Vi er ikke døde, men vi lever ikkje heller

NORD-SYRIA: Shamesaa og den yngste sonen Faez er to av 16.500 som i fire år har budd i Wa Shaw Kani-leiren. Dei er flyktningar i sitt eige land. Flyktningleiren ligg om lag 35 kilometer sør for grensa mellom Syria og Tyrkia.

Av Erling Folkvord, Landstyremedlem i Solkurd

Innlegget er først publisert i Dag og Tid 22.12.2023

Eg er i Nord-Syria seint i november i år. Etter ein del besøk i dei siste 25 åra har eg mange vener her og synest eg veit litt om både land og folk. Eg er både journalist og aktivist. Eg har støtta frigjeringskampen til kurdarane i 30 år. Og heilt konkret har eg dei siste sju åra samla inn pengar til bygging av fotballbaner for jenter og gutar i Nord-Syria.
Som journalist ønskjer eg etter beste evne å fortelja om kvardagen til folk som er utsette for krigane i dei kurdiske områda.
Etter det kurdiske opprøret mot Assad for elleve år sidan har det gradvis vorte vanskelegare å kome seg hit. Med eitt unnatak er grenseovergangane stengde for utlendingar. Unnataket er to flytebruer over Tigris heilt nord i Syria. For å nå fram dit må ein reise gjennom Kurdistan-regionen lengst nord i Irak. Men ein når ikkje fram til brua utan å ha utreiseløyve frå presidentkontoret i den kurdiske regionen i Irak. Det er som om ein irakar kjem til Noreg og må ha godkjenning frå den norske regjeringa for å reise vidare til Sverige.

Nord og Aust Syria: Oransje er det sjølvstyrte området. Dei samanhengande raude felta er okkuperte av Tyrkia. Raude og blå stjerner er tyrkiske luft- og granatåtak mellom 5. og 10. oktober. Kjelde: RiC

Kurdistan-regionen i Irak blir styrt av menn med makt i Barzani-klanen, som har gjort seg gjeldande i Irak sidan 1940-talet. Og Barzani-toppane har tette økonomiske og politiske band til president Erdoğan i Tyrkia.
No har Tyrkia i mange år ført krig mot det Erdoğan kallar terroristar i Nord-Syria. Eg ser ikkje på dei som terroristar, men som del av ei demokratisk rørsle i Midtausten. Og føremålet med reisa mi denne gongen er å sjå korleis den tyrkiske krigen har endra kvardagen for folk som den 60 år gamle Shamesaa og andre «terroristar».
Eg har fått utreiseløyve som frilansjournalist. Likevel er eg spent da eg kjem til det aller siste kontrollpunktet på grensestasjonen. – Sorry, Erling. You must sit down a few minutes, seier ein funksjonær da datamaskinen hans har sett på passet mitt.
Etter som minuttane blir til mange timar, blir eg meir og meir mismodig. Så, rett før stengetid, kjem ein annan funksjonær med passet mitt og ønskjer meg god tur. Eg blir einaste passasjeren på den siste minibussen over Tigris.

FLYKTA MED HUSDYR
Det er iskaldt i Wa Shaw Kani-leiren da sjåføren Safqan, tolken Khalisa og eg dukkar opp som ubedne gjester hos Shamesaa og sonen Faez. Dei bur i eit slite, blått telt med dei velkjende UN-bokstavane på utsida. Vindkasta piskar sanden så hardt mot teltveggane at eg er redd dei skal gi etter. Shamesaa prøver å tette igjen eit hol der teltduken har begynt å rivne. Fram til 11. oktober 2019 budde dei i landsbyen Al-Manajir, like utafor grensebyen Serê Kaniyê. Den kvelden måtte dei og naboane flykte da den tyrkiske hæren og leigesoldatar omringa landsbyen. Nokre av naboane prøvde å ta med seg husdyra.
– Vi levde godt der, seier begge. Shamesaa, som har sju vaksne søner, var framleis heimeverande. Faez var landarbeidar. Fire av brørne er gifte og har born. To er ugifte. Faren, som var elektrikar, mista livet i ei arbeidsulykke da Faez var 13 år. No bur alle i storfamilien i Wa Shaw Kani-leiren. Leiren har fleire familiar enn telt.
– Eg har ikkje teppe å legge over meg om natta, seier Shamesaa.
– Eg må berre legge meg i eit hjørne. Vi har brukt alle teppa til å tette og forsterke teltveggane.
Når eg ser meg rundt, forstårq eg kva ho snakkar om. Teppet som ligg på jordgolvet, må ligge der.

Wa Shaw Kani er den største av tre leirar for interne flyktningar frå Serê Kaniyê. Foto: Sebastian Backhaus

OKKUPASJON
Eg er i den sjølvstyrte delen av det nordaustlege Syria. Det tverrkulturelle sjølvstyret som flyttar makt frå menn til kvinner, starta så smått med eit fredeleg opprør i Kobanê i august 2012. Regjeringsstyrkane måtte forlate Kobanê, som det to år seinare vart skrive mykje om i utanlandske media, fordi terrororganisasjonen Den islamske staten (IS) i 2014 leid sitt første nederlag der, ikkje minst takka vere flystøtte frå USA. IS er framleis aktiv, med gøymde celler, både i Irak og Syria. Syrian National Army (SNA) er namnet på den tyrkiske leigesoldathæren. Denne hæren som Tyrkia oppretta i 2017, er ei konfliktfylt blanding av rundt 30 væpna grupper i Syria. Innbyrdes kampar mellom dei er ikkje uvanleg. Soldatar kan skifte frå den eine gruppa til den andre.
At tidlegare IS-krigarar har gått over til ei gruppe i SNA, er dokumentert fleire gonger. Tyrkia,
som finansierer SNA, har òg sendt SNA-soldatar både til Libya og til Nagorno-Karabakh.
Sjølvstyret i den nordaustlege landsdelen omfattar i dag nær ein tredjedel av Syrias landområde. Folketalet er nær fem millionar. Dei fleste er arabarar. Autonomous Administration of North and East Syria er det tungvinte namnet på sjølvstyret i Nord- og Aust-Syria. Namnet understrekar at dei ikkje vil bryte ut av Syria, altså det er ikkje tale om å opprette ein eigen stat. Men i løpet av dei siste sju år har Tyrkia okkupert tre ulike delar av dette sjølvstyrte området.


