NATO er i krig – i Kurdistan

Av Svein Olsen og Erling Folkvord, medlemmar i Raudt.

I ly av Ukraina-krigen starta Tyrkias president sin eigen militære «spesialoperasjon». Målet er eit ny-osmansk sultanat

FAKTA


  • Stor-tyrkisk offensiv:
  • I påska sette Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan i verk åtak på den kurdiske delen av Irak.
  • I denne teksten ser Erling Folkvord og Svein Olsen åtaket som et ledd i Erdogans draum om å realisere eit Stor-Tyrkia, slik det vart teikna opp av Tyrkias grunnleggar Atatürk i «Den nasjonale pakten» frå 1920.
  • I denne pakta inkluderte Atatürk mellom anna område i Kurdisan som no ligg under Irak og Syria. Dette territoriet vart den gongen ikkje godkjent av Frankrike og England, som ikkje ville gje frå seg kontrollen over dei petroleumsrike områda.
  • Forfattarane har nettopp kome heim frå ein lengre tur i området.

Har verda forandra seg? I nokre tiår har vi reist i Midtøsten: I dei fire delane av Kurdistan (Tyrkia, Syria, Iran og Irak), i Jordan og i Palestina. Da vi i mars var på rundtur i den kurdiske delen av Irak (Sør-Kurdistan), hadde krigsreportasjane frå Ukraina endra synet vårt på verdssituasjonen. I by og bygd snakka vi med arabarar og kurdarar. Ikkje ein av dei sa: No har verda forandra seg!

I dei fleste av desse statane har vi sett menneske på flukt og andre resultat av invasjonar, krigsbrotsverk og etnisk fordriving. Dei eldste flyktningleirane er 75 år gamle. Regionale leiarar med maktambisjonar og stormakter på jakt etter jordas ressursar, har skapt krigshelvete og  statsterror. I tillegg driv IS (Den islamske staten) framleis meiningslaus terror i ruinane etter nokre av  krigane.

Men mest av alt har vi i desse åra møtt menneske som har tatt opp kampen for sitt eige menneskeverd, for kvinnefrigjering og folkestyre. Nokre av dei er no døde. Mange er lemlesta eller sit i fengsel. Dei har betalt ein høg pris. Men dei held fast på håpet om ei betre verd. Dei gir ikkje opp.

Kurdarane er eitt folk og har ei årtusenlang felles historie. Eit tema gjekk igjen i samtalane vi hadde på siste rundturen: «Kan Kurdistan no bli eit ‘Ukraina’ i Midtausten?» Mange er redde for nye krigar i skyggen av krigen i Europa. Kan gass, olje og andre naturressursar frå Kurdistan bli «løysinga» for eit energifattig Europa viss dei russiske olje- og gasskranene blir stengt? Eller kanskje statsleiarane i Tyrkia, Iran, Irak, Israel og Syria no grip sjansen, og utvidar krigføringa si? I eigne land og i nabolanda.

Palestina har vori okkupert i 75 år. No utnyttar Israel situasjonen på sitt vis. Statsterroren mot palestinarane hardnar til. Kvar dag i dei siste to vekene har settlarar og den israelske okkupanthæren tatt livet av palestinarar på Vestbredden og i Jerusalem. 14 år gamle palestinske ungar med ein stein i handa må rekne med å bli skotne, fordi dei i følgje okkupanten er «terroristar» og ein trussel mot ei av verdas største militærmakter. Israel drit i internasjonal lov. Okkupasjonen av Palestina og dei illegale busettingane er gong på gong dømt illegale og i strid med folkeretten. Og Norge følgjer ikkje opp med sanksjonar. Er det fordi Israel er «vår» okkupant?

Mens vi var i Sør-Kurdistan – eller Nord-Irak – sende Iran rakettar mot regionhovedstaden Hewler (Erbil på arabisk). Iran hevda at dei var retta mot eit «israelsk strategisk senter» i byen. Da hadde president Erdoğan alt gjort seg verdskjend som fredsmeklar mellom Ukraina og Russland. Han samarbeidde med Israels statsminister Naftali Bennett som reiste til Kreml og møtte president Putin. Jerusalem Post slo fast at «Israel kan bli sikkerhetsgarantist for Ukraina». Erdoğan samla så dei stridande partane i det sagnomsuste Dolmabahche-palasset, hovudkvarteret til dei siste osmanske sultanane.

Vi var knapt heimkomne frå Kurdistan før Erdoğan var tilbake i den vanlege rolla si: 17. april starta han eit nytt felttog. Tyrkisk presse skriv at dette er den hittil største invasjonen i Irak. Dei fleste ofra er sivile og blir – akkurat som i Palestina – jaga frå landsbyane sine.

