Av Erling Folkvord, Landstyremedlem i Solkurd
Før jul var eg på ei rundreise i utkanten av krigsområda lengst nord i Irak. Lokalkjende Kamaran, som arbeider i Community Peacemakers Teams (CPT), var vegvisar. CPT er ein fredsorganisasjon med opphav i kristne miljø i USA. Dei har eit finmaska kontaktnett i landsbyane nær grensa mot Tyrkia og Iran.
Fordi CPT er nøytrale, er dei ei påliteleg kjelde til fakta om krigen. Eg ba Kamaran vise oss korleis krigen mellom Tyrkia og Det kurdiske arbeidarpartiet, PKK, påverkar kvardagslivet for dei som bur eller har budd lengst nord i Irak. Krigen starta i det små sist på 1990-talet.

Tyrkia fører krig på irakisk jord, med bakkestyrkar, fly og avanserte dronar. I dag kontrollerer Tyrkia eit nesten samanhengande «belte» langs statsgrensa, frå Syria og til Iran. Det er om lag 360 km langt og opp til 35 km breitt. Tyrkia jagar vekk lokalbefolkninga, utvidar området månad for månad og sender treffsikre droner mot mål 190 kilometer inne i Irak. Regjeringa i Irak protesterer, men gjer ikkje militær motstand. Berre den militært underlegne PKK-geriljaen slåst mot invasjonsstyrkane.
Parti og klanar
Irak er ein del av Mesopotamia, det fruktbare slettelandet mellom Eufrat og Tigris. Her vaks nokre av dei første sivilisasjonane fram for rundt 7 000 år sia. Her delta sigerherrane i første verdskrigen Det osmanske riket mellom seg for 100 år sia. Dei trekte opp nye grenser i Midtausten. England, Frankrike og Folkeforbundet sa det var eit siviliseringsprosjekt. Irak er ein av dei nye statane. Etter oppdelinga Kurdistan, som var ein del av Det osmanske riket, delt mellom fire statar.
Føydale tradisjonar som framleis står sterkt, er ein annan grunn til både innbyrdeskrigar og store klasseskilnader i den kurdiske delen av Irak. Klanleiarar, som alle er menn, har stor makt og skarpe konfliktar seg i mellom. Unge kvinner fortel om arbeidsløyse, fattigdom, trugsmål og grov vald både i familien og utafor. Helsepersonell hevdar at mange kvinnedrap blir registrert som sjølvmord.
Dei styrtrike leiarane i dei to største klanane – Barzani og Talebani – har i 50 år hatt kvart sitt politiske parti. Dei har delt Den kurdiske regionen mellom seg. Grøn sone til Barzani og Kurdistans demokratiske parti (KDP). Gul sone til Talebani og Patriotisk Union Kurdistan (PUK).
For 25 år sia besøkte eg ein småbrukar i den grøne sona (Barzani). Han hadde på 1970-talet vori livvakt for legendariske Mullah Mustafa Barzani, mannen som stifta Kurdistans demokratiske parti (KDP). Han svara slik da eg spurde om synet han på Mesud Barzani, sonen til partistiftaren: «Barzani er alltid alliert med nokon, men aldri med sitt eige folk.»
Hjelp frå USA
Etter hundreårsskiftet har ingen kurdiske parti hatt som mål å samle Kurdistan i ein ny stat. Men kurdarane i den nordlege delen av Irak har kjempa har for i alle fall eit indre sjølvstyre.
Her vann dei ein historisk siger i 2005. Den irakiske grunnlova frå 2005 seier at regionen Kurdistan er ei føderal eining i Irak. Dette var to år etter at USA hadde knust statsapparatet som president Saddam Hussein hadde styrt sia 1979. Dei som seier at grunnlova vart skrivi under amerikansk overoppsyn, kan ha eit poeng. Eg møtte partileiarane Barzani (KDP) og Talebani (PUK) sju år før USA let dei vere med og lage grunnlov. Begge snakka positivt om hjelpa dei hadde fått frå USA. PUK-leiar Talebani gjekk lengst: «Vår nasjonale interesse ligg svært nær USAs nasjonale interesser,» sa han. Både Talebani og Barzani støtta den amerikanske invasjonen i 2003. Dette skapte nye konfliktar mellom kurdarar og arabarar. Men grunnlova ga kurdarane eit indre sjølvstyre to år etterpå.