VELORGANISERT
Wa Shaw Kani er ein velorganisert leir. 38 personar, dei fleste på heiltid, arbeider for Den kurdiske raude halvmåne. Av desse er tre jordmødrer, ein allmennlege, ein barnelege og ein gynekolog. Pengemangel er årsaka til at det berre står éin ambulanse utanfor Raude halvmåne-brakka. Fram til nyleg hadde dei to ambulansar. Dei omfattande sanksjonane mot Syria gjer sitt til at helsearbeidarane manglar det meste som trengst for å drive ei god helseteneste. Den lokale Raude halvmåne-sjefen, Khunat Ahmed, fortel at heile leiren nyleg var utan vatn i to døgn. Tyrkiske dronar hadde øydelagt elektrisitetsforsyninga og tankbilane dei brukte for å hente vatn.
Khunat vart i 2015 med familien som reiste til Tyskland. Dei flykta frå IS og krigen. Men ho reiste heim att etter ni månader. – Ingen føretrekker å leve livet sitt i eit anna land, seier ho.

Khunat Ahmed er sjefen for dei 38 helsearbeidarane som jobbar for Kurdiske raude halvmåne i leiren. Foto: Erling Folkvord


FLEIRKULTURELL
Wa Shaw Kani er den største av tre leirar med flyktningar frå Serê Kaniyê. Den nyaste folketeljinga fortel at byen var jamstor med Hamar før krigen starta i 2011, med om lag 29.000 innbyggarar. Serê Kaniyê er delt. Frankrike og Tyrkia vart for 102 år sidan samde om å trekke ei statsgrense langs Berlin–Bagdad-banen. Agatha Christie reiste med banen før ho skreiv Mord på Orientekspressen. Statsgrensa går tvers igjennom byen. Den nordlege bydelen er i Tyrkia og den sørlege i Syria. Men byen har framleis namn på fire språk: tyrkisk, arabisk, kurdisk og assyrisk.
Første gongen eg var der, for ti år sidan, var byen delt av enda ei grense: ei våpenkvileline mellom kurdiske forsvarsstyrkar og Den frie syriske hæren. Soldatane frå Den frie syriske hæren fortalde meg at dei hadde kome over grensa frå Tyrkia. Dei viste meg rundt og fortalde om ambisjonane dei hadde for eit nytt Syria. Men dei lukkast ikkje. Dei kurdiske forsvarsstyrkane jaga dei tilbake til Tyrkia nokre månader seinare. Hausten 2013 tok innbyggarane fatt på gjenoppbygginga. I fleire år kunne dei leve nesten i fred. Folk eg møtte i Serê Kaniyê før den siste okkupasjonen, fortalde at skyting frå tyrkisk side drap nokre få og skadde litt fleire i dei neste fem–seks åra. Men i landsbyane utanfor byen var småbrukarane redde for å arbeide på jorda som ligg nærast grensa.


OKKUPERT BY
– No er heile den syriske delen av byen okkupert. Familiane til IS-krigarar og andre leigesoldatar som har slutta seg til den tyrkiske leigesoldathæren, har overtatt mange av husa. Erdoğan har òg flytta flyktningar frå andre delar av Syria inn i hus som vart ledige da nesten alle flykta frå Serê Kaniyê. Men nokre få har reist heim igjen, seier Shamesaa, som
trur at huset til familien hennar enno står tomt. Ho fortel òg at IS-soldatar i leigesoldathæren
har sendt ut ein video som viser halshogging av nokre av dei som vende tilbake. Den siste opplysninga kan ikkje eg kontrollere, men det er uansett ei forteljing som skremmer dei i leiren.

Dei tyrkiske åtaka eg såg resultata av, var retta mot sivile mål.


BY MIDT I KRIGEN
Eg vil helst reise til Z’argan som ikkje er langt unna. Her i Dag og Tid rapporterte eg frå den vesle byen for to år sidan. Men denne gongen får eg ikkje reise dit. Eg får berre vite at heimevernet i den byen akkurat no prøver å slå tilbake eit åtak frå det okkuperte området som ligg tett inntil byen. Derfor blir det i staden ein tur oppover Eufratdalen. Den lengste elva i Sørvest-Asia, som renn frå dei kurdiske fjella i Tyrkia gjennom Syria og Irak og ut i Persiabukta, er nesten uttørka.
Eg køyrer vidare mot Raqqa, ein av dei store byane i Syria, og IS-hovudstaden frå 2014 til 2017. Eg sit tørt og varmt medan regnet høljar ned og vaskar vekk sandlaget på bilane. Men vinden er like kraftig. Eg tenkjer på korleis Shamesaa, Faez og dei andre i Wa Shaw Kani må takle vinden og vatnet.
Vi kjem til den oppdemde Assad-sjøen, som er dobbelt så stor som Mjøsa. Ein ingeniør tar oss med rundt på Tabqa-kraftverket i sørenden av sjøen. Det er største kraftverket i Syria. Han viser oss at vasstanden no er seks meter lågare enn da eg var her på same tid på året i 2017. Berre éin av dei åtte turbinane er i drift. Ingeniøren seier Tyrkia har stansa mykje av vatnet. Noko som er katastrofal for jordbruket langt nedover Eufrat-dalen.


TIL Z’RGAN LIKEVEL
Etter eit par dagar får eg ja til eit Z’argan-besøk likevel. På heimevernposten der vi stoppar, får eg eit triveleg gjensyn med ein av soldatane eg møtte sist. Han og dei andre fortel detaljert om kampane to dagar før. 15 køyretøy med soldatar hadde vore på veg mot byen.
Forsvararane var så godt budde at dei stansa åtaket. Fem soldatar døydde. Tre frå den tyrkiske hæren. To var leigesoldatar. Ein leigesoldat vart skadd. Ein offiser frå forsvarsstyrken fekk ein hovudskade. No er dei budde på ein hemnaksjon. Da tyrkiske køyretøy blir observerte nær frontlina, utset dei rundturen vår. Ein kjentmann frå heimevernet er med i bilen da vi startar ein dryg halvtime seinare. Ein times biltur på kryss og tvers i ein utkantbydel gir eit inntrykk av krigen. Ingen store bombekrater. Berre nokre få bustadhus er jamna med jorda. Eg treffer mange som framleis er der. Ei kvinne svarar kort da eg spør om korfor ikkje ho og familien har flykta: Kor skal vi flykte?
Dei huslause på Gaza-stripa stiller same spørsmålet.