Kva er Midtausten? England og Frankrike delte opp Midtausten for 100 år sia. Fire statar – Tyrkia, Irak, Iran og Syria – «fekk» kvar sin del av Kurdistan. Statsgrensene vart tilpassa stormaktenes ønskjer om kontroll over koloniar og ressursar, ikkje folka sine nasjonale demokratiske rettar. Midtausten er rikt på olje og gass. Det gjeld óg Kurdistan, jamstort med Spania. Og i Palestina vart «jødenes nasjonalhjem» etablert. Europas «jødeproblem» var løyst.

I desse hundre åra har kolonikrigar ridd Midtausten som ei mare, og dei siste 40 åra har vori katastrofale. Det eine «Ukraina» har avløyst det andre. Vi har sjølv vandra rundt i ruinbyar lik dei vi no ser i Ukraina. Flyktningestraumane er dei same, berre litt mørkare i huda. Frigjeringsrørsler har og avløyst kvarandre. Dei kjempar framleis med større og mindre hell.

Desse frigjeringsrørslene som representerer folkas håp om ei betre framtid og eit verdig liv, kan grovt sett delast i to. Ein del med utgangspunkt i dei gamle religiøse og føydale overklassane, og ein del med eit folkeleg og sekulært grunnlag. Slik er det i  Kurdistan, i Palestina, i Jemen osv. Alle kjempar dei ein ulikeverdig kamp, terrorstempla og aldri beskytta av internasjonal lov og rett. Unntaka frå dette er  berre dei få som tener stormaktsinteresser eller regionale herrar. Dette er ikkje vanskeleg å få auge på: Sør-Kurdistan har dei siste 20 åra hatt varierande grad av autonomi innafor Irak.

NATOs Tyrkia bombar og invaderer no både i Irak og Syria, med godkjenning frå USA og Russland. Israel gjer det same. Nord-Irak er i dag styrt av to parti med bakgrunn i gamle klanar/familiar. Dei har delt området mellom seg. For å halde på makta si har dei gjort seg økonomisk avhengige av nabostatane, særleg Tyrkia. Korrupsjonen i «stats»-leiinga er altomfattande. Befolkninga lir og er rasande. Mange  vi snakka med, frykta at Erdogans truslar om full invasjon i 2023 er alvorlig meint, og at Russlands krig i Ukraina vil gjere dette lettere.

Klan- og partileiarane Jelal Talebani og Mesud Barzani i Sør-Kurdistan utnytta situasjonen da USA okkuperte Irak i 2003. Dei støtta okkupasjonsmakta og skjerpa konfliktane mellom arabarar og kurdarar. Ein småbrukar vi møtte i 1998, sa det slik: Barzani er alltid alliert med nokon, men aldri med sitt eige folk,

Rojava er den kurdiske delen av Syria. Her starta opprøret mot Assad-regimet allereie i 2004, lenge før det arabiske opprøret i 2011.  I 2012 vart Assad jaga ut av mesteparten av Rojava. Kurdisk, som hadde vori forbode, vart undervisningsspråk. Kvinnefrigjering og eit nytt folkestyre nedafrå var hovudsaker. Dette er ei av dei folkelege og sekulære rørslene. I løpet av 10 år har opprørane utvikla dette til den tverrkulturelle Autonome Administrasjonen av Nord og Aust-Syria (AANES). Ei kurdisk kvinne og ein arabisk mann er i dag likestilte med-leiarar i AANES. Alle har – uavhengig av nasjonalitet – same rett og plikt til å delta i det desentraliserte folkestyret. Tre offisielle språk er likestilt: Assyrisk, arabisk og kurdisk. Alt dette er noko nytt i Midtausten. Dette forsøket på å bygge demokrati nedanfrå er eit oppgjer med patriarkalsk undertrykking av kvinner. Og samtidig ein trussel mot Assads regime, mot stormaktsambisjonane til Erdogan og mot USAs og Russlands interesser. Leiarane i Rojava har samtidig fått kritikk fordi dei i 2014 oppretta ein taktisk allianse med USA mot IS (Islamsk stat). Alternativet var å bli knust og fordrivi av IS. .

På vegner av Tyrkia har Erdogan ambisjonar. Han vil bli større enn general Mustafa Kemal Atatyrk som i 1923 grunnla staten Tyrkia. Det året gjekk Atatyrk på eit audmjukande nederlag på Lausanne-konferansen. Der avslutta sigerherrane frå den første verdskrigen oppdelinga av Midt-Austen. Atatyrk fekk ikkje det Stor-Tyrkia som han tre år tidlegare hadde skrivi inn i Den nasjonale pakta. (Sjå kartet.) England og Frankrike ga ikkje frå seg kontrollen over dei olje- og gassrike områda i Nord-Syria og Nord-Irak. Erdoğans ønskje om revansj er no ein viktig årsak til invasjonane i Syria og Irak.

