Medlemmer av Solidaritet med Kurdistan reiste til millionbyen Amed (tyrkisk: Diyarbakir). Etter Newroz-festen fikk vi dette reisebrevet:
Vi som var inviterte gjester kom tidleg til plassen. Likevel hadde mykje folk alt samla seg. Og det strøymde heile tida til nye. Mange hadde flagg.Nokre trommer. Det vart spela musikk og folk dansa eller vifta med flagga. Det var folk i alle aldrar, frå små born til gamle kvinner og menn. Ungdomane gjorde mest av seg. Dei klatra opp i høge stativ med flagga,- og mobiltelefonane, sine.Særs sterkt inntrykk gjorde det på meg då ungdomane sprang gjennom folkehavet med biletet av Abdullah Øcalan. Dei bar banneret ( som du kan sjå på eine biletet) 6 personar på kvart, og med armane høgt. Inntrykket vart at Øcalan symde gjennom folkehopen.Eit serkt symbol på at ånda hans sviv i folket,- same kor mykje han er fengsla.
Kor mange personar som var samla på plassen veit eg ikkje, men ei som var med i fjor sa at i år var det klart fleire.
For meg såg plassen full ut,- og det var og samla folk utafor plassen, som likevel høyrde musikken,- og seinare talane.
Det er utan samanlikning det største folkmøtet eg har vore med på.
For ein som har feira 17. mai i Odda var det artig og høyre folkemusikk og sjå ringdans att. Dei dansa mykje i ring og rekke,- også til annan musikk. Stemninga var god, og held seg god gjennom heile programmet, som vara frå kl 12 – 15.30. Dei ivrigaste hadde starta over 2 timar før.
Kort tid etter at bålet vart tend kom regnet, men det la ingen dempar på dei som vart att. Folk på plassen starta dra heim. Portane vart etter kvart opna og dei som ville kunne kome heilt fram til scenen.
Pågangsmotet og energien er stor i HDP. Det verkar som motgang ikkje bit på dei.
Likevel må det vere ein fin inspirasjon at oppsluttinga om Newroz vart så stor, – og stemninga så god.