Dette er litt av det eg såg:
■ Tyrkia har bomba eit bakeri som 200 familiar var avhengige av. Etter forsøk på reparasjon kom bombeflya ein gong til.
■ Tyrkia øydela samtidig eit pumpetårn for drikkevatn. 200 familiar vart utan vatn.
■ Ei mølle som leverte mjøl til matlaging, var knust. Reparasjon krev reservedelar som må kjøpast inn i strid med dei FN-vedtatte sanksjonane. Dei tre som arbeider på åkeren ikkje så langt frå mølla, arbeider som før: – Kva anna kan vi gjere, spør den eldste.
■ Det er midt på føremiddagen da vi møter ein flokk smågutar i ei av gatene. Eg spør korfor dei ikkje er på skolen. – Eg går ikkje på skolen, svarar ein tolvåring. – Skolen min er bomba.
■ Vi er innom tre skolar. Bygningane er ikkje knuste, men det som står igjen, er ubrukeleg som skole.
■ Eit kommunalt kontorbygg er òg bomba. Ein vasstank som kommunen brukte for å køyre ut drikkevatn til folk, er sprengt i filler. Treffsikker bombing.
■ Ein klinikk for bydelen hadde fått same medfart. Alt er knust.
■ Fordi Tyrkia øydela straumforsyninga for lenge sidan, skaffar mange seg straum med generator. Fleire familiar har gjerne ein på deling. Eg mistar teljinga på dei øydelagde generatorane vi køyrer forbi. Presis bombing her òg. Generatoren var målet, ikkje husa nokre meter unna. Omvisaren fortel at droneoperatørane først detaljfotograferer områda som skal bombast. Tyrkisk droneproduksjon er i verdstoppen. Kampane som kosta fem soldatliv for to dagar sidan, var «vanleg» krig mellom okkupant- og forsvarsstyrkar.
Det eg ser i denne vesle bydelen, er noko anna. Her er det ingen militære innretningar.
Dei tyrkiske åtaka eg såg resultata av, var retta mot sivile mål.

– Eg går ikkje på skole. Skolen min er bomba, seier denne 12-åringen i Z’rgan. Tyrkiske bomber har øydelagt dei tre skolene i bydelen hans. Foto: Erling Folkvord

FLEIRE KRIGAR
I desse to vekene har eg sett ein av krigane i Midtausten på nært hald. Ein av dei andre krigane i Midtausten går føre seg på palestinsk jord. For president Erdoğan handlar krigen i Syria om å skape ein fredskorridor på syrisk territorium. Korridoren skal i første omgang vere minst 30 kilometer brei og strekke seg frå Middelhavet til grensa mot Irak. Han har berre så vidt begynt. Dei eg har møtt i Nord-Syria, seier at Erdoğan vil utvide Tyrkia og øydelegge det nye demokratiet dei har skapt.

President Erdodan viser hovudforsamlinga i FN 24. september 2019 eit kart der eit 30 km breitt belte han ønskjer å okkupere i Syria, er markert. Ein «fredskorridor», som han kalla det. 15 dagar seinare tok den tredje invasjonen i Nord-Syria til.



FORTSATT FRYKT FOR INVASJON

Tyrkia får fritt bombe Nord-Syria når all oppmerksomhet er rettet mot Gaza, sier kurderleder.

Av: Peter M. Johansen, Brussel

Artikkelen er hentet fra Klassekampen, publisert den 14. desember

TYRKISKE ANGREP
Tyrkia har okkupert deler av Nord-Syria i tre offensiver siden 2016 og truer med en fjerde bakkeinvasjon.
Operasjon Eufrats skjold i al-Bab, fra 24. august 2016.
Operasjon Olivenkvist i Afrin og Manbij, fra 9. august 2018.
Operasjon Vårfred i Aleppo, Hasakah og Raqqa i oktober 2019.
Omfattende drone- og flybombing i Rojava i november 2022.

Siden september har Tyrkia intensivert sine fly- og droneangrep mot de kurdisk-dominerte områdene nord i Syria. President Recep Tayyip Erdogan har gjentatte ganger varslet om nye innrykk på bakken i områdene som styres av den autonome administrasjonen for Nord- og Øst-Syria, forkortet til AANES.

Etter Gaza-krigen, hvor Erdogan har engasjert seg voldsomt verbalt og brutt normaliseringsprosessen med Israel, har situasjonen i Nord-Syria gått fullstendig under radaren.

Erdogan har god trening i å manøvrere i geopolitiske­ gråsoner. Han har i mange­ år presset EU gjennom flyktning­avtalen, han presser Sverige i spørsmålet om Nato-medlemskap, og han manøvrerer mellom USA og Russland. Hans plassering av Tyrkia på det internasjonale kartet fôret en stortyrkisk nasjonalpatos, og var høyst sannsynlig årsaken til at han vant valget i mai.

Bomber Rojava-modellen

Asya Abdullah er en av lederne av det kurdiske Demokratisk enhetsparti (PYD) – i et toleder-system som blir praktisert i alle ledd av den politiske modellen som gjelder i det autonome området. Klassekampen møter henne under den attende Tyrkia/EU- og Midtøsten-konferansen i EU-parlamentet i Brussel.

– Frykter dere for at de regionale konfliktene som nå utspiller seg, vil få ringvirkninger for forholdene i de kurdisk-dominerte områdene i Syria?

– De siste tyrkiske angrepene har rammet økonomien vår hardt. De vil ikke bare ødelegge infrastruktur og folks daglige liv. Tyrkia er ute etter å skape nye strømmer med flyktninger og demografiske endringer i områdene de okkuperer, sier Abdullah.

Til daglig oppholder hun seg i de kurdisk-dominerte områdene i Syria, som kalles Rojava. Hun anslår at om lag halvparten av økonomien er rammet av angrepene, som også krever to–tre liv nesten hver dag.

– De bomber oss fordi vi fortsett er der. Bokstavelig talt 24 timer i døgnet. De angriper våre institusjoner, den modellen som kan være løsningen for et framtidig Syria.