Tyrkias rolle
Tyrkia oppretta den første militærbasen i Irak for nesten 30 år sia. Geriljastyrkar frå PKK har omlag like lenge hatt tilhald i fjellområda lengst nord. Pussig nok starta dette med ein avtale mellom den daverande PKK-leiaren Abdullah Öcalan og KDP-leiar Mesud Barzani. Barzani er i dag samd med Tyrkias president Erdogan om at PKK er ein terroristorganisasjon.
Frå midten av 1990-talet gjennomførte Tyrkia kortvarige bakkeinvasjonar lengst nord i Irak. Målet var alltid å «utslette dei siste PKK-terroristane» og så trekke seg ut. Tyrkia mislyktest.
President Erdogan har endra den tyrkiske strategien. Tyrkia har i dag om lag 60 basar og militære utpostar i den kurdiske regionen og erobrar nytt land år for år. Daverande innanriksminister i Tyrkia, Süleyman Soylu, gav klar beskjed da han 5. mai 2021 besøkte tyrkiske soldatar på okkupert jord i Irak: «Målet vårt her er det same som i Syria. Vi har komi for å bli verande i Irak.»
Tyrkia bygger nye militærbasar og nye vegar. Soldatane høgg ned oliventre og skog. Dei fraktar tømmeret til møbelfabrikkar i Tyrkia. Amerikansk satelittovervaking viste i 2021 at nokre av dei snauhogde områda er så store at dei er synlege frå verdsrommet. Ordføraren i grensekommunen Kani Masi, som delvis er okkupert av Tyrkia, fortalde meg at han ikkje fekk lov å reise til den okkuperte delen av sin eigen kommune. Han visste at tyrkiske soldatar dreiv flatehogst der, men fekk ikkje sjå kor store område dei tok.
Korfor reagerer ikkje Irak?
Det er fleire årsaker til at det berre kjem verbale protestar frå Bagdad. Parlament og regjering i Irak er svake. Iran-lojale militsar har stor makt. Om lag 2 500 amerikanske soldatar står framleis i landet, sjølv om parlamentet har vedtatt at dei skal ut. Dei amerikanske bombeåtaka 3. februar laga enda fleire flokar. Og IS (Islamsk stat) har vorti sterkare i dei siste åra. I tillegg er KDP, det sterkaste kurdiske partiet, alliert med USA og tett knytt til Tyrkia.
Nummer 150
Ein tyrkisk droneoperatør drap 43 år gamle Ali Jamil Kalash 5. desember 2023. Drapet skjedde midt i byen Bamarne, snautt 30 kilometer frå statsgrensa. Ali Jamil vart nr. 150 på CPT-lista over sivile offer for tyrkiske åtak sia 2015.
28. juli det året ga eit hasteinnkalla rådsmøte i NATO ei stillteiande godkjenning av Tyrkias nye «krig mot terror». Rådet «lova å fortsette å følge utviklingen på Natos sørøstlige grense svært tett» utan avgrensing mot den tyrkiske bombinga av sivile.
Rundreisa med lokalkjend tolk ga eit skremmande innsyn i korleis Tyrkia jagar vekk lokalbefolkninga. Eg møtte overlevande, med og utan synlege skadar, som har vorti tvinga til å forlate heimane sine. Dei fortalde om korleis Erdogan og Tyrkia tar frå dei landet, bit for bit. Fleire som har flykta ein gong, sa at dei fryktar at Tyrkia kjem etter dei enda ein gong. CPT seier lokalbefolkninga frå 2015 og fram til no har gitt opp 500 landsbyar.
Draumen om «Stor-Tyrkia»
For president Erdogan er det ikkje berre ein krig mot PKK. Han har lova veljarane å gjennomføre Den nasjonale pakta frå Atatyrks tid. President Atatyrk (1881 -1938) ville innlemme oljerike Nord-Irak og Nord-Syria i Tyrkia. Erdogans steg for steg – okkupasjon av nordlege Irak, kan vere ein del av krigen for å få til det Atatyrk mislyktest med.
Reint folkerettsleg liknar det kanskje litt på Putins krig for å innlemme delar av Ukraina i Russland?
Denne kronikken var først publisert Dag- og Tid her.