Barzani-styret i Sør-Kurdistan er i praksis alliert med Tyrkia. På den tredje krigsdagen møtte Erdogan i parlamentet og retta ein takk til Barzani for støtte til invasjonen.[1]

Tyrkia har NATOs nest største hær. Tyrkiske aviser skriv at dei no brukar nesten alt dei har: Kommandosoldatar og andre bakkestyrkar, dronar, jagarfly, helikopter, rakettar og tungt artilleri. Alt, unntatt marinen, er på krigsfot i Sør-Kurdistan.

Etter åtaket på Ukraina, gjentar europeiske politikarar at invasjon i ein annan stat er brot på folkeretten. Daily Sabah skriv at forsvarsminister Akar forsikrar at Tyrkia «tar omsyn til Iraks territoriale integritet». Operasjonen «er berre retta mot terrorister.» Samtidig vart den tyrkiske ambassadøren i Irak innkalla til utanriksdepartement for å motta ein sterk protest.

Om vi hadde eit av dei nyaste satelittfotoa over krigsområdet framfor oss, ville vi sett at dette er krig for å utvide dei områda i Irak som Tyrkia lenge har okkupert. Dette må til viss Erdoğan skal bli større enn Atatyrk. Han må og utradere geriljaen til PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet), dei einaste som slær tilbake mot invasjonshæren.

Revansje for Atatyrks nederlag? For fem år sia sa Erdoğan at han vil «fortsette å arbeide dag og natt» for målet som er å gjere Tyrkia større. Han lovar å realisere Den nasjonale pakta frå 1920. Dei tre invasjonane i Syria dei siste fem åra er og ein del dette prosjektet. I ein tale i fjor haust lova han at 100-årsdagen for Lausanne skal bli «den største milepælen på vegen mot å bygge eit stort og sterkt Tyrkia.» 100-årsdagen er 23. juli 2023.

Er det fellestrekk mellom Putins kamp for eit nytt Tsar-Russland og Erdogans kamp for eit ny-osmansk sultanat? Mykje kan tyde på at det russiske åtaket på Ukraina gir Erdogan ei  uventa åpning for prosjektet hans. Bekymringa er stor både i Nord og Aust-Syria og i Nord-Irak. Kva vil Iran og Israel gjere? Spørsmåla er mange og svara få.

Vil USA/NATO og Europa no ta i bruk folkerett og sanksjonar mot okkupantane i Midtausten, slik dei gjer i Ukraina? Eller skal dobbeltmoralen fortsette å skjerme «våre» okkupantar og krigsherrar?


[1] I talen i parlamentet sa Erdogan: «Eg takkar den sentrale regjeringa i Irak og den regionale administrasjonen for deira støtte til vår kamp mot terror»


Artikkelen ble publisert første gang i Klassekampen 23.04.2022

Demonstrasjon mot Tyrkias invasjon av Sør Kurdistan

I Oslo i dag demonstrerte over 50 utenfor den tyrkiske ambassaden i Oslo. Blant appellantene var representanter for Rød Ungdom, MDG, Rødt og Kurdisk demokratisk samfunn.

Appellen til Mari Rise Knutsen Rødt Oslo:

Kjære kamerater, kjære kurdiske venner!

Takk for at jeg får si noen ord på vegne av Rødt Oslo.

Jeg vil starte med å si tre navn:
Ronahî Kobanê, Ranya Henan, Cihan Nidal Elî

Dette er navna på tre kurdiske kvinner som var aktive i selvforsvarsstyrkene. De ble drept da NATO-landet Tyrkia bomba Kobane nå nylig. Flere sivile ble såra. Ronahi Kobane kjempa i forsvaret for Kobane mot den Islamske Stat (IS). Hun kjempa under befrielsen af Raqqa.

I ly av Putins brutale angrepskrig mot Ukraina, i en krig hvor Erdogan forsøker å framstå som fredsmekler, angriper Tyrkia kurderne i det nordøstlige Syria og Nord-Irak. Dette er klare brudd på international lov og folkerett!

Rødt vil alltid støtte kurdernes frihetskamp. Vi vil styrke kampen for sjølråderett, demokrati, kvinnefrigjøring og likeverd. I Rødts arbeidsprogram slår vi fast at vi vil utvikle vårt samarbeid med Kurdistan, fremme tiltak mot okkupasjon og undertrykking og støtte kampen for selvstyre og demokratiske rettigheter.

