Erdoganistan – det nye Tyrkia?

Leserinnlegg på trykk i Dag og Tid 22. januar

«Erdogan kjenner seg heilt trygg på at han har full støtte frå EU og NATO. Ja, han fører ein fæl kamp mot kurdarane, ein mykje styggare kamp enn det som vert rapportert i vestlege medium, men for USA er Tyrkia viktigare enn nesten alt anna i regionen.» Professor Umut Özkirimli ved Bilgi-universitetet i Istanbul snakkar tydeleg og utan store ord. (Dag og Tid 15. januar.)

Da president Erdogan nyleg kom heim frå besøk hos gode allierte i Saudi Arabia, gjentok han at han vil endre grunnlova slik at presidenten får ei sterk utøvande makt. Til frammøte journalistar sa han at historia gir fleire eksempel på dette: – Det er berre å sjå på Hitlers Tyskland.

Tyrkiske styrkar fører no ein ny type krig mot sivilbefolkninga i 12 område i den austlege delen av landet. 59 gonger har dei innført portforbod i ulike byar. Portforbodet gjeld 24 timar i døgnet. Ein unge i Cizre døydde fordi foreldra ikkje fekk kome ut av huset og ta han med til sjukehuset. Snikskyttarar på hustaka har skoti personar som har vori ute på gata. Tanks, andre pansra køyrety, tungt artilleri og væpna menn frå dei ulike statlege tenestene driv ein allsidig terror.

Befolkninga i Sirnak fekk i oktober 2015 sjå kva Erdogans væpna menn gjer når dei finn det nødvendig. Dei drap Haci Lokman Birlik og festa han til eit pansra køyrety. Så drog dei liket rundt i byen for at flest muleg skulle få sjå. Talet på drepne sivile det siste halvåret passerte nyleg 170. Eg kjenner ikkje til andre presidentar som har drivi så langvarig og intens terror mot sivile i sitt eige land.

Desperate ungdomar har i fleire byar slegi tilbake, med dei våpna dei kan få tak i. Stort sett har det variert frå steinkasting til ein og annan kalashnikov. Dei har drepi nokre få soldatar og politifolk.

Den norske regjeringa og Erdogan sine andre allierte i NATO veit meir enn meg om alt dette. Og professor Umut Özkirimli har nok rett når han seier at «for USA er Tyrkia viktigare enn nesten alt anna i regionen.» Dette kan vere forklaringa på at statsminister Solberg ikkje ein gong har reist krav i FN om reaksjonar mot dei gjentatte tyrkiske flyåtaka i Irak. Statsminister Solberg protesterte heller ikkje da tyrkiske fly 16. januar kryssa statsgrensa og bomba den assyriske landsbyen Øvre Sharanish. Nær 25 assyriske familiar flykta i panikk.

President Erdogan held fram med terror, drap og brot på internasjonal lov. Den norske regjeringa er medansvarleg så lenge dei ikkje grip inn med dei verkemidla dei har både gjennom NATO og FN.

Erling Folkvord, medlem i Arbeidsutvalet i Solidaritet med Kurdistan

Kurdarane er under stadig større press

Skjermbilde 2015-12-29 kl. 22.19.43


Kurdarane er under stadig større press i eit Tyrkia på randen av borgarkrig. Samstundes kjempar kurdiske forsvarsstyrkar for å halde Rojava unna klørne til terrorgruppa IS.

– Den kurdiske frigjeringsrørsla vil ikkje gje opp håpet om fred og demokrati, seier Seher Aydar, talsperson i Solidaritet med Kurdistan.

Kurdisk gjennombrot

Aydar var i Ankara i juni under valet der det venstreorienterte prokurdiske Demokratiske folkepartiet (HDP) fekk sitt første gjennombrot i tyrkisk politikk.