Demografisk rulett

Tyrkia har hatt planer om å bosette en million syrere i regionen. Det har lenge vært stille om det, men det pågår fortsatt, forteller Asya Abdullah.

– Det skjer i to faser: Det blir opprettet nye landsbyer eller at gamle landsbyer blir utvidet. Og det skjer ved at familier blir sendt inn over grensa fra Tyrkia. Antallet øker for hver dag.

– Hva med opplysningen om at Tyrkia plasserer palestinere som har bodd i flyktningleirer i Syria, i det okkuperte Afrin i Syria med hjelp av penger fra Qatar?

Det er tydelig at Asya Abdallah blir berørt av spørsmålet, og hun kvier seg for å svare. Situasjonen i Palestina hviler tungt over bordet i det mesopotamiske kultursenteret som deler hus med AANES i Brussel.

– Jeg kan ikke bekrefte det, sier hun.

Men det fins en stiplet linje mellom Tyrkia og Qatar og Hamas og Det muslimske brorskapet.

– Det som teller, er at de som kommer til Afrin, ikke er fra Afrin, men driver de fra Afrin ut. De som kontrollerer Afrin i dag, er jihadister som Tyrkia har satt inn ved hjelp av Syrias nasjonale hær (SNA), sier hun og legger til:

– Det er de som tjener på det. Det er ikke palestinernes feil. Det fins ikke problemer mellom palestinere og kurdere; vi er brødre og søstre. Det er Erdogans politikk som skaper problemene.

Åpner for IS

Asya Abdallah kommer med en advarsel: De konstante tyrkiske angrepene åpner rom og skaper muligheter for Den islamske staten (IS) til å komme tilbake. Angrepene rammer Syrias demokratiske styrker (SDF), den væpnede militsen som utgjør forsvaret av det autonome området i Syria.

– Når Tyrkia bomber, følger IS opp med aksjoner. Uten tyrkiske angrep hindrer våre sikkerhetsstyrker at IS er aktive. Men Tyrkias bombing gjør at kontrollen vi har med IS, svekkes, sier Abdallah.

Tyrkias bombinger er i interessene til Assad-regimet i Damaskus og Irans og iranskstøttede sjiamilitser, mener PYD-lederen.

– Deres strategi har hele tida vært å skape konflikter mellom SDF og lokale klaner i Deir az-Zur og mellom kurdere og arabere og andre minoriteter.

«Tyrkias bombing gjør at kontrollen vi har med IS, svekkes.»— ASYA ABDULLAH, PYD

Det autonome området i Syria dekker om lag fem millioner mennesker.

Interessespillet

– Sverige har innstilt støtta til Rojava. Har dragkampen mellom Tyrkia og Nato om Sveriges medlemskap påvirket andre lands holdning til det autonome området og SDF?

– Krigen i Ukraina angår ikke oss. Vi respekterer at Sverige vil bli medlem av Nato. Det er deres politikk. Og det gjelder for andre land også. De har alle sine interesser; det handler ikke om oss, sier Abdallah og legger til:

– Men Sverige og andre land kan opptre annerledes og bedre. Når Tyrkia er ferdig med Sverige, vil de forsøke å legge press på andre. Dette er vi godt kjent med. Så ja, vi er overrasket.

Stormaktspolitikk

Forhandlingene har ikke ført fram. Kurderne har aldri fått plass ved bordet der det snakkes om Syria, verken i FN-regi i Genève eller i Kasakhstan.

– Alle går sammen om å beseire oss, og de lager avtaler som retter seg mot oss ut fra deres ulike interesser, konstaterer Asya Abdullah.

Det samme gjelder i høyeste grad USA, mener hun.

– Det er vi fullstendig klar over. USA handler ut fra sine interesser og strategi – og det vil de fortsatt gjøre. Tyrkia finner sin rolle innenfor den rådende situasjonen. USA sier at de er mot de tyrkiske angrepene, men bare å si det, er ikke nok.

– Har Russland røde linjer overfor Tyrkia?

– Bare når det gjelder de russiske basene i Syria.

Ber om løsninger i Midtøsten

Det kurdisk-tyrkiske partiet i Tyrkia ber om en helhetlig fredsløsning for hele Midtøsten

Peter M. Johansen, Rivas-Vaciamadrid

Publisert i Klassekampen 23. nov.

KURDISK KABAL

  • Partiet for folkenes likhet og demokrati (Hedep) fra 15. oktober. Avløste Folkenes demokratiske parti (HDP).
  • Den nye partiet er nummer sju i rekka av seks tidligere partier som alle er blitt terrorstemplet i Tyrkia.
  • I valget i Tyrkia i år vant sittende president Recep Tayyip Erdogan valget med 52,14 prosent av stemmene.
  • Det gir Erdogan fem nye år som president. Han har vært landets leder i to tiår, som statsminister og president.

Eda Guzdun er Europa-representant i Brussel for det nye kurdiske Partiet for folkenes likhet og demokrati (Hedep). Partiet oppsto da forløperen, kurdiske HDP, ble truet av tyrkiske myndigheter. Guzdun mener løsningen for utsatte folk i Midtøsten må ses i sammenheng.

– Gir den internasjonale oppmerksomheten om Gaza og Palestina forhåpninger om større fokus på Kurdistan etter hvert?

– Hva vi trenger i Midtøsten, er nye tankesett for hvordan vi skal forstå konflikter og hvordan løse dem ut fra nye perspektiver. Det fins sterke demokratiske og progressive krefter i regionen som vil ha fred og demokratiske løsninger på konflikter som har historiske røtter i Kurdistan, i Palestina og blant andre grupper, som assyrere, alawitter og yesidier, sier Guzdun.

Viktigere enn noen gang

Klassekampen møter henne under European Left Forum utenfor Madrid. Guzdur mener landene i Midtøsten må finne nye modeller som er inkluderende og bygger på større aksept og respekt for forskjeller i regionen.

Hun mener en slik modell er demokratisk konføderalisme . Dette er navnet på den politiske filosofien til den fengslede PKK-lederen Abdullah Öcalan, som praktiseres av den autonome administrasjonen i Nord- og Øst-Syria (Aanes).