Rødt er et antiimperialistisk og antifascistisk parti med respekt for folkerett og sjølråderett. Rødt arbeider for nedrustning, fredsmekling og langsiktig støtte til gjenoppbygging etter konflikter, vi vil ivareta og forsvare folkeretten og nasjonenes rett til selvbestemmelse.

Jeg ber den norske regjeringa få øynene opp for at det pågår mer enn én folkerettsstridig invasjon i disse dager.

Jeg fordømmer på det sterkeste Tyrkias invasjon av kurdiske områder – det er det minste vi kan gjøre etter at kurderne kjempa og døde for andres frihet i kampen mot den Islamske Stat.
Rødt står i solidaritet med det kurdiske folk!✌🏽

Bente Knagenhjelm, MDG

Appellen til Bente Knagenhjelm, MDG

Takk,  Rozerin – og takk til alle, for at jeg kan holde en appell i dag, på vegne av Oslo MDG; Miljøpartiet De Grønne.

Hvorfor MDG, her?

MDG er et fredsparti.  Samtidig erkjenner vi at fred er mer enn fravær av krig.  Når regimer (her det tyrkiske) utsetter et folk for folkemord og tilsvarende forbrytelser mot menneskeheten, har verdenssamfunnet rett OG plikt til å gripe inn, og MDG må si fra.

Norge har et moralsk ansvar for å støtte ikke-voldelige og pro-demokratiske bevegelser, rettet mot autoritære regimer.

Når Tyrkia tømmer og ødelegger landsbyer, brenner ned skog og frukttrær og destruerer bikuber, samt ødelegger vannforsyninger i den kurdiske regionen i Irak, MÅ det fordømmes.

MDG sier klart NEI til slike overgrep, slik vold, slik Tyrkia tar seg til rette, i et ANNET land. 

Med hvilken rett?

For MDG er respekt for mennesker, for naturen og dens mangfold og dens mange gaver til menneskene, essensielt.

For MDG er solidaritet et nøkkelord; solidaritet NÅ, med det kurdiske folk, et folk som slåss for sin eksistens, sin frihet, for samhold, for LIVET.

Norge som land, og som NATO medlem, må fordømme Tyrkia.  Fordømme Tyrkia og det leder, som land og som NATO medlem. 

Så ønsker jeg å avslutte med et dikt av en av mine favorittpoeter,  Sherko Bekas:

Separation

If from my poems

You wrench away the flower

From the four seasons of my poetry

One of my seasons will die

If you exclude love

Two of my seasons will die

If you exclude bread

Three of my seasons will die

And if you take away my freedom

All four seasons – and I – will die.

Takk!

Tyrkisk krig i skuggen av Ukraina

Kronikk i Dag og Tid. 22.04.2022 av Erling Folkvord

Ein månad etter den russiske innmarsjen i Ukraina vart Tyrkias president Recep Tayyip Erdoğan verdskjend som fredsmeklar. Han samla dei stridande partane i det sagnomsuste Dolmabahche-palasset, hovudkvarteret til dei siste osmanske sultanane.

Natt til måndag var Erdoğan igjen seg sjølv. Han sende NATOs nest største hær inn i nabolandet Irak. Turkish Daily News skriv at Tyrkia lenge har gjennomført grensekryssande operasjoner: Operasjon Ørne-klo, Operasjon Tiger-klo, osv. Tyrkiske generalar har sansen for konstruerte ord. Avisa slær fast at «den noverande Operasjon klo-lås [!] er den største i denne serien.» Avisa rapporterte frå ein pressekonferanse der forsvarsminister Hulusi Akar sa i frå at operasjonen skal vare «til den siste terroristen er nøytralisert.» Desse orda har frå 1997 vori målet for alle tyrkiske invasjonar i Irak.

No brukar Tyrkia nesten alt dei har: Kommandosoldatar og andre bakkestyrkar, dronar, jagarfly, helikopter, rakettar og tungt artilleri. Alt, unntatt marinen, er på krigsfot.

Etter åtaket på Ukraina, gjentar europeiske politikarar at invasjon i ein annan stat er brot på folkeretten. Daily Sabah skriv i forsvarsminister Akar understreka at Tyrkia «tar omsyn til Iraks territoriale integritet». Operasjonen «er berre retta mot terrorister.»

President Barhem Salih i Irak ser det ikkje slik. I ei fråsegn skriv han at Irak lenge, og heilt til fånyttes har prøvd å få Tyrkia til å stanse slike operasjonar i Irak: «Vi avviser og godtar ikkie fortsettinga av åtaka frå den tyrkiske staten. Vi forventar respekt for dei suverene rettane våre.»

Kva slags krig er det?