– Stemninga var spent, men likevel håpefull. Valet skjedde i skuggen av bombeangrepet på valmøtet i Diyarbakir/Amed berre to dagar før valet og fleire valdelige angrep mot kontora til HDP. Til tross for forsøk på provokasjonar klarte HDP å hamne over 10 %-sperregrensa med 13 % av røystene. Dette var ein sterk beskjed om at folket ønskjer fred og demokrati, seier Aydar, som sjølv var valkampaktivist for HDP.

Rettferds- og utviklingspartiet (AKP) til president Erdogan, gjekk på ein smell og fekk ikkje nok stemmer til å danne eiga regjering. Erdogan lyste ut nyval 1. november.

– AKP ville ikkje godta valresultatet og valden har auka massivt sidan det. Tyrkia avslutta fredsprosessen og starta ein krig mot det kurdiske folket og andre demokratiske krefter i landet. Fleire kurdiske område og byar har erklært sjølvstyre for å beskytte innbyggarane. Tyrkiske myndigheiter har svart med endå fleire og meir brutale angrep, seier ho.

Portforbod og krig

– Då eg reiste attende til Nord-Kurdistan i oktober kom eg til krig. Frå å vere håpefull men spent,
har situasjonen blitt drastisk forverra og regionen Nord-Kurdistan er i dag under angrep. Det er nyhende om folk som blir drepne nesten dagleg. Det er portforbod i fleire område, i somme tilfelle opp til ti dagar samanhengande. Politi angrip heile nabolag, plasserer snikskytarar på hustak og skyt alle som kjem ut på gatene, seier Aydar.

– PKK erklærte einsidig våpenkvile før valet, men Tyrkia svarte med fleire angrep. Angrepa mot sivile i takt med angrep mot geriljaen har skapt stor utryggheit og dratt landet inn i ei mørkare tid, seier ho.

Verken fritt eller rettferdig

– Politikarar og aktivistar vart fengsla, media nekta HDP-politikarar tilgang og landet var prega av vald og utryggheit. Medan dei andre partia dreiv valkamp, måtte HDP bruke sine krefter
på å hindre nye massakrar. På det verste var det meir enn 300 angrep mot partikontora deira i løpet av berre to dagar. Valet var verken fritt eller rettferdig. Likevel klarte dei å halde seg over sperregrensa, seier Aydar.

– Gatene som var fylt med fargerike HDP-flagg var no prega av tanks, og lyden av oppmuntrande val-songar var bytta ut med lyden av skot på kveldane. Barna smilte ikkje, dei var bekymra. Men midt opp i all elendigheita lever framleis håpet, seier ho.

Har Erdogan lykkast i å kneble HDP?

– Erdogan er villig til å gå svært langt for å behalde makta. Presset mot HDP og angrepet på kurdarar har heldt fram òg etter valet 1. november. Det er usikkert kva Tyrkia vil gjere no, seier Aydar, men slår fast:

– Verken HDP eller den kurdiske frigjøringsrørsla vil gje opp håpet om fred og demokrati.

Nye område frigjort i Rojava

På den andre sida av grensa har kurdiske styrkar sidan 2013 kjempa ein seig kamp mot terrorgruppene IS og Jabath al Nusrah. Sidan kurdarane erklærte sjølvstende under namnet Rojava (Vestlandet) i 2013, har det sekulære og progressive styret vore ein verkebyll for IS. Med hjelp av delar av den Frie Syriske Arme og amerikansk flystøtte klarte dei kurdiske styrkane YPG og YPJ i januar å jage IS ut av Kobane, og i juni å frigjere grensebyen Tal Abyad, enn så lenge.

Kva er situasjonen i Kobane og Rojava no?

– Etter at Kobane og Rojava vart frigjort har dei framleis blitt utsett for militære angrep. Trass desse forsøka har viljen til folket i Rojava og deira tru på demokrati vore uovervinneleg. Motstanden i Kobane markerte byrjinga på slutten av myten om IS si evne til å styre eitkvart område i regionen. Men prisen har vore veldig høg og effektane er framleis synlige. Kobane er nesten i ruinar, seier Aydar.