– Vi får ikke glemme at det kurdiske spørsmålet er like aktuelt, og at stormakter som Tyrkia nå utnytter situasjonen til å angripe modellen i Nord- og Øst-Syria militært. Det er viktigere enn noen gang med internasjonal solidaritet og å motvirke Tyrkias eskalering av krigen.

Guzdur sier parallellen er storskalakrig og at det ikke er snakk om å gå til røttene i konflikter og finne alternativer.

– Jeg vil derfor at konfliktene blir sett i sammenheng for å finne felles løsninger til fordel for regionen, hvor det fins en mosaikk av folk og kulturer, sier hun.

Kobanê-prosessen

Det nye partiet hennes, Hedep, avløser Folkenes demokratiske parti (HPD).

– Vi sto i en situasjon der HPD sto i fare for å bli forbudt av domstolene. President Recep Erdogan vil ramme vår politiske virksomhet. Ledelsen i HDP har sittet fengslet lenge. Våre parlamentarikere blir arrestert, og ordførere blir avsatt og erstattet av regjeringsutnevnte, sier Guzdur.

De arresterte og tiltalte HDP-representantene blir koplet til Kobanê-rettssaken som ble satt i gang mot HDP, tiltalt for å være ansvarlig for at 37 mennesker ble drept under protestene i kurdiske områder i Tyrkia i oktober 2014.

Demonstrasjonene fant sted mens Den islamske staten (IS) beleiret grensebyen Kobanê i Syria. Situasjonen var desperat for kurderne, og Tyrkia stengte grensa for å hindre kurdere i Tyrkia å slutte seg til motstanden fra kurdermilitsene Folkets/Kvinnens forsvarsstyrker (YPG/YPJ). Det svarte IS-flagget var godt synlig fra tyrkisk side. HDP krevde støtte fra Nato-landet Tyrkia i kampen mot IS. Ankara hevdet at HDP fremmet kravet på vegne av PKK.

Demonstrasjonene ble møtt med fysiske angrep fra det kurdisk-islamistiske Hür Dava Partisi. HDP krevde gransking i nasjonalforsamlingen. De ble i stedet anklaget for å krenke Tyrkias «enhet og territoriale integritet» i tiltalen som ble lagt fram i desember 2020.

Rettsprosessen, Kobani davasi , startet i april 2021, og forbudet hang som et sverd over HDP fram mot valget i mai i år.

Guzdur understreker at rettssaken har stor symbolsk betydning.

– Kobanê-rettssaken avgjør HDPs eksistens. Den er politisk og handler i virkeligheten om demokratiske krefter i kampen mot et totalitært regime, sier hun.

Historiske paralleller

Eda Guzdun er ikke den første politikeren i Midtøsten som tar til orde for å se regionens konflikter under ett. De internasjonale reaksjonene på Israels krig i Gaza bringer tankene tilbake til Golfkrigen i 1990–91. Irak invaderte Kuwait 2. august 1990 og erklærte Kuwait som Iraks 19. provins.

USA og enkelte allierte invaderte 17. januar 1991 og kastet irakiske styrker ut av Kuwait. Før USAs invasjon foreslo Yasser Arafat, som ledet den palestinske frigjøringsorganisasjonen PLO, å se konfliktene i Midtøsten under ett. Det førte til at han ble brennmerket som medløper for Iraks statssjef Saddam Hussein.

Arafat fikk likevel gjennomslag. USA måtte følge opp sine løfter overfor arabiske land. Umiddelbart etter krigen kom Madrid-konferansen med forhandlinger mellom Israel og PLO, og Syria deltok for å ta opp de annekterte Golanhøydene. I 1993 ble Oslo-avtalen inngått – med PLO på USAs terrorliste, der PLO fortsatt er oppført «med unntak» som Kongressen innvilget i 1993.

Kurdiske partier i Tyrkia, som Guzduns Hedep, vet alt om trusselen for å bli terrorstemplet. Det gjelder Kurdistans arbeiderparti (PKK), som andre parlamentariske partier blir lenket til før de blir forbudt.

Kurdiske stemmer

I vår vant Tyrkias sittende president, Recep Tayuip Erdogan, valget mot utfordreren Kemal Kiliçdaroglu.

– Hvordan ble valget i mai oppsummert?

– Valget viser klart og tydelig at kurdiske velgere stemte på Kemal Kiliçdaroglu ut fra vårt ståsted om demokrati, fred og frihet.

Kiliçdaroglu var presidentkandidaten til det kemalistiske Republikansk folkeparti (CHP). Han fikk flest stemmer i de kurdiske områdene i øst og langs hele middelhavskysten, med de store byene med høy andel kurdiske innbyggere: Istanbul, Izmir, Adana. Erdogan tok innlandsregionene og hele kysten mot Svartehavet.

Guzdur peker på at Kiliçdaroglu endret retorikk gjennom valget, «fra demokrati og likestilling til mer aggressiv og militaristisk politikk». Erdogan har dessuten festet sterkt grep om alle statsinstitusjoner gjennom tjue år, påpeker hun.

Navneskiftet til Guzduns parti har ikke endret noe på bakken. Arrestasjonene fortsetter. 28. oktober kom turen til Naif Bulğa, landsstyremedlem i Hedep fra Mersin, og Mazlum Kaya, leder for Hedep Ungdom i den kurdiske middelhavsbyen.

Hedep varsler ny linje ved lokalvalget i mars.

– En politikk som bare er basert på å sikre andres nederlag, er ikke nok for oss. Vi bestreber oss på å styre sammen, sa Hedeps kvinnelige medleder Tulay Hatimogullari i Erbil i Nord-Irak søndag.

Besøk i ein småby som NATO er i krig med

Reisebrev frå Nord- og Aust Syria

Av Erling Folkvord 24.11.2023

Eg er tilbake på hotellrommet mitt i Qamishlo, eit triveleg 8-dollars krypinn som har det mest eg har bruk for. Og ein utmerka kafe vegg i vegg med te og nystekt brød.  Til og med på fredagen serverte dei nystekte brød før klokka ni.

Eg har ønskt meg å kome til den vesle byen Z’rgan som ligg inntil det området Tyrkia okkuperer. Har vori der to gonger før. Frontlinja er ikkje ein rett strek. Der avstanden er kortast, er det berre 600 meter frå husa i byen og bortover til det okkuperte området.