Eit  satelittfoto over krigsområdet vil vise at dette er krig for å utvide dei områda i Irak som Tyrkia lenge har okkupert. For Erdoğan må dette til for å utradere geriljaen til PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet). Geriljaen har hatt tilhald i desse fjellbygdene heilt sia leiinga i PKK tidleg på 1990-talet gjorde ein avtale med klan- og partileiar Mesud Barzani. Han var i 12 år president i Den kurdiske regionen, og er framleis leiar i KDP (Kurdistans demokratiske parti) som dominerer den regionale regjeringa.

Heilt sia 1990-talet har Tyrkia øydelagt landsbyar og brent ned skog, frukttre og bikubar i Den kurdiske regionen. Ingen veit kor mange småbrukarfamilier som har vorti flyktningar i sitt eige land. Eg har møtt mange av dei. Seinast i fjor sommar var eg i landsbyar som var heilt eller delvis tømt for folk.

I samråd med vennar og allierte

På pressekonferansen la forsvarsministeren vekt på at Tyrkia gjennomfører Operasjon klo-lås i samråd med Tyrkias «vennar og allierte». Men han sa ikkje rett ut at NATO hadde gitt klarsignal. I tillegg hadde president Erdoğan kurdisk besøk to dagar før han starta invasjonen. Statsminister Masrour Barzani i den regionale regjeringa sa etter møtet at han ser fram til å «utvide samarbeidet [med Tyrkia] for å fremje tryggleik og stabilitet» i regionen. Klan- og partileiar Mesud Barzani er far til statsministeren.

Det er snart 100 år sia Lausanne-konferansen. Sigerherrane frå den første verdskrigen avslutta da oppdelinga av Midt-Austen. General Mustafa Kemal Atatyrk, som grunnla den nye staten Tyrkia, måtte bite i graset og godta at England og Frankrike skulle kontrollere dei fruktbare og olje- og gassrike områda i Nord-Syria og Nord-Irak. Han måtte ta farvel med Stor-Tyrkia som han tre år tidlegare hadde skrivi inn i Den nasjonale pakta, på tyrkisk: Misak-ı Millî. Pakta, som sigerherrane avviste, seier at Nord-Syria og Nord-Irak er ein del av Tyrkia.

Revansje for Atatyrks nederlag?

Det statseigde nyhendebyrået Anadolu slo for eit par år sia fast at Den nasjonale pakta gir Tyrkia «rett til å styre eit territorium frå Syrias Aleppo til Iraks Kirkuk som tyrkisk jord». For fem år sia sa Erdoğan at han vil «fortsette å arbeide dag og natt» for målet som er å gjere Tyrkia større. I en tale i fjor haust lova han at 100-årsdagen for Lausanne skal bli «den største milepælen på vegen mot å bygge eit stort og sterkt Tyrkia».

100-årsdagen for Lausanne-traktaten er 23. juli 2023. Tida kan bli knapp for fredsmeklaren i Dolmabahche-palasset.

Demonstrasjon mot Tyrkias mange angrep på Sør-Kurdistan 23. april kl. 13.00 i Oslo


Solkurd har fått følgende henvendelse fra Kurdisk demokratisk samfunnssenter:

Kjære kamerater,

Tyrkias angrep på Sør-Kurdistan fortsetter fortsatt og våre gerilja gjør heroisk motstand mot fascist regimet fra Ankara mens kurdiske forrædere står på sidelinjen og ser på. Samtidig angriper irakiske styrker sengal (Sinjar). Det er en skitten plan mot hele Sør-Kurdistan og hele den kurdiske bevegelsen.

Derfor er deres støtte og solidaritet til Sør-Kurdistan og geriljaen viktigere enn noen gang. Vi forventer at hver og en av dere møter opp for å fordømme den skitne planen og kreve handling fra alle kurdere. 

Vi møtes foran den tyrkiske ambassaden, på lørdag 23. april, klokken 13:00. Adressen er: Halvdan Svartes gate 5, 0268 Oslo. 

Vennlig hilsen,
KDS

Erling Folkvords appell på Oppsal Samfunnshus 10. april 2022.

Erling Folkvord deltok på en fest for å markere 73-årsdagen for Abdullah Öcalan og 18-årsdagen for stiftinga av PJAK (Det frie livs parti). PJAK er et av partiene som arbeider i Rojhelat og organiserer motstand mot det islamske presteregimet i Iran.

Kjære venner!

For meg er det ei stor ære å bli invitert hit og være med på en «dobbelt-bursdag». Öcalans 73-årsdag og 18-årsdagen for PJAK.

Gratulerer!

Det er så flott å møte ei bevegelse som fortsetter kampen for nye, frie og demokratiske samfunn for alle folka i Midtøsten.

