sin støtte til Tyrkia.
  • ­De påfølgende dagene forsikret statslederne i EU­stormaktene Tyskland, Frankrike og Italia sin støtte til Erdogan under G20 møtet i Kina. Det samme gjorde USAs Obama, trass i at Tyrkia utfordrer stormaktens Syria­politikk.
  • ­8.september landet NATO­- sjef Stoltenberg i Ankara for å samordne krigføringen inne i Syria.

At Tyrkias innmarsj i Syria var et åpenbart brudd på folkeretten, overses glatt. Erdogans hykleri om at det er IS som skal tas slukes rått. Enda om Jarablus og grenseområdet som IS har kontrollert ble overtatt på en måte som beviser det tette samarbeidet Tyrkia har med IS.

Feltoget er retta mot kurderne i Syria, samtidig som krigen mot kurderne i Tyrkia også trappes opp. Statsminister Yildirim går ut og stadfester at det ikke er på tale å gjenoppta fredsforhandlinger med PKK, mens bombetoktene mot PKK i Irak og i Tyrkia intensiveres. Straffesaker mot HDPs parlamentsmedlemmer, inkludert lederne Demirtas og Yüksekdağ, settes i gang. 14000 lærere skal ifølge Hurriyet 6.september suspenderes, anklaget for å ha forbindelse med PKK.

Erdogan forfølger sitt dristige, høye spill for å nå sitt mål om å bli det nye Tyrkias landsfader. Han skal overgå Kemal Ataturk, ved også å gjenvinne deler av sultanatets fordums innflytelse i regionen. Å holde kurderne i Syria nede er avgjørende for denne strategien.

Han spiller på rivaliseringen mellom USA og Russland, og ser nå muligheten til å opprette sin såkalte «sikre sone» i det nordlige Syria, gjennom samarbeid med sine partnere i Syria, under flagget til Den frie syriske hæren (FSA). Det eneste sikre resultatet vil være å forlenger krigen i Syria og forsterke lidelsene til det syriske folket, uansett etnisk tilhørighet. Å gå inn i landkrigen i Syria vil i lengden forsterke problemene også internt i Tyrkia.

Når det norske politiske lederskapet ligger langflate for Erdogans Tyrkia, er det opp til solidaritetsbevegelsene, fredsbevegelse og grasrota å gjenreise anstendigheten. Stortinget må presses til å avslutte leveransene av våpen og annet krigsutstyr til Tyrkia. Ta imot Saleh Moslems oppfordring om å stanse embargoen av Rojava. I praksis vil det si å få Barzani i Sør Kurdistan til å åpne grensene derfra. Både norske myndigheter og hjelpeorganisasjoner må følge opp dette. Skal Norsk Folkehjelp holde lovnaden om humanitær hjelp til Kobane, slik de lover i sin siste brosjyre, må de gjøre noe med dette. Og i stedet for å slikke Erdogans støvler, må norske myndigheter invitere kurdiske politikere til Stortinget og regjeringskorridorene.

 

Av Arnljot Ask,

styremedlem Solidaritet med Kurdistan