Onsdag fekk vi avslag på ønsket om å reise dit, fordi det var kamphandlingar. Men i dag var det annleis.  Vi fekk detaljert beskriving av onsdagen. 15 tyrkiske køyrety med soldatar hadde vori på veg mot frontlinja, og skulle nok rykke inn i byen.  Forsvarsstyrken på kurdisk side var så godt budd at dei stansa det tyrkiske åtaket før dei kryssa frontlinja.

5 soldatar døydde. 3 frå den regulære tyrkiske hæren. 2 var leigesoldatar. 1 leigesoldat vart skada. Ein YPG-offiser (Folkets forsvarsstyrkar) fekk ein hovudskade. 

Dei som fortalde om dette sa dei var budd på ein hemnaksjon frå Tyrkia og at den kunne godt bli retta mot sivile. Da tyrkiske køyrety vart observert nær frontlinja, vart rundturen vår utsett. Etter ein dryg halvtime kunne vi starte. Ein kjentmann vart med i bilen.

Med rundt 10 stopp og turar rundt i landskapet ga han oss ei samanfatning av det krigen i Z’rgan har handla om denne hausten:

Tyrkia bomba eit bakeri som 200 familiar var avhengig av.  Etter forsøk på reparasjon bomba dei på nytt.

Foto: Hawar News Agency

Samtidig øydela Tyrkia ein vasspumpestasjon. Dermed vart 200 familiar utan vatn.

Ei mølle som «produserte» frø eller små korn til matlaging, vart og knust. Skal dei reparere eller erstatte mølla, trengst det innkjøp tvers gjennom dei FN-vedtatte sanksjonane. Og så er det risiko for at Tyrkia bombar på nytt.

Vi var innom tre skolar som var bomba. Det som når står der, er ubrukbart som skole. Same framgangsmåte på alle tre. Da eg spurde ein 12-åring om han går på skolen, svara han nei. – Skolen min er bomba, sa han.

Eit kommunalt kontorbygg var også bomba. Ein vasstank som kommunen brukte for å køyre ut drikkevatn til folk, var sprengt i filler.

Mange generatorar var bomba i filler. Det er til dels snakk om nokså presis bombing. Guiden vår fortalte at Tyrkia bruker droner til å detaljfotografere områda som skal bombast.

Ein klinikk for bydelen hadde fått same medfart. Alt var knust.

Alt i alt er dette ein krig for å gjere det umuleg å leve i Z’rgan. Tyrkia øydelegg den type samfunnsfunksjonar du treng for å overleve og for at lokalsamfunnet skal funke. Og for at ungane dine skal få skulegang og helsehjelp når det treng det.

Men ein del folk blir verande. Ei kvinne svara kort da vi spurde om korfor ikkje ho og familien flykta: Kor skal vi flykte?  Det same spørsmålet som hundretusentals på Gaza har stilt.

Presidentane i Israel og Tyrkia har i stor grad same krigsmål: Fordrive befolkninga for å rydde nytt land for sin egen stat. Men Israel gjer det raskare og med tusentals døde veke for veke.

Tyrkia og leigesoldatane drep og lemlestar mange. Slik som to kvinner i Z’rgan som fekk skotne vekk beina medan dei plukka bomull. Men her er nok drap og lemlesting av sivile, først og fremst ein metode for å fordrive dei som bur og lever her.

Det handlar ikkje om at nokre sivile blir drepne fordi dei er nær eit militært mål. Da er det lovleg etter det som heiter krigens folkerett. Men her i Z’rgan er alt berre retta mot sivile.

Da er det krigsbrotsverk.

Feiring av ‘World Kobane Day’

Solidaritet med Kurdistan og selvstyremyndighetene i Nord- og Øst-Syria holdte et arrangement den 1. november for å markere frigjøringen av Kobane og den internasjonale solidariteten rundt kampen mot IS.

Vi ønsket å markere dagen her i Norge, for å minne om hvordan hele verden sto i mot IS sin terrorisme både i Kobane og andre steder i Midtøsten. Det var i Kobane hvor IS ble nedkjempet, hvor man startet prosessen som til slutt frigjorde hele Syria og Irak fra den brutale terrororganisasjonen.

Dette feiret vi med med foredrag og kulturell innslag i KDS sine lokaler i Oslo.

Ingen beskrivelse er tilgjengelig.Forhåndsvisning av bilde

Norske myndigheter tier når Tyrkia bryter folkeretten

Uttalelse – Landsstyremøte i Solkurd 22.10.23

Det er dessverre ikke noe nytt at norske myndigheter tier når Tyrkia okkuperer stadig mer av Nord Syria og fortsetter militære angrep mot sjølstyremyndigheter, sivil infrastruktur og sivile i Nord og Øst Syria. Tyrkia er også garantisten militært og økonomisk for de islamist-kontrollerte opprørsgruppene i Idlib provinsen.

I Nord og Øst Syria (NØS) arbeider myndighetene for å utvikle et moderne demokrati der de ulike religionene og folkegruppene samarbeider, i stedet for å settes opp mot hverandre.

Denne utviklinga motarbeides av mange krefter. Hverken USA eller Russland er trygge allierte. USA undergraver samholdet i NØS ved å ha direktekontakt med arabiske stammer som er splitta i sin lojalitet og sitt forhold til det nye demokratiet og kvinnefrigjøringa. USA prøver også å påtvinge myndighetene en allianse med det konservative Barzani-regimet som samarbeider med Tyrkia mot PKK og PJAK. USA kan når som helst trekke sine 800 soldater ut av NØS og overlate arenaen til det halv-fascistiske Tyrkiske ekspansjonistiske regimet. Russland støtter Assad-regimet og går gjerne sammen med Assad for å knuse det unge demokrati-forsøket. Iran er en sentral støttespiller for Assad og er en motpart for NØS. Assad-regimet er livredd noe form for demokratisering, da det vil bety slutten for regimet. De udemokratiske nabostatene er livredde for at NØS kan utvikle seg til et velfungerende demokrati med likestilling. Det vil true deres maktgrunnlag. Det kurdiske halvføydale Barzani-regimet frykter også en demokratisering.

Denne situasjonen svekker arbeidet for å utvikle demokratiet, kvinnefrigjøringa og økonomien i NØS. Levestandarden har sunket, her som i resten av Syria. De omfattende blokadene og angrepene mot NØS blokkerer for et normalt fungerende samfunn.