For nesten 30 år siden møtte jeg Abdullah Öcalan første gang.

Ble jo litt overraska da jeg møtte en ukuelig optimist. Mens regimet i Tyrkia prøvde å knuse frihetskampen med fascistisk terror, snakka Öcalan om kvinnenes avgjørende betydning.

Han fortalte om politisk linjekamp i PKK. «Viss den andre linja i kvinnekampen vinner fram» sa han «kan ikke PKK spille en progressiv rolle i frigjøringskampen i neste århundre.»  

Det han kalte den andre linja, tapte. Det bør vi være glade for.

I Kandil i 2013 hørte jeg opplesinga av Öcalans Newroz-tale. Han hadde skrevet den i fengselscella på Imrali. Han var fortsatt optimist:

«I anledning Newroz roper jeg ut til armenerne, turkmenerne, assyrerne, araberne og alle andre folk like mye som kurderne at de skal se frihetens og likhetens flamme – flammen som brenner her idag – og omfavne den som sin egen. (…)

Idag begynner en ny æra.»

Abdullah Öcalan

Den ukuelige optimisten Öcalan  er fortsatt i fengsel.

Men millioner kvinner og menn fortsetter den frihetskampen som Sakîne Cansiz, [sɑːkiːnɛ dʒɑːnsɪz], Mazlum Dogan og mange andre ofra livet for. [Både Cansiz og Dogan deltok i 1978 på møtet der drøyt 20 utsendinger vedtok å opprette PKK – det kurdiske arbeiderpartiet.]

Sakîne Cansiz

PJAK har i 18 år kjempet for folkets rett til et fritt liv i Rojhelat. Mot det islamske presteregimet som er nummer to på Amnestys liste over statene som har flest henrettelser. PJAK samarbeider med de gode kreftene som statens undertrykkelse og terror ikke klarer å knuse.

PJAKs flagg

Jeg har møtt arabere, turkmenere, armenere og så mange andre som i dag kjemper sammen med kurdiske søstre og brødre. Sammen frigjorde de Gire Spi, Manbic, Shaddadi og Raqqa.

De som lever i Maxmur har skapt et eksempel på det nye samfunnet. Kvinner har makt i Maxmur. Men det er ikkje nok. Kampen for kvinnefrigjøring fortsetter der også. [De fleste som lever i flyktningleiren Maxmur, flyktet på 1990-tallet fra terroren i Tyrkia. Maxmur ligger en drøy times biltur sør for Hewler, hovedstaden i Den kurdiske regionen i Irak.]

Den kurdiske revolusjonen som starta i Kobanê og Rojava i 2012, har blitt til den flerkulturelle AUTONOME ADMINISTRASJONEN I NORD OG ØST SYRIA. Denne samfunnsmodellen gir i dag håp til alle frihetskjempere i Midtøsten. Alle de som kjemper for kvinnefrigjøring og demokrati og mot regimene i Teheran, Bagdad, Damaskus og Ankara.

Logoen til Nord og Øst Syrias Autonome Administrasjon

Og mot stormaktene som fører krig for hver sine imperialistiske interesser.

Jeg vil sende en hyllest og en hilsen til alle de som hver dag utvikler frihetskampen videre.  

De som kjemper i dag, bekrefter og viderefører Öcalans optimisme.

Frihetskampen vil seire til slutt!

Det iranske prestestyret med rakettangrep mot iranske og irakiske kurdere

Av Karim Allahweysi

Den iranske totalitære staten vil ha mer innflytelse gjennom å utvikle atomvåpen, ballistiske raketter og terror. Staten støtter mange militser og politiske bevegelser i andre land, for eksempel Libanons Hizbollah, Hashd i Shabby i Irak, Khomsi gruppa i Jemen, flere store og små militser i Syria og Hamas i Palestina. I løpet av de siste 43 år har iranske agenter drept mange motstandere i utlandet, i Europa, Tyrkia, Irak og Kurdistan osv.   

Iran er på toppen av FN lista når det gjelder henrettelse og tortur.  

Iran har mange resurser men et fattig folk. Dette fordi myndighetene ikke bruker penger på å forbedre livet til vanlige folk. Det har brukt mange milliarder dollar på atomvåpen, ballistiske raketter og utvider sin innflytelse i hele Midtøsten. 

 I 2018 ble det skutt raketter mot det iranske kurdiske opposisjonspartiet KDP-Iran og gjentatte ganger mot Erbil, den kurdiske hovedstadsregionen.

16 Ledere og soldater drept i 2018.

Da kurdiske ledere av KDP-I hadde et viktig ledelsesmøte i 2018, angrep Iran med mange ballistiske raketter. De drepte 16 medlemmer av ledelsen og andre frigjøringssoldater (Peshmerga). 40 ble skadet. Angrepet ble fordømt av mange land, organisasjoner og FN.  