Stadig fleire skuldar Tyrkia for å indirekte støtte terrorgruppene som kjempar mot kurdarane ved å gje IS-krigarar fri passasje gjennom den tyrkisk- syriske grensa, ei grensa som i lange periodar har vore stengt for dei kurdiske forsvarsstyrkene, som har mangla både mat og medisinar.

Kjempar vidare mot IS

– Dei kjempar framleis mot IS i Rojava. Ein felles front har klart å stogge IS fleire område
og frigjort viktige byar. Dei jobbar vidare med å bygge systemet basert på folkestyre, fellesskap og likestilling. Men samstundes har de store utfordringar, både i form av militære angrep, men òg fordi den humanitære situasjonen framleis er kritisk fleire stader. Med slagordet «For eit fritt Rojava og eit demokratisk Syria» kan dei vere svaret på kaoset som no rår i Syria, seier Aydar, som sendar vidare ei fersk melding frå leiinga i Kobane:

«Folket i Kobane har forventingar til dei som deler dei same verdiane – fred og rettferd – om støtte mot terrorisme, om hjelp i atterreisinga av Kobane og om å legge press på Tyrkia for å opne ein humanitær korridor. Hittil har dessverre ord ikkje ført til handling.»

Organisasjonen Solidaritet med Kurdistan vart stifta 10. november 2014 og jobbar for å mobilisere til aktivt solidaritetsarbeid med det kurdiske folket.

– Det komande året vil vere eit avgjerande år for det kurdiske folket. Det er viktigare enn nokon gong å vise solidaritet, seier Aydar.


(Publisert i Rødt Nytt Desember 2015)

 

Krev stans i Tyrkias krigshandlinger mot den kurdiske befolkningen.

Til utenriksminister Børge Brende

Solidaritet med Kurdistan følger jevnlig med på utviklingen i den kurdiske delen av Tyrkia. Vi får daglige meldinger fra personer som bor i Nusaybin, Cizre, Sirnak, Van, Sur i Diyarbakir  og andre lokalsamfunn der tyrkiske styrker har drept flere titalls sivile i løpet av de siste ukene. Politistyrkers likvidering av 12 ungdommer i Van søndag 10. mars er den foreløpig mest omfattende hendelsen. Dette skjedde dagen etter at Selahattin Demirtas, den ene av de to lederne i Det demokratiske folkepartiet (HDP), holdt en tale til tusentalls frammøtte i Van.

Siden august 2015 har Tyrkia angrepet kurdiske byer og landsbyer. Langvarige portforbud og beleiring preger området og situasjonen blir verre for hver dag som går. Over 160 sivile har blitt drept av tyrkiske styrker, mange av dem barn.

Når du i morgen møter Tyrkias president Erdogan og medlemmer av regjeringen, ber vi deg fremme krav om at Tyrkia straks stopper krigshandlingene mot sin egen befolkning og isteden gjenopptar fredsprosessen som startet i 2013 og ble avbrutt i fjor. Kurderne har allerede sagt at de ønsker en ny fredsprosess.

Vi ber deg også reise kravet om åpning av en  humanitær korridor fra byen Suruc i Tyrkia og inn i byen Kobanê på syrisk side av grensa. En slik korridor er nødvendig for å få inn bl.a. medisiner, spedbarnmat og rent vann til befolkningen som har vendt tilbake etter at IS-angrepet på byen ble slått endelig tilbake for et år siden. Like viktig er det å få inn maskiner og materialer for å få fart på den påbegynte gjenoppbygginga av Kobanê. En slik korridor vil også være nyttig for andre områder i Syria.

Vi forutsetter at du også skal møte ledelsen i Det demokratiske folkepartiet, som nå er det tredje største partiet i parlamentet.  Da ber vi deg invitere begge partilederne – både Selahattin Demirtas og Figen Yüksekdağ  til et snarlig besøk i Norge. Mange vil ønske å høre dem informere om hvordan HDP og andre demokratiske krefter prøver å få slutt på både de stadig mer omfattende krigshandlingene og de mer og mer omfattende overgrepene mot ytringsfrihet og andre menneskerettigheter