Men verst av alt er den tyrkiske okkupasjonen og de stadige tyrkiske angrepene. Terroriseringa av befolkningen i de okkuperte områdene og i nærheten av den tyrkiske grensa er kontinuerlig. På den måten drives folk vekk fra grenseområdene og dette vil i framtida gjøre det lettere for Tyrkia å besette dette. Samtidig gjennomføres etnisk rensning i de okkuperte områdene.

Norske myndigheter tier når Nato-landet Tyrkia så brutalt bryter internasjonale konvensjoner og menneskerettigheter og dreper hundrevis av sivile. Dette er ikke i interessene til vanlige folk i Norge, som vil tjene på at demokratiet og kvinnefrigjøringa styrker seg i Midtøsten og at Tyrkia blir isolert så lenge det går fram slik det nå gjør. Solkurd vil fortsette arbeidet for å utvikle opinionen til støtte for NØS og mot den tyrkiske aggresjonen.

Gaza – Folkerett og folkemord

Uttalelse – Landsstyremøte i Solkurd 22.10.23

Israel og USA/NATO står i dag sammen om «Den Nye Folkeretten»: «øye for øye, tann for tann», også kaldt «Den Sterkestes Rett». Det vi i vår naivitet trodde var folkerett: ivaretaking og skjerming av sivile, kvinner og barn, sykehus, skoler, helseklinikker og ambulansetjenester i krig, ser ut til å være et tilbakelagt kapittel. Folkerettens regler som stempler Russlands angrep på sivile og sivil infrastruktur i Ukraina som krigsforbrytelser gjelder ikke lenger. Når forbryteren er en av «våre egne», nå Israel, rettferdiggjøres ny urett: Israels bombing av 2,3 millioner mennesker (50% barn) innesperra i sitt utendørsfengsel i Gaza er kampen mot det onde – les Hamas. Og barna vil jo uansett vokse opp til å bli Hamas-krigere.

Hamas åpenbare krigsforbrytelser: planlagte drap på, og kidnapping av sivile under angrepet i Israel 7.oktober, er nå blitt begrunnelsen for kollektiv avstraffing, bombing og drap på ei heil befolkning. Det som i Vestens media kalles «evakuering» er ei fordriving og etnisk rensing av den samme befolkninga. Mens fordrivinga foregår bombes flyktninger og veier og grenseoverganger. Dette har palestinerne opplevd før.

70% av Gazas befolkning er etterkommere og overlevende etter Israels fordriving av 2/3 av Palestinas befolkning i 1948 (opprettinga av staten Israel) og 1967 (okkupasjonen av Gaza, Vestbredden og Golan). Det kollektive minnet til palestinerne er traumatisk og sterkt. Israels politikk og praksis har ikke forandra seg, men er tvert imot intensivert. Nå kan det se ut til at resten av palestinerne skal drepes eller fordrives, enten til Egypt eller Jordan, koste hva det koste vil.

Frigjøringskamp mot militær okkupasjon, invasjon, etnisk fordriving og folkemord er legitim og beskytta av folkeretten. Det er ikke drap på og kidnapping av sivile, verken i regi av okkupant eller frigjøringsbevegelse. Derfor må Israels og Hamas/Islamsk Jihads krigsforbrytelser etterforskes og straffes (i den internasjonale straffedomstolen – ICC).

Den 75 år gamle undertrykkelsen av det palestinske folket med etnisk rensing, okkupasjon og annektering, og kolonisering av de samme områdene har uavbrutt fått foregå uten at Israel er blitt holdt ansvarlig for brudd på folkerett, humanitærrett, menneskerettigheter og FN-vedtak. Dette må nå ta slutt!

Solidaritet med Kurdistan støtter palestinernes over 100 år lange kamp for nasjonale og demokratiske rettigheter i sitt eget land – Palestina.

Vi tar avstand fra alle krigsforbrytelser, brudd på folkerett, humanitærrett og menneskerettigheter.

Vi fordømmer Israels kollektive avstraffelse av palestinerne. Blokaden av Gaza må oppheves øyeblikkelig. Den ulovlige okkupasjonen av Vestbredden og Gaza må opphøre, og de ulovlige bosettingene på palestinsk land må avvikles. De palestinske flyktningenes rett til å vende hjem må ivaretas. Den norske regjeringa må ta initiativ til at folkeretten skal gjelde i alle kriger.

Støtter regjeringa Tyrkias krigsmetoder i Syria?

Til regjeringa v/utenriksminister Espen Barth Eide

Flere steder i Nord og Øst Syria bruker de tyrkiske okkupasjonsstyrkene de samme krigsmetodene som Israel bruker i  Palestina:  Bombing av skoler, vann- og elektrisitetsforsyning, sykehus, helsestasjoner og annen samfunnsmessig infrastruktur. Selv om antallet døde og skadde sivile er lavere i Syria enn i Palestina, angriper også Tyrkia sivile mål i strid med krigens folkerett.

Ett eksempel:  8. oktober bomba Tyrkia utdanningssenteret til Narkotika-politiet like utafor byen Derik: 29 drepte og 28 skadde.

Hittil har regjeringen støttet de tre tyrkiske invasjonene i Syria og hver gang bare henvist til at regjeringa mener at Tyrkia bruker sin rett til forsvar. Solidaritet med Kurdistans spørsmål er:

  1. Støtter regjeringa også Tyrkias angrep på sivile mål i Syria?
  2. Viss ikke, vil regjeringa da overlevere en protest til Tyrkias ambassadør i Norge og kreve at Tyrkia respekterer krigens folkerett?

På vegne av landsstyret i Solidaritet med Kurdistan
Truls Offerdal 

Årets konferansen i EUTCC i Brussel blir 6-7. desember

 Bilde: Per Pedersen i Solkurd – fra EUTCC konferansen i 2020

Sekretariater i EUTCC, ved Dersim Dagdeviren, opplyser at årets konferanse i EU-Parlamentet i Brussel skal avholdes 6-7.desember.