Iran har angrepet Erbil mange ganger. Noen ganger kommer angrepet direkte fra Iran, men noen ganger kommer angrepet inne fra Irak via sjia-militser som er tilknytta Iran. 

Hovedkvarteret til KDP-Iran som ble beskutt i 2018

Natt til søndag, 13. mars 2022 ble det skutt tolv raketter mot Erbil, men ingen ble drept. Iran påstår at bygningen som beskutt tilhører til Israel! Dette har de ikke dekning for. Det er ren diktning. Bygningen tilhører en bedriftsleder som leder ulike oljeselskaper.

På tirsdag 5. april 2022 ble det skutt 3 raketter fra sjia-militser igjen. Heldigvis ble ingen drept.  

Hovedkvarteret til KDP-Iran som ble beskutt i 2018

Iranske militære grupper viser sine muskler for det iranske folk. USA har mange baser i Irak og mange land i området. Iranske styrker våger ikke å angripe dem. De angriper heller kurdere både i Iran, Irak og Syria.

Det er å håpe at det ikke vil ta mange år før Midtøsten er kvitt prestestyre-regimet i Iran. Nesten hele folket i Iran hater regimet og det er isolert av store deler av det internasjonale samfunnet.

Tyrkia har overtatt IS’ rolle i forfølgelsen av jezidiene

Uttalelse

Verdenssamfunnet fordømte terroren og massedrapene som IS (Islamsk Stat) begikk mot jezidiene fra august 2014.

De siste månedene har Tyrkia gjennomførte en rekke luftangrep mot Sinjar (Shengal) i Irak. Slike angrep mot en nabostat er i strid med folkeretten. Sinjar er jezidienes område. Det er omtrent 90 kilometer fra den tyrkiske grensa til Sinjar. De siste månedene har tyrkiske fly og droner gang på gang angrepet sivile mål i Sinjar. Et sykehus er ødelagt. Fire helsearbeidere ble drept. Et sivilt møte- og administrasjonsbygg ble bombet. Også der er de materielle ødeleggelsene omfattende. Mange har blitt drept eller såret.

Tyrkia har ikke bakkestyrker i Sinjar, slik som IS hadde i 2014. Men i praksis viderefører Tyrkia den ødeleggelsen av jezidienes sivilsamfunn som IS startet for snart åtte år siden. Tyrkias målrettede angrep på sykehus og andre sivile mål i Sinjar er brudd på krigens folkerett.

Landsmøtet i SolKurd oppfordrer regjeringa og Stortinget til å reagere mot Tyrkias forfølgelse av jezidiene på samme måte som Norge fordømte IS-terroren i 2014. Landsmøtet ber regjeringen ta opp Sinjar-angrepene i NATOs organer og i FNs sikkerhetsråd.

Støtt kurdiske morsmålslærere og undervisning av kurdiske barn på kurdisk 

Uttalelse

Landsmøtet i Solidaritet med Kurdistan (SolKurd) fordømmer fengslinga og forfølgelsen av kurdiske morsmålslærere og aktivister som lærer bort kurdisk til kurdiske barn. Landsmøtet oppfordrer alle til å støtte kampen for å la kurdiske barn lære sitt eget språk . 

De siste årene har flere kurdiske foreninger med lovlig tillatelse fra iranske myndigheter engasjert seg i å lære barn og voksne så skrive og lese på kurdisk. Undervisning og opplæring på kurdisk skjer utenfor offentlige skoler. Derfor må de kurdiske foreningene på eget initiativ leie lokaler eller holde sine kurs online. 

En av foreningene er Nojin som ble dannet i 2011. I mai 2019 ble Zara Mohammadi sammen med styremedlemmene Rebwar Minberi og Idris Minberi i Nojin-foreningen arrestert av  den iranske etterretningstjenesten. De iranske myndighetene beskyldte de tre nevnte styremedlemmene fra Nojin for ulovlig aktivitet som truet nasjonal sikkerhet. Etter flere uker ble Idris og Rebwar løslatt mot kausjon, mens Zara ble holdt i varetekt i ca. 6 måneder og deretter løslatt mot kausjon. 

Etter flere rettssaker ble Rebwar og Idris frikjent, mens Zara Mohammadi i juli 2020 ble dømt til 10 års fengsel. Myndighetene beskylder Zara for å ha tilknytning til kurdiske opposisjonspartier. Etter flere ankeforhandlinger ble i desember 2021 Zaras straff redusert til 5 års fengsel, nå har hun gått inn i den tredje måneden av sin 5 års fengselsstraff i den kurdiske byen Sanandaj. 

Forsvarsadvokaten til Zara har flere ganger uttalt seg om saken både på kurdiske og persiske media. Han hevder Mohammadi ble dømt uten et eneste bevis, at iranske domstoler ikke er nøytrale og at avgjørelsen er politisk.  

Det er forbudt å undervise i kurdisk på de offentlige skolene i kurdiske områder av Iran. Dette er en del av assimileringspolitikken de iranske makthavere fører overfor det kurdiske folket. Kurderne har gjort sitt beste for å bevare sitt språk og sin kultur gjennom mer enn 100 års diskriminering og assimilering. Det er en stor utfordring for kurdiske barn som begynner på skoleåret å få undervisning på et helt annet språk enn det de har vokst opp med. Dette en viktig årsak til at mange kurdiske barn og ungdommer ikke klarer å fullføre skolegangen.  

Stans Erdogans krig mot HDP og demokratiet i Tyrkia

Uttalelse

Erdogan brøt våren 2015 en lengre forhandlingsperiode mellom kurderne og regjeringen, som startet med forhandlinger mellom PKK og Den nasjonale etterretningstjenesten (MIT) i Oslo 2011, og seinere fortsatte med forhandlinger mellom Folkenes Demokratiske Parti (HDP) og regjeringen, fram til Dolmabche erklæringen 28.2.2015. Bruddet skyldest at HDP sin voksende oppslutning truet Erdogans flertall i Nasjonalforsamlingen og hans plan om å bli eneveldig president ved det kommende valget i 2018. Fra 2015 av har han drevet en altomfattende krig mot kurderne i Tyrkia, og HDP især.

Denne krigen føres militært ved å ødelegge flere byer i de kurdisk dominerte områdene i Sørøst Tyrkia og gjennom omfattende unntakstilstander som ennå omfatter flere provinser og flere hundre kommuner.

Den føres også gjennom forsøk på å bryte ned organisasjonen HDP. Alle de 65 ordførerne HDP fikk valgt i lokalvalget i 2019 er fratatt stillingene sine og erstattet av stattholdere (trustee’s) fra Erdogan-regimet. Siden 2016 har rundt 16000 tillitsvalgte eller aktivister i HDP blitt arrestert og tatt ut tiltaler mot. 4000 av dem sitter nå i fengsel. Av de 67 parlamentsmedlemmene HDP fikk valgt i 2018, er 13 nå fratatt immuniteten og fengslet. Erdogan- regjeringen har erklært at tilsammen 40 av dem kollektivt skal miste sin parlamentariske immunitet, noe som den europeiske Menneskerettsdomstolen (ECHR) flere ganger har pekt på er ulovlig, sist nå 1.februar 2022. Den har også krevd at de første lederne i HDP, Selahattin Demirtas og Figen Yuksekdag, som har sittet fengslet siden 4.november 2016 med anklager som ville innebære over 180 år i fengsel for Demirtas, må løslates i påvente av dom i sakene.

Siden Erdogan står i fare for å tape det kommende parlamentsvalget og nyvalget av president, som må finne sted innen sommeren 2023, har han satt i gang en prosess for totalt å forby HDP og forby flere hundre sentrale tillitsvalgte der å drive politikk i flerfoldige år, dersom de ikke i tillegg blir dømt til fangselsstraffer. Han bruker den skjerpede anti-terrorloven for å fremskynde disse prosessene, ved å påstå at HDP-politikerne støtter PKK.

Landsmøtet i Solidaritet med Kurdistan oppfordrer det offisielle Norge, ved Regjeringen, Stortinget og partiene der til å legge press på Erdogan for å stanse denne krigføringen og omfattende brudd på rettspraksis og organisasjons – og ytringsfrihet som Tyrkia nå bedriver, og som også bryter med internasjonale konvensjoner landet har underskrevet.

Samtidig oppfordrer vi sivilsamfunnet, gjennom solidaritets- og menneskerettighets- organisasjoner, kommunestyrer, fagforeninger, kvinneorganisasjoner mm, partier og ungdomsforbund både sentralt og lokalt om å etablere kontakt med HDP og det sivile samfunnet i de kurdiske områdene.

Regjeringen oppfordres også til å stanse all våpenstøtte til den tyrkiske regjeringen så lenge den fører krig mot kurderne og også intervenerer i nabolandene for å føre krigen militært der også. Tyrkia bryter her folkeretten på samme måte som Russland nå gjør i Ukraina. 

Norge oppfordres også til å bidra til å få gjenopptatt fredsforhandlingene som de som ble brutt i 2015.

Landsmøtet i Solidaritet med Kurdistan. 13. mars 2022