Flere i vårt miljø har dratt dit gjentagne ganger, da representanter fra hele Kurdistan og solidaritetsmiljøet i hele verden, særskilt fra Europa, pleier å samles til et 2 dagers treff der. EU parlamentets hovedansvarlige for forholdet mellom EU og Tyrkia er også til stede og avgir en rapport, og siden både de rødgrønne fraksjonene, samt de sosialdemokratiske, i Parlamentet er med på å sikre blest om konferansen ved å skaffe den plass i parlamentsbygningen, får den ekstra oppmerksomhet og betydning. Og sjølsagt er den lærerik for de som deltar der.

Solkurd pleier ikke å dekke reisekostnader til konferansen, men enkelte som drar dit på vegne av partier og andre organisasjoner har søkt om, og fått reisebidrag slik. LS i Solkurd bestemte på siste møtet at yngre medlemmer, eller andre med begrensa økonomisk bæreevne, som ønsker å engasjere seg sterkere i solidaritetsarbeidet, kan søke om tilskudd til sine reiseutgifter.

Søknader sendes til Arbeidsutvalget, solidaritetmedkurdistan@gmail.com innen 23.november.

Informasjon om programmet til konferansen vil du finne på deres nettside http://www.eutcc.net

For Arbeidsutvalget

Arnljot Ask, 24.oktober 2023

En seier for kvinner

Etter mange tilbakeslag var fredsprisen en viktig vitamininnsprøyting for våre medsøstre i Iran

Av: Asta B. Håland (Kvinnegruppa Ottar)

Innlegget ble først publisert i Klassekampen 20. okt.

Illustrasjon: Knut Løvås, Knutlvas@gmail.com

Fredag 6. oktober var kontrastenes dag for oss som er opptatt av kvinnekamp og kvinneorganisering.

Klokka ni la regjeringen fram sitt forslag til statsbudsjett for 2024. Som vanlig var det ingenting stort å glede seg over for den norske kvinnebevegelsen. Mens andre sosiale bevegelser får finansiering til å lønne flere hele stillinger og jobbe aktivt med påvirkningsarbeid, har norske kvinneorganisasjoner knapt råd til husleie og en deltidsstilling. Forventningene var derfor ikke høye i forkant, men de ble iallfall innfridd: I 2024 har potten som deles av 38 ulike prosjekter og organisasjoner økt med skarve fire millioner. Kvinnekamp og likestillingsarbeid er fortsatt en salderingspost.

Men allerede klokka elleve reiste den norske nobelkomiteen kjerringa og klinka til med en fredspris som hedrer kvinnekampen i Iran, og som anerkjenner kontroll og undertrykking av kvinner som menneskerettighetsbrudd. Fredsprisen, som i år går til Narges Mohammadi for hennes «kamp mot undertrykking av kvinner i Iran og for menneskerettigheter og frihet», er en betimelig påminnelse om at kvinners rettigheter ikke kan krenkes uten kamp. At kvinnenes situasjon i Iran og Kurdistan igjen får verdens søkelys, er viktig. Ikke bare for de som deltar i demonstrasjonene eller sitter i fengsel der, men for kvinner over hele verden. Kanskje kjenner de det litt også, kvinnene i Afghanistan, som verden ser ut til å ha glemt? For overgrep og undertrykking av kvinner har så altfor lett for både å bli glemt og bagatellisert i alle land.

Iranske kvinner har flere problemer enn prestestyret, moralpoliti og revolusjonsgarden. Blant historier om syreangrep på jenter på skolene, tusener i fengsel og utbredt tortur, finner jeg også opplysninger om at 60 prosent av studentene på universitetene i Iran er kvinner, og at få av dem har godt betalte jobber etterpå. Iranske kvinneorganisasjoner har i flere tiår slåss for å få lover mot kjønnsbasert vold, spesielt tvangsekteskap og barneekteskap.

Kvinner i Iran utsettes for mishandling, voldtekt, drap og prostitusjon, i tillegg er æresdrap utbredt i hele landet. «Femicide» er den internasjonale kvinnebevegelsens betegnelse på kjønnsbasert drap på kvinner, et globalt problem som påvirker livene til én av tre kvinner. Ifølge FN er femicide forankret i kjønnsulikhet, maktmisbruk og skadelige normer.

Jin, jiyan, azadî – Kvinne, liv, frihet – har blitt ropt i demonstrasjoner over hele verden. Et kurdisk slagord som spredte seg etter at iranskkurdiske Jina Mahsa Amini i fjor høst ble drept av det iranske moralpolitiet for å ikke bruke hijaben på forskriftsmessig måte. Demonstrantene holdt ut lenge. Opposisjonen vokste og var i stor grad ledet av unge kvinner, i hovedsak elever og studenter. Men demonstrasjonene har minsket i intensitet og styrke de siste månedene.

Imens skrur myndighetene opp flere «smarte» kameraer, som skal identifisere kvinner som går på gata uten hijab. Iran er et av landene i verden som henretter flest. Det skal lite til for å dømmes til lange fengselsstraffer, som fredsprisvinneren Narges Mohammadi, som har vært fengslet 13 ganger for å snakke om kvinners rettigheter. Det blir rapportert om tortur, drap, voldtekter og seksuell vold i iranske fengsler. Og optimismen som preget fjoråret og deler av våren, er på vikende front både i Iran, Kurdistan og i diasporaen.

Motkreftene er sterke, imperialistiske, fundamentalistiske og koordinerte. Kurderne i Irak, Syria og Tyrkia tar Erdoğans regjering seg av: Tyrkiske fly bomber i de kurdiske områdene i alle disse landene, uten å gjøre større inntrykk på mediene i vestlige land. Men tyrkiske fly trenger ikke å bombe de iranske kurderne. Myndighetene i Iran har slått knallhardt tilbake og revolusjonsgarden har arrestert titusener av mennesker.

For kvinnene som står i denne kampen i Iran og andre land i området, er fredsprisen til Narges Mohammadi en viktig oppmuntring, et tegn på at verdenssamfunnet bryr seg om kvinners liv og frihet. I Norge drepes også kvinner av sine partnere og andre mannlige familiemedlemmer, vi kan voldtas nærmest straffritt, og norske menn misbruker fattige og utsatte kvinner gjennom porno og prostitusjon. Men i desember gleder vi oss til å hedre fredsprisvinneren i fakkeltoget og til å vise solidaritet med våre kjempende medsøstre. Fordi kvinnekampen er global og kvinnesolidariteten internasjonal.